Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kvifor ikkje representantar for grunneigarane og dei med bruksrettar er med i _nasjonalparkstyret for Skarvan og Roltdalen nasjonalpark_, og kva statsråden vil gjere for å rette opp dette
Datert: 11.04.2013
Besvart: 17.04.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H): I februar 2013 oppnemnde Miljøverndepartementet medlemar i nasjonalparkstyret for Skarvan og Roltdalen nasjonalpark. I styret er ordførarane frå dei fire kommunane, to representantar for fylkestinga og tre representantar for Sametinget. Det er ingen representantar for grunneigarane eller dei som har bruksrettar i dette området. Dette vitnar om mangel på respekt for privat eigedomsrett.
Kvifor er ikkje grunneigarane og dei med bruksrettar med i nasjonalparkstyret, og kva vil statsråden gjere for å rette opp dette?