Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortingets forretningsorden

Dette dokument

Stortingets forretningsorden (nynorsk)
  • Sist oppdatert:
  • Utgjevar: Stortinget

Innhald

Kapittel 1 Korleis Stortinget konstituerer seg

§ 1 Konstituering etter stortingsval

Når Stortinget kjem saman etter eit stortingsval, overtek presidenten i det førre Stortinget presidentstillinga mellombels etter oppmoding. Dersom vedkomande ikkje er til stades, skal presidentstillinga etter oppmoding mellombels overtakast av, i prioritert rekkjefølgje:

  1. Den av visepresidentane i det førre stortinget som er rangert høgast.

  2. Den representanten av dei frammøtte som har vore medlem av Stortinget lengst. Dersom to eller fleire har vore medlem av Stortinget like lenge, har den føreretten som er eldst av år.

Presidenten held namneopprop og tek imot fullmaktene frå representantane og vararepresentantane. Reglementet for Stortinget blir godkjent. Forfall som er melde, og permisjonssøknader blir refererte og avgjorde.

Det blir valt ein komité som skal gjennomgå fullmaktene (fullmaktskomiteen). I fullmaktskomiteen skal gruppene vere representerte etter høvetala så langt råd er. Saman med fullmaktene behandlar komiteen innstillinga frå den førebuande fullmaktskomiteen. Stortingsrepresentantane har mellombels sete og røyster til fullmaktene er godkjende. Dersom klagebehandlinga i riksvalstyret ikkje er avslutta når Stortinget avgjer om valet er gyldig, kan fullmaktene til stortingsrepresentantane berre godkjennast mellombels.

Etter at innstillinga frå fullmaktskomiteen er ferdigbehandla, vel Stortinget presidentar og sekretærar (jf. § 6).

Deretter kunngjer presidenten at Stortinget er lovleg konstituert, og gjev melding om det til Kongen.

Ved omval og nye valoppgjer som riksvalstyret, Stortinget eller Høgsterett påbyr etter valgloven § 17-1, jf. §§ 16-11 og 15-1 eller § 16-12, skal fullmaktene prøvast så snart råd er. Dersom det skal haldast omval, skal dei nyvalde representantane bli sitjande i vervet til omvalet er endeleg godkjent.

(Forarbeider: Innst. S. nr. 65 og 133 (1965–66), Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 238 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 2 Konstituering av følgjande storting i same valperiode

Når dei følgjande storting kjem saman i den same valperioden, gjeld reglane om konstituering i § 1 første, andre, fjerde og femte ledd tilsvarande.

(Tidligere § 1 fjerde ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 65 og 133 (1965–66), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012))

§ 3 Den førebuande fullmaktskomiteen

I den siste stortingssesjonen i valperioden vel Stortinget, etter innstilling frå valkomiteen, ein komité blant representantane, som skal prøve fullmaktene for representantane og vararepresentantane i det nye stortinget førebels (den førebuande fullmaktskomiteen). Samstundes vel Stortinget også like mange varamedlemer som medlemer og dessutan leiar og nestleiar for komiteen. Så langt som råd bør gruppene vere representerte i komiteen etter høvetala.

Leiaren kallar inn til møte i den førebuande fullmaktskomiteen. Komiteen skal så langt det er nødvendig, gå gjennom og gjere greie for innhaldet i dei dokumenta som etter valgloven er komne til Stortinget, når dei har noko å seie for fullmaktsavgjerdene. Komiteen har på vegner av Stortinget fullmakt til å skaffe fram alle opplysningar han meiner er nødvendige i denne samanhengen.

Før Stortinget kjem saman, skal den førebuande fullmaktskomiteen ha levert til stortingsadministrasjonen ei førebels innstilling om alle spørsmål om val og fullmakter som ein må rekne med kan få noko å seie for samansetjinga av det nye stortinget. Dagen før det nye stortinget kjem saman, er funksjonstida for den førebuande fullmaktskomiteen over.

Dersom den førebuande fullmaktskomiteen må leggje fram ei førebels innstilling om å godkjenne eller avvise fullmaktene før han enno har klart å skaffe nødvendige opplysningar om kvar einskild fullmakt, skal han i innstillinga gjere særskilt greie for årsakene til forseinkingane og dessutan opplyse om når det endelege resultatet kan liggje føre.

Den førebels innstillinga og alle vedlegga skal registrerast og leggjast fram for fullmaktskomiteen i det nye stortinget straks denne komiteen kjem saman (jf. § 1). Innstillinga må ikkje offentleggjerast av den førebuande fullmaktskomiteen.

Den førebuande fullmaktskomiteen kan leggje fram ei innstilling om forlengja eller utsett valting eller omval ved ekstraordinære hendingar, jf. valgloven § 18-1.

(Tidligere § 23. Forarbeider: Innst. S. nr. 65 og 133 (1965–66), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 238 (1984–85), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 4 Plassering av representantane i stortingssalen

I stortingssalen tek representantane plass etter den alfabetiske rekkjefølgja av valdistrikta.

(Tidligere § 2. Forarbeider: Innst. S. nr. 65 og 133 (1965–66))

§ 5 Permisjon

Søknader om permisjon for representantane blir behandla av Stortinget etter innstilling frå presidentskapet. Permisjon blir normalt innvilga ved sjukemelding. Representantar som har hatt permisjon, skal melde frå til stortingsadministrasjonen når dei kjem tilbake.

