Lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

År 2006 den 13. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

I

I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste blir det gjort følgjande endringar:

I § 15 andre ledd skal innleiinga lyde:

Er ei avtale om feste av tomt til bustadhus eller fritidshus gjort før 1. januar 2002, gjeld desse reglane for den første reguleringa som skjer frå 1. januar 2002 eller seinare:

§ 32 første ledd skal lyde:

Festaren kan krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus eller fritidshus når det er gått 30 år av festetida - om ikkje kortare tid er avtalt - eller når festetida er ute. Etter at det er gått 30 år av festetida, kan festaren også krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus kvar gong det er gått to nye år, og ei festetomt til fritidshus kvar gong det er gått ti nye år.

§ 34 andre og tredje ledd skal lyde:

Ved krav om innløysing av ei festetomt til bustadhus eller fritidshus som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter § 33. Det same gjeld ved krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning eller til Finn­marks­eigedomens grunn i Finnmark.

Kongen kan fastsetje i forskrift at det same som i andre leddet skal gjelde så lenge tomt festa bort til fritidshus høyrer til ein landbrukseigedom og inntekta frå festearealet som høyrer til bruket, tilseier at innløysing ikkje finn stad.

§ 37 andre ledd skal lyde:

Med mindre partane er samde om innløysingsvilkåra, eller har avtalt vilkåra fastsette på annan måte, høyrer krav om innløysing under skjønn, som avgjer retten til innløysing, fastset innløysingssummen, innløysingsvilkåra elles og avgjer spørsmål som gjeld gjennomføringa av innløysinga.

§ 38 nytt tredje ledd skal lyde:

Seinast fire veker etter at innløysingssummen er endeleg fastsett ved skjønn, voldgift eller rettsleg avgjerd, kan festaren seie frå seg kravet om innløysing. Festaren må då dekkje bortfestaren sine naudsynte kostnader som følgje av kravet, medrekna ilagte sakskostnader til festaren. Kvar av partane kan be avgjerdsinstansen ved orskurd å fastsetje beløpet som festaren skal betale. Skjønnets eller rettens leiar eller ein annan dommar kan seie orskurden åleine.

§ 43 skal lyde:

§ 43. Skjønn

Skjønn etter lova her blir haldne som rettslege skjønn. Skjønnet kan styrast av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver dersom partane er samde om det.

Ved skjønn etter §§ 15 og 37 skal talet på skjønnsmedlemer alltid vere to, både ved skjønn og overskjønn. Om dekking av sakskostnader gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 43.

Ved skjønn etter § 37 kan saka bli delt slik at det blir forhandla og fastsett særskilt om festaren har rett til innløysing eller om kva innløysingssummen er, slik at skjønnet elles blir utsett.

II

I lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) blir det gjort følgjande endring:

§ 13 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Føresegna i første stykket er ikkje til hinder for at tomt som er festa bort til bustadhus, vert innløyst etter lov om tomtefeste kapittel VI.

III

I lov 18. februar 2005 nr. 10 om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover blir det gjort slike endringar i avsnitt III om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs:

Endringane i § 79 blir oppheva.

Endringa i § 138 andre ledd første punktum skal lyde:

Føreren av konkursregisteret sørger for at avsluttet bobehandling blir meldt til de registre som er nevnt i § 79 annet ledd nr. 1, 2, 4 og 5.

IV

I lov 27. januar 2006 nr. 4 om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.) blir det gjort slike endringar i avsnitt I om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs:

Endringa i § 79 skal lyde:

§ 79. Tinglysing mv. av melding om at konkurs er åpnet.

Retten skal sørge for at melding om at konkurs er åpnet i skyldnerens bo, registreres i Konkursregisteret.

Føreren av Konkursregisteret sørger for at melding om at konkurs er åpnet i skyldnerens bo, tinglyses eller registreres i:

  • 1) Løsøreregisteret,

  • 2) Enhetsregisteret, dersom skyldnerens virksomhet er innført der,

  • 3) grunnboken, dersom skyldneren eier fast eiendom,

  • 4) Foretaksregisteret, dersom skyldnerens virksomhet er innført der,

  • 5) Regnskapsregisteret, dersom skyldnerens virksomhet er innsendingspliktig.

Føreren av Konkursregisteret skal sende melding om konkursåpningen i samsvar med lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 27 annet ledd.

Med mindre retten beslutter å gjøre det selv, skal bostyreren sørge for at melding om at konkurs er åpnet i skyldnerens bo, registreres i

  • 1) andre realregistre enn grunnboken, for så vidt skyldneren eier eiendeler som er registrert der,

  • 2) et verdipapirregister, dersom det er registrert rettigheter der som bostyreren mener er omfattet av boets beslagsrett.

Med mindre retten beslutter å gjøre det selv, skal bostyreren videre sende underretning om konkursåpningen til Posten Norge AS og de banker og tilsvarende institusjoner hvor skyldneren har innskudd.

Kongen kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om fremgangsmåten ved fremsetting av meldinger etter første til femte ledd.

Blir en eiendel abandonert etter § 117 b, skal bostyreren sørge for at melding som nevnt i andre ledd nr. 1 og 3 og fjerde ledd slettes for så vidt gjelder de abandonerte eiendeler. Videre skal det gis melding til fylkesskattekontoret dersom abandoneringen gjelder formuesgoder som vil kunne medføre krav på merverdiavgift ved salg fra skyldnerens side.

Endringa i § 138 første ledd tredje punktum skal lyde:

Med mindre retten beslutter å gjøre det selv, skal føreren av Konkursregisteret sørge for at meldinger som er gitt i henhold til § 79 andre ledd nr. 3 og fjerde ledd blir slettet.

V

I lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) skal § 33 første ledd annet punktum lyde:

Frå same tid blir lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentlighet i forvaltningen oppheva.

VI

Lova gjeld frå det tidspunkt Kongen fastset. Kongen kan setje dei ulike endringane i verk frå ulik tid. Føresegnene kan setjast delvis i verk.

Kongen kan gi nærare overgangsføresegner til endringane som følgjer av lova.

Berit Brørby Asmund Kristoffersen
president sekretær