Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kvifor arbeidsministeren set ideen om fleksibilitet i arbeidsmarknaden høgare enn _verkelegheita til arbeidstakarane som har behov for føreseielegheit og tryggleik_, når bemanningsselskapa skal få auka høve til å bruka mellombelse tilsetjingar og ikkje treng å forplikta seg til eit bestemt tal timar arbeid per veke
Datert: 08.11.2017
Besvart: 08.11.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til arbeidsministeren.
I valkampen brukte ho ord som «slavekontraktar» om arbeidsforholda i bemanningsbransjen. Valkampen er over, og me er tilbake i normal drift igjen. No seier arbeidsministeren at hennar foreløpige konklusjon er at bemanningsselskapa skal få auka høve til å bruka mellombelse tilsetjingar, og at dei heller ikkje treng å forplikta seg til eit bestemt tal timar arbeid per veke eller månad. Grunngjevinga som arbeidsministeren brukar, er at ein treng ein viss fleksibilitet i arbeidsmarknaden. Det kan ein vera einig i, men denne fleksibiliteten gjeld tydeleg ikkje dei tilsette. Dei har òg behov for å planleggja arbeidstid og fritid, skaffa seg bustadlån og ha tryggleik for arbeid og inntekt. Det er det ganske mange som ikkje har i dag. Mange av dei jobbar innanfor bygg og anlegg, mange av dei i Oslo-området. Innleigde er overrepresenterte på ulykkestatistikken, og veldig få av dei er organiserte. Me veit òg at det er få som søkjer seg til desse faga som lærlingar.
Me veit at når arbeidsfolk opplever utryggleig, gjer det noko heilt grunnleggjande med arbeidslivet vårt. Det er færre som torer å seia frå, det er færre som torer å organisera seg, det er færre som vil ha jobbar med denne typen arbeidsforhold. Så sjølv om arbeidsministeren har gått frå å snakka om slavekontraktar til å snakka om fleksibilitet, er verkelegheita likevel den same. Spørsmålet mitt er: Kvifor set arbeidsministeren denne ideen om fleksibilitet høgare enn verkelegheita til arbeidstakarane som har behov for føreseielegheit og tryggleik?