(Tidligere § 27 første ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 65 og 133 (1965–66), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 238 (1984–85), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 255 (2002–2003), Innst. 165 S (2011–2012), Innst. 487 (2016–2017), Innst. S. 651 S (2020–2021))

Kapittel 2 Presidentane, sekretærane og direktøren

§ 6 Val av presidentar og sekretærar

Når ein ny stortingssesjon tek til, vel Stortinget president, første visepresident, andre visepresident, tredje visepresident, fjerde visepresident, femte visepresident, sekretær og visesekretær.

Når det første gong i valperioden skal veljast president og visepresident, røystar ein med setlar utan underskrift. For seinare val i den same valperioden gjeld reglane i § 60 første ledd bokstav a, dersom vilkåra for avrøysting ved setlar utan underskrift i § 60 første ledd bokstav d ikkje er oppfylte.

Presidentar og sekretærar blir valde med vanleg fleirtal, dvs. over halvparten av røystene. Dersom ingen av kandidatane får fleirtal ved første val eller ved fritt omval, skal det haldast bunde omval mellom dei to kandidatane som har fått det største røystetalet, jf. § 61 andre ledd.

Dersom minst ein femtedel av representantane sender skriftleg krav til presidenten om nytt val av stortingspresident eller ein visepresident, skal Stortinget halde slikt val.

(Tidligere § 4. Forarbeider: Innst. S. nr. 65 og 133 (1965–66), Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 145 (2000–2001), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 288 (2008–2009))

§ 7 Stortingets presidentskap

Stortingspresidenten og dei fem visepresidentane dannar Stortingets presidentskap. Stortingspresidenten er leiaren for presidentskapet. Første visepresident er nestleiar.

Presidentskapet er vedtaksført når minst tre av medlemmene er til stades. Stortingspresidenten leier arbeidet i Stortinget på vegner av presidentskapet. Når Stortinget ikkje er samla, kan stortingspresidenten ta avgjerder som måtte vere nødvendige i saker som høyrer inn under presidentskapet.

Røysta til stortingspresidenten er utslagsgjevande dersom ei avrøysting i presidentskapet viser like mange røyster for og imot.

Presidentskapet kan leggje fram innstillingar til Stortinget innanfor dei ansvarsområda som høyrer inn under presidentskapet.

(Tidligere § 5 første ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 406 S (2017–2018))

§ 8 Forfall frå presidenten, visepresidentane eller sekretærane

Dersom stortingspresidenten ikkje kan utøve vervet på grunn av forfall, fungerer visepresidentane etter rangordning som mellombels stortingspresident. Dersom stortingspresidenten eller ein av visepresidentane får langvarig forfall, kan Stortinget velje mellombels president for den tida fråværet varer.

Det kan veljast mellombels sekretær i staden for ein sekretær som får langvarig forfall.

(Tidligere § 5 annet og tredje ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 651 S (2020–2021))

§ 9 Leiing av møta i Stortinget

Stortingspresidenten leier møta i Stortinget. Stortingspresidenten kan overlate møteleiinga til ein visepresident eller ein mellombels president som er vald etter § 8 første ledd, eller ein setjepresident som Stortinget har vald for ei kortare tid. Visepresident, mellombels president og setjepresident har som møteleiar den same styringsretten som stortingspresidenten.

Visesekretæren kan fungere som mellombels sekretær.

Den presidenten som leier møtet, kan ikkje samstundes delta i debatten om ei sak. Ein som har delteke i debatten om ei sak, kan ikkje leie møtet under den vidare debatten om saka.

(Tidligere §§ 6 og 7. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009))

§ 9 a Administrative saker

Innanfor dei rammene som Stortinget har vedteke, har presidentskapet eit overordna ansvar for administrative saker.

Presidentskapet bør drøfte administrative saker som er særleg viktige, med partigruppene.

Presidentskapet kan i administrative saker delegere retten til å ta avgjerd til Stortingets direktør.

(Forarbeider: Innst. 406 S (2017–2018))

§ 9 b Stortingets direktør

Stortinget tilset Stortingets direktør.

Stortingets direktør leier arbeidet i administrasjonen i Stortinget. Stortingets direktør er sekretær for Stortingets presidentskap.

Viktige administrative saker skal alltid leggjast fram for presidentskapet.

(Forarbeider: Innst. 406 S (2017–2018))

Kapittel 3 Komiteane i Stortinget

§ 10 Valkomiteen

Straks etter at Stortinget har konstituert seg, blir det valt ein valkomité på 37 medlemer. Så langt råd er, bør partigruppene vere representerte i valkomiteen etter høvetala. Ein bør også ta omsyn til ei fordeling valdistrikta imellom. Valkomiteen avgjer korleis dei faste komiteane i Stortinget skal vere samansette.

Valkomiteen legg fram innstilling om alle val som komiteen får i oppdrag av Stortinget å førebu. Innstillinga skal gjerast ferdig så snart råd er etter at komiteen har fått oppdraget.

Medlemene i valkomiteen fungerer i heile valperioden. Ved avgang skal etterfølgjaren erstattast ved nytt val så snart som råd er.

Stortinget vel også varamedlemer til valkomiteen, og då etter dei same prinsippa som er nemnde i første leddet. Desse varamedlemene blir innkalla kvar gong medlemer i komiteen har forfall.

