Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden kan garantere at den _akuttmedisinske beredskapen blir ivareteken for innbyggjarane i Øvre Telemark_ med eit belegg på 100 prosent, sjølv om Legeforeninga meiner at høg beleggsprosent trugar pasienttryggleiken i norske sjukehus

Datert: 05.02.2015
Besvart: 11.02.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Sjukehuset Telemark HF budsjetterer ifølgje NRK Telemark 16. januar 2015 ressursbruken etter ca. 100 prosent belegg. Den anbefalte internasjonale grensa for forsvarlegheit er 85 prosent. Legeforeninga meiner at høg beleggsprosent trugar pasienttryggleiken i norske sjukehus. President Gjessing uttalar til Dagens Medisin 6. januar 2015 at dersom ein planlegg med beleggsprosent over 93 prosent, planlegg ein med forhøga dødelegheit.
Vil statsråden akseptere at Sjukehuset Telemark planlegg for 100 prosent belegg ved sine sjukehus?

Les hele debatten