Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
om endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)
I
Lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy vert endra slik:
(2) Løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 75 år.
(1) Det trengst ikkje løyve når den som rår over ein personbil, tek med seg folk som har eit samanfallande transportbehov som han sjølv. Vederlaget for transporten kan ikkje overstige passasjerane sin forholdsmessige del av transportkostnadene. Transportkostnadene etter andre punktum vert rekna ut frå den skattefrie satsen for kilometergodtgjersle i reiseregulativ for staten, med tillegg av eventuelle kostnader til bompengar og ferje.
(2) Likeins krevst det ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.
II
Lova tek til å gjelde straks.
|
Olemic Thommessen |
|
president |