vedtak til lov om bustøtte (bustøttelova)

Dette dokument

I Stortingets møte 31. mai 2012 ble det gjort slikt

vedtak til lov om bustøtte (bustøttelova)

§ 1 Føremål

Føremålet med den statlege bustøtta er å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.

§ 2 Verkeområde

Lova gjeld for personar som er registrerte i folkeregisteret og lovleg busette i Noreg.

§ 3 Vilkår for rett til bustøtte

Rett til bustøtte har søkjarar som

  • a) er over 18 år eller har eigne barn som bur i bustaden,

  • b) svarar for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra i § 5, og

  • c) sjølve bur i bustaden.

§ 4 Unntak for visse personar

Dei som gjer førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste, har ikkje rett til bustøtte.

Studentar som ikkje har barn i husstanden, har ikkje rett til bustøtte. Som studentar blir rekna alle som har rett til ytingar frå Statens lånekasse for utdanning. Dei som studerer innanfor eit offentleg program for arbeidskvalifisering, har likevel rett til bustøtte.

Dei som bur saman med ein person som ikkje har rett til bustøtte etter første og andre ledd, har ikkje rett til bustøtte. Foreldre som bur saman med eigne barn som er studentar, har likevel rett til bustøtte.

Bebuarar i ein institusjon der det kan bli kravd vederlag for opphaldet på grunnlag av inntekt, har ikkje rett til bustøtte.

§ 5 Krav til bustaden

Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden

  • a) er godkjend som bustad,

  • b) er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang, og

  • c) har eige bad og toalett og gjev høve til kvile og matlaging.

Om ein kommune har vedteke tildeling av utleigebustader til helse- og sosialføremål, kan det gjerast unntak frå krava i bokstav b og c dersom bustadene er organiserte som bufellesskap eller liknande.

§ 6 Utrekning av bustøtte

Den bustøtta som skal betalast ut, blir utrekna som ein fastsett prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og ein eigendel. Eigendelen blir fastsett ut frå inntekta og formuen til husstanden.

Departementet kan i forskrift gje reglar om satsar og om utrekning og utbetaling av bustøtte.

§ 7 Finansiering og organisering

Staten dekkjer utgiftene til bustøtte.

Husbanken og kommunane administrerer bustøtteordninga. Kommunane dekkjer sine eigne utgifter til administrasjon.

Departementet kan i forskrift gje reglar om administrasjon og handsaming av bustøtte.

§ 8 Handsaming av personopplysningar

Husbanken kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag og eigarseksjonssameige å gje opplysningar som har verknad for rettar eller plikter som følgjer av denne lova eller av forskrifter gjevne med heimel i lova.

Husbanken og kommunane skal ikkje hente inn og nytte slike opplysningar i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld. Det gjeld ikkje dersom det er uhøveleg vanskeleg å hente inn samtykke, og det er klart at den personopplysningane gjeld, ville ønskt slik handsaming.

Når allmenne interesser tilseier det, kan departementet med forskrift eller i enkelttilfelle samtykkje i at opplysningane i bustøtteregisteret kan bli brukte av andre offentlege styresmakter.

§ 9 Overføring av krav på bustøtte

Uforfalne krav på bustøtte kan overførast til kommunar som gjev forskot til dekking av buutgifter eller avdrag og renter på bustadlån for det same tidsrommet. Bustøttemottakaren må på førehand skriftleg ha gjeve eit frivillig, uttrykkeleg og informert samtykke om at kravet kan overførast.

§ 10 Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake

Husbanken kan krevje bustøtta tilbake dersom

  • a) mottakaren visste eller burde ha visst at han eller ho ikkje har hatt krav på støtte,

  • b) mottakaren eller nokon som har handla på vegner av mottakaren, aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar,

  • c) Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det, eller

  • d) etterkontroll syner at husstanden i perioden det er motteke bustøtte for, har hatt inntekt og/eller formue som overstig grenser gjevne av departementet i forskrift. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er utbetalt for mykje.

Departementet kan i forskrift gje reglar om tilbakebetaling av bustøtte.

§ 11 Tvangsgrunnlag og særleg namsstyresmakt

Vedtak om krav på tilbakebetaling av bustøtte er tvangsgrunnlag for utlegg. Kravet kan drivast inn av Husbanken eller overførast til Statens innkrevjingssentral som særleg namsstyresmakt.

Statens innkrevjingssentral kan drive kravet inn ved trekk i løn og andre liknande ytingar etter dekningsloven § 2-7. Statens innkrevjingssentral kan òg drive inn kravet ved å stifte utleggspant for kravet dersom panteretten kan gjevast rettsvern ved registrering i eit register eller ved melding til ein tredjeperson, jf. lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant kapittel 5, og utleggsforretninga kan haldast på kontoret til Statens innkrevjingssentral etter lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse § 7-9 første ledd.

§ 12 Gjeldstinging og ettergjeving av krav

Krav på tilbakebetaling av bustøtte kan gjerast til ein del av gjeldstingingar etter gjeldsordningsloven og til ein del av utanrettslege gjeldstingingar.

Husbanken og Statens innkrevjingssentral kan ettergje krav på tilbakebetaling av bustøtte, renter og kostnader dersom det ikkje lèt seg gjere å drive kravet inn.

Dersom skuldnaren ikkje kan innfri kravet på grunn av dødsfall, særleg alvorleg sjukdom eller liknande, kan kravet setjast ned sjølv om det ikkje gjev betre dekning enn vidare innkrevjing.

Enkeltvedtak etter denne paragrafen kan ikkje påklagast.

§ 13 Klage på vedtak om bustøtte

Departementet kan i forskrift gje reglar om særskild klagenemnd for enkeltvedtak etter denne lova.

§ 14 Ikraftsetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Departementet kan gje forskrift om overgangsordningar for mottakarar som fekk bustøtte i same bustad i juni 2009.

§ 15 Endringar i andre lover

Frå denne lova tek til å gjelde, skal lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken endrast slik:

§ 1 andre ledd skal lyde:

Husbanken skal forvalta bustøtte og låne- og tilskotsordningar og medverka til å utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat innanfor sitt saksområde.

§ 9 skal lyde:

§ 9 Ettergjeving av krav

Husbanken kan ettergje krav om å betala tilbake lån eller tilskot dersom det ikkje lèt seg gjera å driva inn kravet.

§§ 10, 11 og 12 blir oppheva. Noverande § 13 blir ny § 10.

Dag Terje Andersen
president