Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Spørretimespørsmål fra Olve Grotle (H) til næringsministeren

Ei av dei store utfordringane framover er mangel på arbeidskraft. 2/3 av NHO sine medlemsbedrifter manglar folk med rett kompetanse. Offentleg sektor sin del av Fastlands-BNP er over 60 pst., samtidig som offentleg sysselsetting ligg an til å auke. Kommunane skal vekse, helse- og omsorgssektoren skal vekse, og regjeringa ønskjer ikkje private tilbydarar. Bekymrar det statsråden at næringslivet sitt behov for folk kan bli fortrengt av ein stadig veksande offentleg sektor?

Datert: 13.04.2023
Besvart på vegne av: Næringsministeren
Besvart: 19.04.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Ei av dei store utfordringane framover er mangel på arbeidskraft. 2/3 av NHO sine medlemsbedrifter manglar folk med rett kompetanse. Offentleg sektor sin del av Fastlands-BNP er over 60 pst., samtidig som offentleg sysselsetting ligg an til å auke. Kommunane skal vekse, helse- og omsorgssektoren skal vekse, og regjeringa ønskjer ikkje private tilbydarar.
Bekymrar det statsråden at næringslivet sitt behov for folk kan bli fortrengt av ein stadig veksande offentleg sektor?

Les hele debatten