(Tidligere § 8. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–1985), Innst. 350 S (2011–2012))

§ 11 Dei faste komiteane i Stortinget

Stortinget kan når som helst vedta å endre talet på faste komitear eller talet på medlemer av komiteane.

Dersom Stortinget ikkje avgjer noko anna, skal komiteane ha uendra samansetjing på alle storting i den same valperioden, dersom ikkje partigruppene gjer framlegg til endringar som gjeld representantar frå eiga gruppe, eller avgang blant medlemer gjer det nødvendig å gjere endringar.

(Tidligere § 14 annet og tredje ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 256 (2008–09), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012))

§ 12 Fagkomiteane i Stortinget

Alle representantane så nær som stortingspresidenten blir fordelte på desse fagkomiteane:

  1. Arbeids- og sosialkomiteen

  2. Energi- og miljøkomiteen

  3. Familie- og kulturkomiteen

  4. Finanskomiteen

  5. Helse- og omsorgskomiteen

  6. Justiskomiteen

  7. Kommunal- og forvaltningskomiteen

  8. Kontroll- og konstitusjonskomiteen

  9. Næringskomiteen

  10. Transport- og kommunikasjonskomiteen

  11. Utdannings- og forskningskomiteen

  12. Utanriks- og forsvarskomiteen

(Tidligere § 10. Innst. S. nr. 2 (1972–73), Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 256 (2008–2009), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 28 S (2017–2018))

§ 13 Samansetjing av fagkomiteane

Straks etter at valkomiteen er skipa, nemner han opp medlemene til fagkomiteane i Stortinget, jf. § 10.

Alle partigruppene bør så langt råd er, vere representerte i komiteane etter høvetala.

Alle partigruppene skal ha medlem i finanskomiteen og har rett til å ha medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen. For dei partigruppene som ikkje er representerte i alle komiteane, kan valkomiteen etter oppmoding frå den partigruppa det gjeld, i særlege tilfelle gjere unntak frå plikta til å vere representert i finanskomiteen. For desse partigruppene kan valkomiteen også samtykkje til at anten medlemen i finanskomiteen eller medlemen i kontroll- og konstitusjonskomiteen også er medlem av ein annan fagkomité. Ingen kan vere medlem av meir enn to komitear.

Valkomiteen gjev Stortinget melding om oppnemningane.

(Tidligere § 11. Forarbeider: Innst. S. nr. 2 (1972–73), Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 256 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 28 S (2017–2018), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 14 Saksfordelinga mellom fagkomiteane

Hovudregelen for saksfordelinga mellom fagkomiteane er:

  1. Arbeids- og sosialkomiteen: Saker som gjeld arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, arbeidsretta ytingar, pensjonar, sosiale stønader og politikk som gjeld personar med funksjonsnedsetjing.

  2. Energi- og miljøkomiteen: Saker som gjeld olje, energi, vassdrag og miljøvern.

  3. Familie- og kulturkomiteen: Saker som gjeld familie, barn og ungdom, likestilling, forbrukarsaker, medrekna saker om gjeldsordning, kyrkje, trus- og livssynssamfunn, kultur og kulturminne.

  4. Finanskomiteen: Saker som gjeld økonomisk politikk, formues- og gjeldsforvalting, finansadministrasjon, finansmarknad, rekneskap og revisjon, inntektene til folketrygda, skattar, avgifter, toll og løyvingar til Stortinget. Om behandling av statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet: Sjå § 43.

  5. Helse- og omsorgskomiteen: Saker som gjeld helsetenester, pleie- og omsorgstenester, folkehelsearbeid, rusmiddelpolitikk og legemiddel.

  6. Justiskomiteen: Saker som gjeld rettsvesenet, kriminalomsorg, politiet, andre justisføremål, sivil beredskap, rettferdsvederlag, allmenn lovgjeving om forvalting, straffelovgjeving, prosesslovgjeving og allmenn sivillovgjeving.

  7. Kommunal- og forvaltingskomiteen: Saker som gjeld kommunal forvalting, regional- og distriktspolitikk, rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar, innvandringspolitikk, bustadtilhøve, bygningssaker, regional planlegging, nasjonale minoritetar, samiske spørsmål med unntak av reglane om val til Sametinget. Generelle saker om elektronisk kommunikasjon, digitalisering og kunstig intelligens. Saker som gjeld organisering og verkeområde for statleg forvalting, statens fellesadministrasjon, statleg personalpolitikk, medrekna lønsvilkår, løyvingar til Det kongelege hus og partistøtte.

  8. Kontroll- og konstitusjonskomiteen: Grunnlovssaker og vallovgjeving, saker som gjeld Stortingets kontroll med forvaltinga, jf. § 15 første ledd, saker der Stortinget skal ta stilling til om konstitusjonelt ansvar3 skal gjerast gjeldande, medrekna om ein skal be Stortingets ansvarskommisjon4 om å gjere dei undersøkingane som trengst for å klarleggje grunnlaget for slikt ansvar, jf. § 15 andre og tredje ledd og § 44. Komiteen skal også gjennomgå og leggje fram innstilling til Stortinget om

    1. statsrådsprotokollane m.m., jf. Grunnlova § 75 bokstav f,

    2. den årlege meldinga frå regjeringa om oppfølginga av stortingsvedtak som inneheld ei oppmoding til regjeringa, og om behandlinga av representantframlegg som det er gjort vedtak om å sende over til regjeringa til utgreiing og fråsegn,

    3. dokument og meldingar frå dei eksterne organa til Stortinget og andre saker som gjeld verksemda deira,

    4. rapportar frå Stortingets ansvarskommisjon og stortingsoppnemnde granskingskommisjonar.

