Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Kapittel 2. Vilkår for overlevering frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre

§ 6 Krav til straffetrusselen eller pådømd straff

Overlevering av personar til ein medlemsstat i Den europeiske unionen på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre skjer etter reglane i loven her for

  • a) straffeforfølging for forhold som kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren

  • b) fullbyrding av pådømd fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon på minst fire månader.

Overlevering for fleire straffbare forhold kan skje sjølv om vilkåra i første ledd berre er oppfylte for eitt av forholda, under føresetnad om at dei andre forholda er straffbare etter norsk lov.

§ 7 Dobbel strafflegging

Overlevering på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre kan berre skje når handlinga som ligg til grunn for arrestordren, eller ei tilsvarande handling, er straffbar også etter norsk lov.

Dette gjeld likevel ikkje dersom arrestordren gjeld handlingar utførte av ein person som har medverka til at ei gruppe personar som opptrer med eit felles mål, utfører

  • a) terrorhandling eller terrorrelatert handling som nemnd i artikkel 1 og 2 i Europeisk konvensjon om nedkjemping av terrorisme og artikkel 1, 2, 3 og 4 i EUs rammevedtak 13. juni 2002 om nedkjemping av terrorisme

  • b) ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff

  • c) drap

  • d) grov kroppsskade

  • e) kidnapping, ulovleg fridomsrøving eller gisseltaking

  • f) valdtekt,

under føresetnad om at handling som nemnd i bokstav a til f kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren. Handlingane må vere utførte med formål om å fremme gruppa sine mål og med kunnskap om at deltakinga vil bidra til gjennomføring av lovbrot som ligg innanfor gruppa sine kriminelle formål.

Vilkåret om dobbel strafflegging i første ledd gjeld heller ikkje dersom forholdet i den utferdande staten vert rekna som ei av dei handlingane som er nemnde i forskrift til loven, og i den utferdande staten kan straffast med fengsel eller annan fridomsrøvande reaksjon i minst tre år, om ikkje den utferdande staten sjølv stiller krav om dobbel strafflegging for overlevering til Noreg for straffeforfølging eller fullbyrding av pådømd straff for tilsvarande forhold. Departementet gir forskrift om kva for handlingar kravet til dobbel strafflegging ikkje skal gjelde for på vilkår som nemnde i første punktum i leddet her.

§ 8 Obligatoriske avslagsgrunnar

Ein nordisk-europeisk arrestordre skal avslåast for forhold som

  • a) det er gitt norsk amnesti for

  • b) den ettersøkte på grunn av alderen sin ikkje kan gjerast strafferettsleg ansvarleg for i Noreg

  • c) det ligg føre norsk rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

  • d) det ligg føre norsk rettskraftig dom på overføring til tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg, og dommen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

  • e) det ligg føre norsk rettskraftig førelegg for, og førelegget er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

  • f) det ligg føre godkjend norsk avtale frå mekling i konfliktråd for, og avtalen ikkje er vesentleg misleghalden

  • g) norsk rettsforfølging er innstilt for etter at den ettersøkte først har vore sikta for forholdet, jf. straffeprosessloven § 82, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 første, femte eller sjette ledd

  • h) det er gitt norsk påtaleavkall for, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 andre, tredje, fjerde eller sjette ledd

  • i) den kompetente myndigheita har kjennskap til at det i ein medlemsstat i Den europeiske unionen eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet ligg føre ein rettskraftig dom eller ei anna endeleg avgjerd som avskjer vidare strafforfølging, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

  • j) behandling eller rettskraftig dom eller anna endeleg avgjerd i ein internasjonal eller overnasjonal domstol avskjer vidare strafforfølging for, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

  • k) er utført heilt eller delvis i Noreg, under dette på Svalbard, Jan Mayen eller i dei norske bilanda, eller andre område underlagde norsk jurisdiksjon, og forholdet anten ikkje er straffbart eller straffansvaret eller høve til strafforfølging eller straffullbyrding ville vore forelda etter norsk lovgiving.

Ein arrestordre som nemnd i første ledd skal også avslåast dersom overlevering vil vere i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen med endringar eller dei tilleggsprotokollane som gjeld som norsk lov.

§ 9 Politiske lovbrot

Ein nordisk-europeisk arrestordre kan ikkje avslåast for politiske lovbrudd.

Ein slik arrestordre kan likevel avslåast for lovbrot som nemnt i første ledd dersom den er utsteden av ein stat som ikkje sjølv overleverer ettersøkte personar til Noreg for politiske lovbrot.

Tingretten avgjer i tilfella som nemnd i andre ledd om eit forhold som ligg til grunn for arrestordren er å sjå på som eit politisk lovbrot i orskurden om vilkåra for overlevering er oppfylte, jf. § 14 første ledd andre punktum. Dersom retten kjem til at forholdet er eit politisk lovbrot, skal saka sendast via riksadvokaten til departementet for avgjerd.

§ 10 Norske statsborgarar

Reglane om overlevering gjeld også for arrestordrar som gjeld norske borgarar.

Dersom ein nordisk-europeisk arrestordre som gjeld ein norsk statsborgar, er ferda ut av ein stat som ikkje overleverer eigne statsborgarar til Noreg, kan han likevel avslåast. I slike tilfelle skal saka sendast via riksadvokaten til departementet for avgjerd.

§ 11 Dom kunngjord utan ettersøkte til stades. Livstidsstraff

Dersom ein nordisk-europeisk arrestordre gjeld overlevering til fullbyrding av fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon pådømd utan ettersøkte til stades, og utan at den ettersøkte er blitt informert om tid og stad for rettsforhandlingane, skal han avslåast om ikkje den utferdande staten forsikrar at den ettersøkte kan krevje saka behandla på nytt og da har høve til å vere til stades.

Dersom dei forholda som ligg til grunn for arrestordren kan straffast med fridomsrøving på livstid, skal arrestordren avslåast om ikkje den utferdande staten forsikrar at straff som nemnd vil bli vurdert omgjord eller unnlaten fullbyrda, anten etter oppmoding eller seinast etter 20 år.

Forsikring som nemnd i første og andre ledd skal liggje føre før retten avgjer om vilkåra for overlevering er oppfylte.

§ 12 Forhold som kan gi grunnlag for avslag

Overlevering til strafforfølging på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre kan avslåast for forhold som

  • a) det er sett i gang norsk strafforfølging mot den ettersøkte for

  • b) norsk påtalemakt har kjennskap til at det i ein annan stat enn ein EU-medlemsstat eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet, ligg føre rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast etter denne staten sine reglar.

Overlevering til straffullbyrding kan avslåast dersom den ettersøkte er busett i Noreg, eller er norsk statsborgar, og norske myndigheiter forpliktar seg til å fullbyrde dommen.

Den ettersøkte skal givast høve til å uttale seg før ein arrestordre vert avslått på grunnlag av eit forhold som er nemnt i første og andre ledd. Før ein arrestordre vert avslått etter andre ledd, skal også kriminalomsorga givast høve til å uttale seg.