Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å syte for at det vert sett av midlar t.d. til eit nytt fond, slik at berørte kommunar og etatar raskt og ubyråkratisk er sikra den økonomiske støtta dei treng for å _byggje opp att lokalsamfunna etter flaum og andre naturøydeleggingar_
Datert: 30.10.2014
Rette vedkommende: Olje- og energiministeren
Besvart: 05.11.2014 av olje- og energiminister Tord Lien

Liv Signe Navarsete (Sp): Dei siste dagane har me sett at flaum nok ein gong har gjort store øydeleggingar i fleire kommunar. Kommunar som i utgangspunktet har vanskeleg økonomi, fortvilar og er usikre på korleis dei skal makte dei ekstra kostnadene.
Vil regjeringa syte for at det vert sett av midlar over statsbudsjettet, t.d. til eit nytt fond, slik at berørte kommunar og etatar raskt og ubyråkratisk er sikra den økonomiske støtta dei treng for å byggje opp att lokalsamfunna etter flaum og andre naturøydeleggingar?