  9. Næringskomiteen: Saker som gjeld nærings-, industri- og handelsverksemd, romverksemd, skipsfart, statleg eigarskapspolitikk, statsgaranti ved eksport mv., konkurranse- og prispolitikk, landbruk, jordbruksavtalen, matpolitikk, fiske, fangst, reindriftsavtalen, akvakultur og laksefiske.

  10. Transport- og kommunikasjonskomiteen: Saker som gjeld innanlands transport, post, fritidsbåtar og oppgåver under Kystverket.

  11. Utdannings- og forskingskomiteen: Saker som gjeld utdanning, barnehagar og forsking, medrekna koordinering av forskingspolitikken og forsking for landbruk, fiskeri og næringsliv.

  12. Utanriks- og forsvarskomiteen: Saker som gjeld utanrikspolitiske tilhøve, militært forsvar, utviklingshjelp, saker som gjeld norske interesser på Svarbard eller i andre polarområde, årsrapportar frå Stortingets faste delegasjonar til interparlamentariske forsamlingar, og – til vanleg – saker som gjeld avtalar mellom den norske staten og andre statar eller internasjonale organisasjonar.

(Tidligere § 12 annet ledd (i det vesentlige. Forarbeider: Innst. S. nr. 156 (1966–67), Innst. S. nr. 2 (1972–73), Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 145 (1991–1992), Innst. S. nr. 298 (1995–96), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 210 (2002–2003), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 230 (2005–2006), Innst. S. nr. 107 (2006–2007), Innst. S. nr. 264 (2006–2007), Innst. S. nr. 256 (2008–2009), Innst. 61 S (2009–2010), Innst. 358 S (2009–2010), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 28 S (2017–2018), Innst. S. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 15 Nærare om kontroll- og konstitusjonskomiteen

Ein tredjedel av medlemene i kontroll- og konstitusjonskomiteen kan vedta at komiteen skal be ein statsråd om å leggje fram opplysningar om tilhøve som blir omfatta av Stortingets kontroll med forvaltinga, som komiteen ønskjer. Ein tredjedel av medlemene i komiteen kan deretter vedta at komiteen skal ta ei sak om slik kontroll opp til behandling. Vidare kan ein tredjedel gjere dei undersøkingane i forvaltinga som ein meiner er nødvendige for dette.

Ein tredjedel av medlemene i kontroll- og konstitusjonskomiteen kan krevje at komiteen av eige tiltak skal ta ei sak om eventuelt konstitusjonelt ansvar opp til behandling, jf. lov 5. februar 1932 nr. 1 om ansvar for handlingar som blir påtalte ved Riksrett, og lov 5. februar 1932 nr. 2 om rettargangsmåten i riksrettssaker.

Dersom kontroll- og konstitusjonskomiteen kjem til at tilhøve i ein ekstern bodskap som gjeld brot på konstitusjonelle plikter, ikkje kan påtalast ved riksrett, skal bodskapen sendast over til rett påtalemakt. Komiteen kan dessutan gjere vedtak om at ein bodskap ikkje skal leggjast fram for Stortinget når dei tilhøva han gjeld, openbert ikkje kan føre til ansvar. Bodskapen skal leggjast fram for Stortinget ved innstilling dersom ein tredjedel av komitémedlemene krev det. Den som har kome med bodskapen, skal få melding om utfallet av behandlinga.

Før andre komitear legg fram innstilling der det blir gjort framlegg om at konstitusjonelt ansvar skal gjerast gjeldande, eller framlegg om at Stortingets ansvarskommisjon skal setje i verk undersøkingar, skal utkast til innstilling frå vedkomande komité leggjast fram for kontroll- og konstitusjonskomiteen til fråsegn.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen skal leggje fram innstilling til Stortinget om alle saker han tek opp til behandling. Ved behandlinga av saker etter § 14 nr. 8 bokstav b) kan komiteen velje å hente inn fråsegn frå vedkomande fagkomité som gjev grunnlag i arbeidet med innstillinga.

Komiteen fastset nærare reglar for sekretariatet sitt, også for arbeidsoppgåvene til sekretariatet, og korleis komitémedlemene kan bruke sekretariatet.

(Tidligere § 12 annet ledd nr. 9 annet til sjuende ledd (i det vesentlige. Forarbeider: Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 210 (2002–2003), Innst. S. nr.107 (2006–2007), Innst. S. nr. 264 (2006–2007), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–13), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 28 S (2017–2018))

§ 16 Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen

I den utvida utanriks- og forsvarskomiteen sit dei ordinære medlemene i utanriks- og forsvarskomiteen, stortingspresidenten og leiarane i partigruppene (dersom dei ikkje alt er medlemer av komiteen). Den valde leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen, jf. § 20 første ledd, er leiaren i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen. Etter oppmoding frå ei gruppe kan valkomiteen1 nemne opp fleire medlemer dersom komiteen ser at omsynet til representasjon og fordelinga mellom gruppene tilseier det.

