Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva slags dokumentasjon statsråden har på at forsinkingar og innstillingar faktisk kjem av jernbanereforma
Datert: 11.12.2024
Besvart: 11.12.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H): Ikkje overraskande kan gjerne statsråd Nygård koma fram, for me må bora litt meir i togproblematikken.
Eg hadde gleda av å vera i Dagsnytt 18 med statsråden på måndag. Då var det forseinkingar og kaos på toga som igjen var tema, for kvar dag vaknar pendlarane og lurer på om dei kjem seg på jobb, om dei får henta i barnehage til avtalt tid. Berre i ni av årets arbeidsdagar har Bane NOR levert ein infrastruktur utan problem. Det er klart at dette er fullstendig uhaldbart for dei reisande.
Me opplevde i sendinga at statsråden dreiv med ein liten porsjon ansvarsfråskriving. Han påstod at forklaringa på dette kaoset togkundane i dag opplever, er å finna i jernbanereforma, men verken Riksrevisjonen eller andre har så langt me har sett, vist til jernbanereforma som forklaring. Kva dokumentasjon har statsråden på at forseinkingar og innstillingar faktisk skuldast jernbanereforma?