Vedtak til lov om endringar i bustøttelova (tilbakebetaling av bustøtte)

Søk
I Stortingets møte 18. april 2017 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om endringar i bustøttelova (tilbakebetaling av bustøtte)

I

I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte skal § 10 første ledd bokstav d lyde:

  • d) husstanden i perioden det er motteke bustøtte for, har hatt inntekt eller formue som i ettertid syner seg å overskride den inntekta eller formuen som var lagd til grunn då støtta blei fastsett. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er betalt ut for mykje. For mykje utbetalt støtte kan også motreknast i seinare utbetalingar av bustøtte.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Olemic Thommessen

president