Oppgåva til den utvida utanriks- og forsvarskomiteen er å drøfte viktige spørsmål om utanrikspolitikk, handelspolitikk, tryggingspolitikk og beredskap, medrekna terrorberedskap, med regjeringa. Slike drøftingar bør haldast før det blir gjort viktige vedtak. I særlege tilfelle kan komiteen leggje fram innstilling for Stortinget.

Første visepresident i Stortinget er varamedlem for stortingspresidenten, og nestleiarane i partigruppene er varamedlemer for leiarane i partigruppene. Dersom leiaren for partigruppa alt er medlem av komiteen, kan partiet i tillegg til nestleiaren utpeike ytterlegare ein varamedlem. Etter oppmoding frå vedkomande gruppe kan presidentskapet avgjere at ein vararepresentant som møter i utanriks- og forsvarskomiteen, også skal møte i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen.

Leiaren kallar saman komiteen når vedkomande meiner det er nødvendig, eller når statsministeren, utanriksministeren eller ein tredjedel av komitémedlemene ber om det. Det gjeld også når forsvarsministeren ber om det i viktige spørsmål som gjeld beredskap, eller når justisministeren ber om drøfting av spørsmål som gjeld terrorberedskap.

Forhandlingane i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen er omfatta av teieplikt dersom det ikkje uttrykkjeleg er gjort vedtak om noko anna. Det same gjeld innkallinga til og dagsordenen for møtet.

Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen kan vedta å halde fellesmøte med andre komitear. Femte ledd gjeld også for slike fellesmøte. Tredje ledd andre punktum gjeld tilsvarande for varamedlemer i komitear som ein held fellesmøte med.

Ei sak skal leggjast fram for Stortinget når minst seks komitémedlemer krev det i eit møte i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen der saka står på dagsordenen. Komiteen prøver om vilkåra for stortingsbehandling etter første punktum er oppfylte, og legg i så fall saka fram for presidentskapet. Komiteen kan vedta å halde fram med å behandle saka i det same møtet eller i eit seinare møte også når det er sett fram krav i samsvar med første punktum. Stortinget avgjer i møte for stengde dører om behandlinga i Stortinget skal vere for opne eller stengde dører. Behandlinga i Stortinget byrjar med ei utgreiing av ein regjeringsmedlem. Stortinget vedtek om ordskiftet skal kome anten rett etter denne utgreiinga eller i eit seinare møte. Framlegg som er sette fram i samband med stortingsbehandling av ei slik sak, kan ikkje sendast til behandling i ein komité.

(Tidligere § 13. Forarbeider: Innst. S. nr. 2 (1958), Innst. S. nr. 2 (1961–62), Innst. S. nr. 65 (1965–66), Innst. S. nr. 133 (1965–66), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 256 (2008–2009), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 61 S (2009–2010), Innst. 318 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 28 S (2017–2018), Innst. 426 S (2018–2019), Innst. S. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 17 Europautvalet

Dei konsultasjonane som regjeringa har med Stortinget om saker som gjeld avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtalen), medrekna framlegg om nye eller endra rettsakter på eit område som er omfatta av EØS-avtalen, og saker som gjeld tilgrensande avtalar med Den europeiske unionen (EU), skal haldast saman med Europautvalet. Europautvalet kan også nyttast til konsultasjon med Stortinget om andre handelspolitiske saker og forhandlingar. I slike tilfelle skal også næringskomiteen kallast inn.

Europautvalet består av utanriks- og forsvarskomiteen og medlemene av den norske delegasjonen til parlamentarikarkomiteen for EØS. Utanriks- og forsvarskomiteen og leiaren i komiteen kan dessutan avgjere at ein eller fleire komitear skal delta ved bestemte konsultasjonar. Varamedlemer i utanriks- og forsvarskomiteen møter også i Europautvalet. Det same gjeld varamedlemer i andre komitear som deltek i konsultasjonar etter andre punktum. Valkomiteen kan, etter oppmoding frå ei partigruppe, nemne opp leiaren av vedkomande gruppe som medlem av Europautvalet dersom ein meiner at omsynet til den høvesvise representasjonen til gruppene tilseier det.

Leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen kallar saman til konsultasjonar i Europautvalet når vedkomande meiner det er nødvendig, eller når ein medlem av regjeringa eller ein tredjedel av medlemene i utanriks- og forsvarskomiteen ber om det.

Dokument som Europautvalet får tilsendt frå regjeringa, skal også sendast til dei fagkomiteane det gjeld. Komiteane kan be regjeringa om å få sendt over andre dokument som gjeld EU- eller EØS-saker. Komiteane kan også stille skriftlege spørsmål til den aktuelle regjeringsmedlemen om slike saker, men kan ikkje halde høyring. Ein komité kan vedta å gje skriftleg fråsegn til Europautvalet om ei sak som utvalet skal behandle. Komiteen avgjer om det skal veljast saksordførar for ei slik sak. Ei skriftleg fråsegn frå ein komité til Europautvalet er offentleg når ho er gjeven, dersom ikkje komiteen fastset noko anna.

Møta i Europautvalet skal haldast for stengde dører. Det same gjeld for fellesmøte som utvalet har med andre komitear. Referat frå forhandlingane i utvalet er offentlege når dei ligg føre, dersom ikkje utvalet avgjer noko anna. Fråsegner som er gjevne i eit møte når referatet frå forhandlingane i saka ikkje er offentleg, er omfatta av teieplikt.

