I Stortingets møte 13. juni 2013 ble det gjort slikt
I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring
av kommune- og fylkesgrenser skal desse endringane gjerast:
Overskrifta til § 2 skal lyde:
§ 2 Verkeområde
§ 3 andre ledd skal lyde:
Deling inneber
a) at ein kommune eller eit
fylke blir delt i to eller fleire nye einingar, eller
b) at ein kommune eller eit fylke blir delt, og
dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.
§ 5 skal lyde:
§ 5 Vedtak om deling
Stortinget gjer vedtak om deling av eit fylke.
Kongen gjer vedtak om deling av ein kommune når kommunen eller
kommunane saka gjeld, har slutta seg til forslaget. Dersom éin
kommune har uttalt seg mot deling, skal saka leggjast
fram for Stortinget for avgjerd.
§ 6 skal lyde:
§ 6 Vedtak om grensejustering
Kongen gjer vedtak om justering av grenser mellom kommunar
og mellom fylke. Dersom grensejustering mellom fylke gjeld
meir enn éin kommune, skal saka leggjast fram for Stortinget
til avgjerd.
§ 12 første og andre ledd skal lyde:
Når det med verknad frå byrjinga av eit kalenderår er gjennomført
samanslåing av to eller fleire kommunar eller deling som
nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, blir alle skattepliktige
i eit distrikt som tidlegare har danna ein sjølvstendig kommune,
ved den første likninga etter samanslåinga eller deling
som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, å ilikne kommuneskatt
etter dei skattesatsane som i dette distriktet blei lagde til
grunn ved fastsetjinga av forskot på skatt for vedkomande inntektsår.
Dette gjeld likevel ikkje dersom kommunestyret i vedkomande distrikt
før samanslåinga eller deling som nemnt i § 3 andre ledd
bokstav b, har gjort vedtak om at det ved likninga skal
nyttast andre skattesatsar, og slikt vedtak er godkjent av Fylkesmannen.
Før samanslåing eller deling som nemnt
i første ledd blir sett i verk, skal kommunestyret i den nye kommunen
eller kommunane gjere vedtak om kva skattesatsar som skal nyttast
ved berekning av forskot på skatt for det komande inntektsåret for
alle forskotspliktige skatteytarar i den nye kommunen. Vedtaket må
gjerast innan den fristen som er fastsett av Fylkesmannen. Dersom
fristen ikkje blir halden, skal Fylkesmannen avgjere kva for satsar
som skal brukast.
§ 15 skal lyde:
§ 15 Økonomisk kompensasjon
Ved samanslåing av kommunar eller fylke og deling
som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, gir staten delvis
kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte til desse
prosessane. I ein overgangsperiode gir staten også kompensasjon
for bortfall av rammetilskot.
§ 17 andre ledd andre punktum bokstav a skal lyde:
§ 20 første ledd og andre ledd første punktum skal
lyde:
Blir ein kommune eller eit fylke delt, jf. § 3
andre ledd, skal § 19 første ledd tilsvarande gjelde forvaltningseigedom
som fullt ut eller i svært stor grad tener eitt bestemt område.
Annan eigedom og andre plikter blir å fordele mellom dei
kommunar eller fylkeskommunar områda blir lagde til.
§ 23 første ledd skal lyde:
Kommune eller fylkeskommune som er omfatta av grenseendring
etter denne lova, kan innan eitt år etter at vedtaket er sett i
verk, krevje at det økonomiske oppgjeret – eller delar av det –
skal fastsetjast ved skjønn, så framt partane
først har prøvd å kome til semje om eit økonomisk oppgjer.
Overskrifta til kapittel VI skal lyde:Kapittel VI. Gjennomføring av vedtak om samanslåing og
vedtak der ein kommune
eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til
andre kommunar eller fylke
§ 25 skal lyde:
§ 25 Felles kommunestyre- eller
fylkestingsmøte
Når det er gjort vedtak om samanslåing av to eller fleire
kommunar eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre
ledd bokstav b, skal Fylkesmannen snarast mogleg kalle
saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra. Ved samanslåing
eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, kallar
departementet saman kommunestyra dersom kommunane ligg i ulike fylke.
Ved samanslåing eller deling av fylke som nemnt i § 3 andre ledd
bokstav b, kallar departementet saman fylkestinga. På slike fellesmøte skal
følgjande saker drøftast:
a) forslag til namn på den nye kommunen eller
det nye fylket
b) talet på medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestinget
c) kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd
etter § 26 i denne lova
d) val av revisor for verksemda i fellesnemnda
e) oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre
gjennomføringa av samanslåinga.
§ 26 første ledd første punktum skal lyde:
Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar og
ved deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b skal det
opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga
av samanslåinga eller delinga.
§ 26 tredje ledd skal lyde:
Fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet med
økonomiplanen og med budsjettet for det første driftsåret
etter at samanslåinga eller delinga som nemnt i § 3 andre
ledd bokstav b, er sett i verk. Nemnda skal i sin verkeperiode gi
fråsegn til departementet om årsbudsjetta og økonomiplanen for
dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld.
§ 26 femte ledd skal lyde:
Nemnda kan få fullmakt til å tilsetje personale i den nye
eininga. Dette omfattar også tilsetjing av administrasjonssjef
og revisor. Tilsetjing av revisor skjer på bakgrunn av
innstilling frå kontrollutvala. Nemnda kan òg få fullmakt til å
vidareføre deltaking i interkommunalt samarbeid om revisjon eller
vidareføre avtale med annan revisor. Tilsvarande gjeld for sekretariatet
for kontrollutvalet. Slikt vedtak skjer etter innstilling frå kontrollutvala.
§ 27 skal lyde:
§ 27 Konstituering av nytt kommunestyre eller
fylkesting
Når det er gjennomført val til kommunestyre eller fylkesting
i løpet av september månad året før ei samanslåing eller
deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, blir sett
i verk, skal det nyvalte kommunestyret eller fylkestinget kallast
saman til konstituerande møte innan utgangen av oktober månad. Leiaren
av fellesnemnda kallar saman og leier møtet inntil ny ordførar er
valt. Elles gjeld reglane i kommunelova § 17 nr. 1 til 3 om konstituerande
møte o.a. i kommunestyre og fylkesting.
Funksjonsperioden for kommunestyra og fylkestinga i dei
kommunane og fylkeskommunane som skal slåast saman, varer inntil
tidspunktet for iverksetjing av samanslåinga eller delinga
som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b. Deira ansvar og
fullmakter er likevel avgrensa til det som er nødvendig for å avslutte
verksemda i dei eksisterande einingane.
§ 28 skal lyde:
§ 28 Lovlegkontroll
Departementet kan føre kontroll med
lovlegheita av budsjettvedtaka i kommunar og fylkeskommunar når
utgreiing om samanslåing eller deling som nemnt i § 3 andre
ledd bokstav b, er sett i gang.
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft
dei einskilde føresegnene til ulik tid.
Dag Terje Andersen |
president |