Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om korleis statsråden synest det går med framdrifta på Evenes, og om statsråden meiner at Evenes vil kunna bli ein fullgod base for dei maritime overvakingsflya våre
Datert: 01.12.2021
Besvart: 01.12.2021 av forsvarsminister Odd Roger Enoksen

Ingrid Fiskaa (SV): Spørsmålet mitt går òg til forsvarsministeren, og det gjeld flyplassen på Evenes. Evenes er frå før ei sivil lufthamn og skal no òg bli base for F-35 kampfly og dei nye maritime overvakingsflya, P-8. Dette krev store investeringar og bygging av ny infrastruktur på Evenes. Så er det meldt om ikkje ubetydelege problem, no sist med støy knytt til F-35, men særleg når det gjeld dei maritime overvakingsflya. Det er snakk om utfordringar når det gjeld tilførsel av drivstoff, det er system for våpenlagring og armering av P-8-flya, det er hangarutfordringar, der det er snakk om å ha mellombels hangar i tre vintrar framover, og òg dei kjende problema som er knytte til turbulens, som kan bli særleg utfordrande når tunge, fullasta P-8-fly skal ta av derifrå.
Dei første P-8-flya blir, så vidt eg er kjend med, levert allereie i februar. Så spørsmålet mitt er: Korleis synest statsråden det går med framdrifta på Evenes, og meiner statsråden at Evenes vil kunna bli ein fullgod base for dei maritime overvakingsflya våre?