Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Spørretimespørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Om å sørge for at det vert gjort ei ny og raskare vurdering av søknadane frå norsk-palestinarar om familiegjenforeining, i ljos av den kritiske situasjonen i Gaza og på Vestbreidda

Datert: 23.11.2023
Besvart på vegne av: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 29.11.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Israel har svara på terrorangrepet den 7. oktober med ei grusom kollektiv avstraffing av heile befolkninga i Gaza. Men også den palestinske befolkninga på Vestbreidda og rundt om i Israel vert straffa for Hamas sitt brutale terrorangrep. Trakassering og vald mot palestinarar har auka i omfang, spesielt på Vestbreidda, der dei valdlege busettarane får fare fram som dei vil, utan at politiet grip inn. Over 200 palestinarar er drepne på Vestbreidda sidan den 7. oktober. Norsk-palestinarar som har søkt om familiegjenforeining, ventar på svar, og nokon har fått avslag.
Vil statsråden sørge for at det vert gjort ei ny og raskare vurdering av søknadane i ljos av den kritiske situasjonen?

Les hele debatten