Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden vil overføre kvotar frå havfiskeflåten til kystfiskeflåten
Datert: 21.10.2021
Besvart: 27.10.2021 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H): Dei siste åtte åra har vore svært gode for norske fiskeri. I Nationen den 20. august i år teiknar Arbeidarpartiet si fiskeripolitiske talskvinne Cecilie Myrseth eit anna bilde og påstår at det rår eit evinneleg kaos og ei uro langs kysten. Myrseth slår fast at Arbeidarpartiet vil styrke kystsamfunna ved å overføre ein større del av kvotane frå havfiskeflåten til kystfiskeflåten, og hevdar at havfiskeflåten og dei større kystreiarlaga for lenge har fått dominere fiskeripolitikken.
Vil statsråden overføre kvotar frå havfiskeflåten til kystfiskeflåten?