I Stortingets møte 6. juni 2013 ble det gjort slikt
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres
følgende endringer:
Overskriften til kapittel 1 skal lyde: Kapittel 1. Fødselsmelding
§ 1 a oppheves.
Overskriften til kapittel 2 skal lyde: Kapittel 2. Kven som er foreldra til barnet
§ 4 skal lyde:
§ 4 Erklæring av farskap eller medmorskap
Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap
under svangerskapet eller etter at barnet er født.
Faren skal erklære farskapen skriftleg
anten i fødselsmeldinga, eller ved personleg frammøte for
a) jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll,
b) folkeregistermyndigheita,
c) tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten,
eller
d) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom
faren er i utlandet.
Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids-
og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet
må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk
kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre
at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho
er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller
når mora skriftleg har godteke erklæringa.
Er den som vil erklære farskapen under
18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på
erklæringa.
Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras
kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane
i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor
godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke
til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen
i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.
§ 4 a skal lyde:
§ 4 a Medmorskap til barnet
Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelege ektefelle
eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, erklæring eller
dom.
Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.
Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein
far, gjeld på same vis om eller for ei medmor. Reglane
om etablering og endring av farskap i §§ 6 til 9 og kapitla 3 og
4 gjeld så langt dei høver for fastsetjing og endring av medmorskap.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om
fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.
§ 5 skal lyde:
§ 5 Ansvaret for det offentlege for å få fastsett
foreldreskap
Dersom barnet korkje har far eller medmor i samsvar med
reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett
kven som er faren eller medmora, jf. kapittel 3 og 4.
Dersom ein utanlandsk farskap eller medmorskap ikkje
vert lagt til grunn etter § 85, har det offentlege ansvar etter
første stykket.
Det offentlege skal klargjere kven som er mor
til barnet når dette ikkje er kjent.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande
reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.
§ 6 skal lyde:
§ 6 Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane
Barnet kan alltid reise sak for domstolane
om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er
barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd
verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke
frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet
reise saka.
Kvar av foreldra kan reise sak om farskapen dersom
vedkomande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan
vere far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande
vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast
vert rekna frå tidspunktet då barnet vart født. Retten avgjer i
orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere
unntak frå eittårsfristen når særlege grunnar talar for det.
Den som meiner at han er far til barnet, kan fram til
barnet fyller tre år, reise sak om farskapen dersom han legg fram
opplysningar som tyder på at han kan vere far. Retten kan i orskurd
gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det.
Reglane i andre stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.
Ny § 6 a skal lyde:
§ 6 a Barnet sin rett til å få kunnskap om sin
biologiske far
Barnet har frå det fyller 18 år rett til å skaffe
seg kunnskap om kven som er den biologiske faren, jf. andre stykket,
utan at dette endrar farskapen.
Barnet kan krevje at Arbeids- og velferdsdirektoratet
gjev pålegg om å levere eigna prøve til DNA-analyse etter § 11 første
stykket, og har rett til å få vite resultatet av analysene. Dersom
nokon ikkje rettar seg etter pålegget, kan retten gjere vedtak etter
§ 24 tredje stykket.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande
reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.
§ 7 skal lyde:
§ 7 Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann erklærer
farskap
Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at
ein annan mann erklærer farskapen i samsvar med
§ 4, når erklæringa er godteken skriftleg av
mora og den som har vore rekna for far. Ei slik erklæring gjeld
likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn at DNA-analyse
godtgjer at den andre mannen er far til barnet. Dersom barnet er
fylt 18 år, kan farskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan
samtykke frå barnet.
§ 10 skal lyde:
§ 10 Oppgåvene til tilskotsfuten
Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket
fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne
faren. Erklærer han ikkje farskapen i samsvar
med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner
om farskapsspørsmålet. Erklærer han farskapen, skal
tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita. Elles
skal arbeids- og velferdsetaten handsame saka vidare.
Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne
faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei
har når det gjeld barnet.
Departementet peikar ut tilskotsfut.
