Lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Dette dokument

År 2008 den 17. januar holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

I

I veglov 21. juni 1963 nr. 23 skal § 27 fyrste ledd lyde:

Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsette at det skal krevjast bompengar på offentleg veg, fastsette storleiken på avgiftene, og sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. Bompengane kan nyttast til alle tiltak som denne lova gir heimel for. Dessutan kan dei nyttast til investeringar i faste anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk på jernbane, inkludert sporveg og tunnelbane. Som del av ein plan om eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, kan bompengar nyttast til tiltak for drift av kollektivtrafikk.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Olav Gunnar Ballo Henning Skumsvoll
president sekretær