Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar)

I Stortingets møte 12. november 2015 ble det gjort slikt

vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar)

I

Lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy vert endra slik:

Ny § 40 b skal lyde:

§ 40 b Lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar

(1) Departementet kan påleggje oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr dersom oppdragsgjevaren bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i prosessen med å tildele konsesjonskontraktar for transporttenester etter lova her. Lovbrotsgebyret kan verte pålagt dersom eitt av følgjande vilkår er oppfylt:

  • a) brotet er konstatert ved rettskraftig dom i ein norsk domstol,

  • b) brotet er konstatert ved dom i EFTA-domstolen, eller

  • c) norske styresmakter har innrømt brotet etter at saka er handsama i EFTAs overvakingsorgan. Dersom oppdragsgjevaren ikkje har hatt høve til å uttale seg i saka før innrømminga fann stad, og det er grunn til å rekne med at dette har hatt verknad på innrømminga, kan innrømminga ikkje gje grunnlag for lovbrotsgebyr.

(2) Lovbrotsgebyret skal ikkje overstige 15 % av kontraktsverdien.

(3) Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preventive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd, og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten.

(4) Fristen for å betale lovbrotsgebyret er åtte veker frå vedtaket vart gjort.

(5) Avgjerd om å påleggje lovbrotsgebyr etter denne føresegna skal følgje reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova så langt dei høver. Dersom ei avgjerd om lovbrotsgebyr vert bringa inn for ein domstol, kan domstolen prøve alle sidene av saka. Retten kan gje dom for realitet.

(6) Lovbrotsgebyr kan ikkje påleggjast seinare enn tre år etter at kontrakten vart inngått. Fristen vert avbroten ved at det vert teke ut søksmål ved norsk domstol eller ved EFTA-domstolen for å få dom i saka, eller ved at EFTAs overvakingsorgan tek opp saka skriftleg med norske styresmakter.

(7) I tilfelle der departementet sjølv eller eit anna statleg organ som er underlagt departementet gjer brot som nemnt i første ledd, kan departementet delegere kompetansen til å påleggje lovbrotsgebyret til Klagenemnda for offentlige anskaffelser. Avgjerd frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser om å påleggje lovbrotsgebyr kan ikkje påklagast.

(8) Departementet kan gje forskrift om fastsetjing av lovbrotsgebyret, medrekna utmåling av gebyret, renter og tilleggsgebyr og avgrensing av kva tenestekonsesjonskontraktar som fell inn under føresegna her.

II

Lova tek til å gjelde straks.

Olemic Thommessen
president