Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om statsråden kan forklare korleis det er mogleg å skape ein såkalla «bu- og arbeidsmarknadsregion» med bompengenivå på ca. 2 500 kroner i veka, 10 000 kroner i månaden i prosjektet Møreaksen, og korleis Statens vegvesen har tenkt kring dette

Datert: 20.03.2024
Besvart: 17.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vi ser no eit gryande folkeopprør mot bompengenivået i fleire prosjekt rundt omkring i landet, slik som til dømes Ryfast. I Møre og Romsdal fablar nokon om såkalla «bu- og arbeidsmarknad» som argument for opprettinga av prosjektet Møreaksen til fleire titals milliardar kroner som folket ikkje vil ha, og som kostar 490 kroner tur-retur i bompengar.
Kan statsråden forklare korleis det er mogleg å skape ein såkalla «bu- og arbeidsmarknadsregion» med bompengenivå på ca. 2 500 kroner i veka, 10 000 kroner i månaden i prosjektet Møreaksen, og korleis Statens vegvesen har tenkt kring dette?

Les hele debatten