Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva regjeringa vil gjera for å rydde opp og fjerne byar som Bergen og Trondheim frå «fy-lista» i dei statlege retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar
Datert: 04.04.2024
Besvart: 10.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa endra i 2022 dei statlege retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar slik at større byar i andre landsdelar enn det sentrale Austlandet kom på same «fy-liste» som Oslo. Våren 2023 ba Stortinget regjeringa endre dette og fjerne byar som Bergen og Trondheim frå «fy-lista». Ifølgje Bergens Tidende 4. april 2024 er dette enno ikkje følgd opp av regjeringa, slik at til dømes Fiskeridirekoratet framleis vil unngå Bergen som lokaliseringsstad for nye stillingar.
Stemmer dette, og korleis og kor raskt vil statsråden rydde opp?