Saker som er tekne opp i Europautvalet, skal leggjast fram for Stortinget når utanriks- og forsvarskomiteen krev det i eit møte i Europautvalet der saka står på dagsordenen. Stortinget avgjer for stengde dører om møte i Stortinget for å behandle saka skal haldast for opne eller stengde dører. Føresegnene i § 16 sjuande ledd andre til og med siste punktum gjeld tilsvarande.

(Tidligere § 13 a. Forarbeider: Innst. S. nr. 112 (1993–94), Innst. S. nr. 205 (1993–94), Innst. S. nr. 246 (1995–96), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 38 (2007–2008), Innst. S. nr. 256 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 20 S (2013–2014), Innst. 487 S (2016–2017, Innst. 28 S (2017–2018), Innst. 426 S (2018–2019), Innst. S. 651 S (2020–2021))

§ 18 Særskilde komitear

Dersom Stortinget meiner det er nødvendig, kan det i unntakstilfelle nemne opp særskilde komitear til å behandle ei einskild sak eller saker av eit bestemt slag. Stortingets presidentskap legg fram innstilling om å nemne opp ein særskild komité. Innstillinga skal også innehalde framlegg til vedtak om samansetjing av den særskilde komiteen, og så langt råd er, bør ein unngå at oppnemninga fører til vanskar for det ordinære komitéarbeidet.

(Tidligere § 14 første ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 487 S (2016–2017))

§ 19 Granskingskommisjonar

Stortinget kan nemne opp ein granskingskommisjon for å klarleggje eller vurdere ein tidlegare faktisk hendingsgang. Mandatet bør berre opne for ei vurdering av ansvarstilhøve så langt som Stortinget har behov for hjelp til dette.

Framlegg om å nemne opp ein granskingskommisjon skal behandlast av kontroll- og konstitusjonskomiteen eller av ein særskild komité som Stortinget nemner opp etter § 18. Kontroll- og konstitusjonskomiteen kan leggje fram slikt forslag på eige initiativ.

Stortinget fastset mandatet til kommisjonen og dei nærare prosedyrane for arbeidet. Mandatet må sikre at ein tryggjer retten til kontradiksjon og etterprøving. Vidare må mandatet avklare om og i kor stor utstrekning føresegnene i forvaltingslova, offentleglova, sikkerheitslova og arkivlova skal gjelde. Det bør også vurderast om kommisjonen treng lovheimel for å sikre nødvendig tilgang til opplysningar og dokument og til å behandle personopplysningar.

Alle har rett til å få hjelp på alle trinn i arbeidet til granskingskommisjonen. Den som granskinga vedkjem, kan få dekt nødvendige kostnader når særlege grunnar taler for det.

Ein stortingsoppnemnd granskingskommisjon skal vere samansett av personar som har den nødvendige faglege kompetansen og integriteten. Kommisjonen utfører vervet sitt sjølvstendig og uavhengig av Stortinget.

Granskingskommisjonen rapporterer direkte til Stortinget. Rapporten skal vere offentleg dersom ikkje særskilde omsyn tilseier at det bør vere teieplikt for heile rapporten eller for delar av han. Før Stortinget gjer den endelege vurderinga av rapporten, bør han sendast over til regjeringa til skriftleg fråsegn.

(Tidligere § 14 a. Forarbeider: Innst. S. nr. 210 (2002–2003), Innst. S. nr. 107 (2006–2007), Innst. 350 S (2011–2012))

Kapittel 4 Arbeidsordninga i komiteane

§ 20 Val av komitéleiing, innkalling, møteplikt mv.

Så snart komiteane er oppnemnde, kjem kvar enkelt av dei saman og vel leiar, første nestleiar og andre nestleiar. Det skal straks sendast melding om vala til Stortinget. Det skal haldast nytt val kvart år i valperioden så snart det lèt seg gjere etter at Stortinget har konstituert seg.

Leiaren i komiteen kallar saman til møte og leier forhandlingane i komitémøta. Dersom leiaren har forfall, tek første nestleiar over desse oppgåvene. Dersom også første nestleiar har forfall, er det andre nestleiar som tek over desse oppgåvene.

Medlemene har den same plikta til å møte i komiteen som dei har til å møte i Stortinget. Forfall skal meldast til leiaren.

Komiteane kan etter grunngjeven søknad få samtykke frå presidentskapet til å nytte lønt arbeidshjelp.

(Tidligere: § 16 første og annet ledd, § 17 første ledd første, tredje og fjerde punktum og § 19 tredje ledd første og annet punktum og femte ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 187 (2002–2003), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 487 S (2016–2017))

§ 21 Varamedlemer

Ein vararepresentant som blir innkalla for ein representant, går inn som medlem av den komiteen representanten sit i, dersom presidentskapet ikkje vedtek noko anna. Det er likevel særskilde reglar for valkomiteen, den utvida utanriks- og forsvarskomiteen og Europautvalet, jf. §§ 10, 16 og 17.

Dersom ein komitémedlem har forfall til ei komitésamling når Stortinget ikkje er samla, og leiaren i komiteen meiner at forfallet kan godkjennast, kan leiaren kalle inn vararepresentanten for komitémedlemen. Det same gjeld ved forfall til komitésamling når Stortinget er samla, men ikkje har møte, og det ikkje har vore råd å søkje Stortinget om permisjon. § 5 andre punktum gjeld tilsvarande.