§ 11 skal lyde:
§ 11 Sakshandsaminga i arbeids- og velferdsetaten
Arbeids- og velferdsdirektoratet kan
krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring,
og kan gje pålegg om at dei og barnet skal gje frå seg
ei eigna prøve til DNA-analyse. I særlege tilfelle kan
den som kan vere far, bli pålagd å gje frå seg ei eigna
prøve til DNA-analyse før barnet er født.
Arbeids- og velferdsdirektoratet skal oppmode den
mannen som analysen utpeikar som far, til å erklære farskapen.
Døyr barnet kort tid etter fødselen eller andre sterke
grunnar talar for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet
leggje bort saka når mora er samd i det.
Dersom Arbeids- og velferdsdirektoratet legg bort saka,
kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet,
sjølv reise sak om farskapen for domstolane.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande
reglar om prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse
til bruk i saker om farskap eller slektskap.
§ 12 oppheves.
§ 13 skal lyde:
§ 13 Når saka går til retten m.m.
Arbeids- og velfersdirektoratet skal sende stemning til
tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom han som
er oppgjeven som far, ikkje har erklært farskapen eller mora ikkje
har godteke ei erklæring skriftleg, og saka ikkje er lagd bort etter
§ 11 tredje stykket.
Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og han
heller ikkje vert fastsett seinare, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet
sende saka til retten på nytt dersom det kjem
fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som
tidlegare ikkje har vore part i saka.
§ 15 nytt andre ledd skal lyde:
Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf.
lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering med forskrifter,
eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar
for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet
§ 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.
§ 22 oppheves.
§ 24 skal lyde:
§ 24 Prøvetaking og DNA-analyse
Retten kan gje mora, barnet og kvar mann som er part
i saka, pålegg om å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Er
det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege
med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta
slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Kommunelækjaren
peiker ut ein lækjar som har plikt til å ta dei prøvene som trengst.
Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg
av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og
gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er
tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar
om innhenting og bruk av slikt materiale.
Lèt nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket
eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande
har omsorg for, til prøvetaking og DNA-analyse,
kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal
gripast av politiet og førast til lækjar for prøvetaking.
§ 26 skal lyde:
§ 26 Heving av saka
Retten kan heve saka i orskurd når
a) ein mann erklærer i samsvar
med § 4 at han er far til barnet, eller
b) den oppgjevne faren bur i utlandet og det er uråd å
få nok opplysningar til å fastsetje farskapen.
§ 29 b nytt tredje ledd skal lyde:
Når det er naudsynt for å oppfylle pliktene etter § 5
tredje stykket, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise sak om
kven som er mor til barnet.
Gjeldende § 29 b tredje og fjerde ledd blir fjerde
og femte ledd.
§ 70 sjuende ledd skal lyde:
Foreldra har plikt til å opplyse det organet som skal
handsame fastsetjinga av tilskotet, om kva arbeid, utdanning, inntekt
og formue dei har, og elles om alt anna som kan ha noko å seie for
fastsetjinga av fostringstilskotet. For å fastsetje tilskotet kan
organet utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst
frå arbeidsgjevarar, likningsstell, arbeids- og velferdsetaten og
forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller forvaltar
formueverdiar.
§ 78 fjerde ledd skal lyde:
Vert tilskot som er gjort opp, sett ned etter §
74 eller § 76, kan den tilskotspliktige krevje at Innkrevjingssentralen
for fostringstilskot gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den
måten og for dei terminane som sentralen finn rimeleg.
§ 80 første ledd femte punktum skal lyde:
Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart
at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære farskapen,
eller at han burde ha reist sak til endring tidlegare.
§ 81 første ledd skal lyde:
Farskap og medmorskap kan fastsetjast i Noreg etter § 4,
§ 7 og kapitla 3 og 4
a) dersom mora var busett i Noreg då barnet vart født,
b) dersom barnet seinare har busett seg i Noreg,
eller
c) dersom den oppgjevne faren eller medmora er busett
i Noreg.
Ny § 81 a skal lyde:
§ 81 a Når sak om morskap kan handsamast av norsk doms- eller
styresmakt
Ei sak om morskap kan handsamast etter kapittel 4A
og § 5 tredje stykket
a) dersom barnet er busett i Noreg,
b) dersom mora var busett i Noreg då barnet vart født,
eller
c) dersom mora seinare har busett seg i Noreg.
Dag Terje Andersen |
president |