Utbygging og finansiering av E39 Rogfast i Rogaland

Prop. 105 S (2016-2017), Innst. 294 S (2016-2017)

Vedtak 692

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre prosjektet E39 Rogfast innanfor ei kostnadsramme på 18 860 mill. 2017-kroner.

Vedtak 693

Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygginga av E39 Rogfast i Rogaland. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

Vedtak 694

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

Vedtak 695

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å justere takstane slik at gjennomsnittstaksten blir som føresett i denne proposisjonen.