(Tidligere § 19 annet og femte ledd. – Før dette § 17 annet og tredje ledd annet punktum. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 246 (1995–96), Innst. S. nr. 38 (2007–2008), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 188 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 487 S (2016–2017))

§ 22 Oversending av saker til komiteane

Etter framlegg frå presidenten fordeler Stortinget alle saker som krev komitéførebuing, til dei faste komiteane. Til vanleg skal alle saker som ein komité skal førebu, fordelast etter saksfordelinga fastsett i § 14. Etter framlegg frå presidentskapet kan Stortinget gjere unntak for dette når praktiske grunnar tilseier det.

Stortinget kan vedta at ei sak først skal behandlast av ein komité, og at utkastet til innstilling frå denne komiteen deretter blir lagt fram for ein annan komité til fråsegn før det blir lagt fram innstilling. Stortinget kan også vedta at ei sak først skal behandlast av ein komité, og at utkastet til innstilling frå denne komiteen blir sendt til ein annan komité, som deretter legg fram innstilling. Etter at ei sak er send til ein komité, kan vedtak etter første og andre punktum gjerast av presidentskapet.

Stortinget kan også vedta at to faste komitear skal førebu ei sak i fellesskap. Som regel skal saka då drøftast førebels i eit fellesutval som har like mange medlemer frå kvar komité. Ordføraren for saka skal veljast innanfor dette utvalet.

Dersom det gjeld saker om større, ekstraordinære løyvingar, kan Stortinget vedta at komitéinnstillinga i saka skal sendast til finanskomiteen for at han kan uttale seg om den finansielle sida av innstillinga.

Når andre komitear enn utanriks- og forsvarskomiteen behandlar saker som vedkjem norske utanrikspolitiske interesser eller norske interesser på Svalbard eller i andre polarområde, skal utkast til innstilling frå vedkomande komité leggjast fram for utanriks- og forsvarskomiteen til fråsegn før innstilling blir lagd fram.

Saker som alt er sende over til ein komité, kan fordelast på nytt dersom presidentskapet vedtek det. Dersom presidentskapet samrøystes kjem fram til at ei sak ikkje treng å bli førebudd av ein komité, kan det sjølv leggje fram innstilling i saka.

Komiteane kan ikkje behandle andre saker enn dei som er sende over frå Stortinget, med dei unntaka som følgjer av denne forretningsordenen.

(Tidligere § 15 første til sjette ledd, § 12 annet ledd nr. 12 annet ledd og § 17 femte ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 232 (1988–89), S.tid. s. 2139–2142 (1994–95) angående tolkning, Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 256 (2008–09), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 358 S (2009–2010), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 20 S (2013–2014), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. S. 651 S (2020–2021))

§ 22 a Initiativdebatt

Komiteene kan inntil to ganger i hver stortingssesjon ta opp et tema som faller innenfor komiteens saksområde, til debatt i Stortinget, også utenom konkrete saker komiteen har fått til behandling. Under en slik debatt kan det ikke fremsettes forslag.

(Tidligere § 22 sjuende ledd annet og tredje punktum. Forarbeider: Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 20 S (2013–2014), Innst. 651 S (2020–2021))

§ 23 Framdrift og frist for framlegging

Leiaren skal snarast råd leggje fram for komiteen alle saker som komiteen har teke imot frå Stortinget. Så snart som råd er, skal komiteen fastsetje frist for å leggje fram innstilling og gje melding til stortingsadministrasjonen om fristen. Komitéleiaren skal føre tilsyn med at framdrifta i arbeidet med sakene er i samsvar med dei fastsette fristane. Vedtak om utsetjing av ein fastsett frist for å leggje fram innstilling krev samtykke frå presidentskapet dersom utsetjinga gjer at behandlingsdatoen må endrast i det førebels langtidsprogrammet for møta i Stortinget.

Eit vedtak om tidspunkt for å leggje fram innstilling, og også om frist for å leggje fram innstilling, kan eit mindretal på minst ein tredjedel av komitémedlemene leggje fram for presidentskapet til avgjerd, når det blir vedteke i det same møtet.

(Tidligere § 20 tredje og fjerde ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 235 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012))

§ 24 Saksordførar

For kvar sak som skal opp til behandling, vel komiteen ein ordførar blant medlemene sine, eller dersom det er reist krav om det, skal det veljast fleire ordførarar. Når ein komité berre skal kome med fråsegn om ei innstilling eller eit utkast til innstilling som er utarbeidd av ein annan komité, avgjer komiteen om det skal veljast saksordførar.

Ordføraren skal førebu saka for komiteen og skal freiste å få fram dei opplysningane og setje i verk dei undersøkingane som komitémedlemene meiner er nødvendige. Ordføraren har ansvar for å utarbeide innstillinga og skal skrive under saman med komitéleiaren.

Spørsmål eller oppmodingar til den ansvarlege statsråden som ledd i saksførebuinga skal normalt saksordføraren eller leiaren sende på vegner av komiteen. Svaret frå statsråden skal gjerast tilgjengeleg for komitémedlemene. Seinast ei veke før komiteen skal leggje fram innstilling, kan saksordføraren krevje at komiteen stiller bestemte skriftlege spørsmål til den regjeringsmedlemen det gjeld, om ei sak som komiteen har til behandling.

