Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Om korleis det vil vere mogleg å sikre rimeleg energi til både industrien vår og det norske folket elles i framtida, når EU sine konkurransereglar forbyr Noreg å skjerme norsk industri, samstundes som me, ifølgje regjeringa sitt forslag, vil _gi EU makt over infrastrukturen som overfører norsk energi_

Datert: 06.12.2017
Besvart: 06.12.2017 av ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Marit Berger Røsland

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til EØS- og EU-ministeren.

Noreg er ein stor energinasjon. Gjennom å sikre norsk eigarskap og kontroll over nasjonen sine naturressursar, energien og viktig infrastruktur og forvalte dei klokt, har me bygt eit av verdas beste land å bu i. Noreg er ein avgjerande eksportør av energi til EU. Det er sjølvsagt attraktivt for EU å få meir kontroll over norsk energi og infrastrukturen som er knytt til den. Gjennom EU sitt energibyrå tar EU eit langt steg i retning av kontroll over infrastrukturen knytt til energioverføring – ikkje ved å eige, men gjennom å kontrollere.

Med planlagde eksportkablar for straum kan halvparten av norsk straum verte eksportert til EU i dag. I dag har me ein nordisk straummarknad med overskot av kraft, som gir låge prisar. Med fleire overføringskablar frå ein europeisk straummarknad – høge prisar.

No føreslår altså regjeringa å gi EU sitt energibyrå makt til å overvake og vedta reglar som sikrar at straumen flyt etter marknadsomsyn og etter EU sine ynske, ikkje våre eigne nasjonale omsyn. Korleis meiner statsråden det vil vere mogleg å sikre rimeleg energi til både industrien vår og det norske folket elles i framtida, når EU sine konkurransereglar forbyr Noreg å skjerme norsk industri, samstundes som me, ifølgje regjeringa sitt forslag, vil gi EU makt over infrastrukturen som overfører norsk energi?

Les hele debatten