(Tidligere § 17, sjette til åttende ledd og § 21 første og annet ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 284 (2000–2001), Innst. S. nr. 187 (2002–2003), Innst. S. nr. 235 (2008–2009), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), (Innst. 651 S (2020–2021))

§ 25 Komitémøte

Innkalling til møte i komiteen skal innehalde dagsordenen. Møtetidspunktet skal kunngjerast på eigna måte.

Komitémøta blir haldne for stengde dører. Utsegner som andre komitémedlemer har kome med i eit lukka komitémøte, er det ikkje lov å gje vidare til andre.

Ein komité kan nemne opp utval mellom medlemene sine til å førebu einskilde saker, men den endelege behandlinga av ei sak må alltid skje i samla komité.

Komitémøte skal som hovudregel haldast ved at komitémedlemene møter fysisk. Komiteen kan i unntakstilfelle avgjere at komitémøte skal haldast ved hjelp av fjernmøteteknologi. Føresegnene i første til tredje ledd gjeld tilsvarande for slike møte, medrekna at digital deltaking må skje utan at utanforståande får tilgang til eller kan følgje med på møtet.

(Tidligere: § 17 første ledd annet punktum, § 17 annet ledd og § 19 første ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 284 (2000–2001), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), (Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 26 Avrøystingar i komiteane

Eit komitévedtak er gyldig når minst tre femtedelar av medlemene, avrunda opp til næraste runde tal, har vore til stades og røysta.

Komitévedtak blir fatta ved vanleg fleirtal. Dersom ei avrøysting viser like mange røyster for som imot, er røysta til komitéleiaren utslagsgjevande. Andre punktum gjeld ikkje ved personval, medrekna val av saksordførar. Dersom komitéleiaren har fråvær, er røysta til fungerande komitéleiar utslagsgjevande.

Ved val gjeld § 61 andre ledd tilsvarande.

Føresegnene i første til tredje ledd gjeld tilsvarande for avrøystingar i komitémøte som blir haldne ved bruk av fjernmøteteknologi, jf. § 25 siste ledd.

(Første ledd tidligere § 16 tredje ledd. Forarbeider: Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), (Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 27 Vedtak om komitéhøyring

Komiteen kan halde munnlege eller skriftlege høyringar. Med munnleg høyring er meint eit møte i komiteen der komiteen får munnlege forklaringar frå personar som komiteen sjølv har bede om å kome, eller som søkjer om å få leggje fram opplysningar for komiteen. Med skriftleg høyring er meint at komiteen inviterer til skriftlege høyringsinnspel i ei sak komiteen har til behandling.

Ein tredjedel av medlemene i komiteen kan krevje at det skal haldast høyring i ei sak komiteen har til behandling, og vedta kven ein skal be om å møte til munnleg høyring, eller om det skal inviterast til skriftleg høyring. Skriftleg høyring kan tre i staden for eller kome i tillegg til ei munnleg høyring.

Eit vedtak om å halde høyring som berre eit mindretal av medlemene i komiteen støttar, kan eit mindretal på minst ein tredjedel av medlemene i komiteen i same møte vedta å leggje fram for presidentskapet til avgjerd.Spørsmålet om å halde ei høyring skal førast opp som ei eiga sak i innkallinga til eit komitémøte. Berre saker som er til behandling i komiteen, og der det er valt saksordførar, kan takast opp til høyring.

Det er ikkje høve til å halde munnleg høyring når grunnlovsframlegg blir behandla i Stortinget. Det er ikkje høve til å halde kontrollhøyring når det er møte i Stortinget, bortsett frå under den ordinære spørjetimen. Elles bør ein halde høyringar på tidspunkt som ikkje fell saman med møte i Stortinget.

(Tidligere § 18 (§ 21 frem til 1.10.2009). Forarbeider: Innst. S. nr. 133 (1965–66), Innst. S. nr. 98 (1984–85), S.tid. s. 4695–4736 (1988–89) (debatt om åpne høringer), Innst. S. nr. 8 (1995–96), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 284 (2000–2001), Innst. S. nr. 91 (2001–2002), Muntlig innstilling 5. mai 2009, Innst. S. nr. 235 (2008–2009), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 199 S (2010–2011), Innst. 230 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 20 S (2013–2014), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 134 S (2017–2018), Innst. 426 S (2018–2019), (Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 27 a Gjennomføring av komitéhøyringar

Dei som blir bedne om å møte til munnleg høyring, møter friviljug, og dei avgjer sjølve om dei vil svare på spørsmål frå komiteen. Etter søknad kan presidentskapet gje komiteen lov til å dekkje nødvendige utgifter for personar som er med i ei munnleg høyring etter oppmoding frå komiteen.

Munnlege komitéhøyringar skal haldast for opne dører. Komiteen kan likevel med vanleg fleirtal vedta at høyringa heilt eller delvis skal gå for stengde dører. Eit medlem av komiteen kan krevje at ei open høyring blir avbroten for at komiteen skal behandle den vidare framdrifta, medrekna framlegg om å avslutte høyringa eller om å halde fram for stengde dører. Komiteen kan berre ta imot teiepliktige opplysningar for stengde dører. I ei open høyring må komitémedlemene ikkje gje eller vise til opplysningar som det etter lov eller instruks gjeld teieplikt for.

Meiningsutveksling mellom komitémedlemene skal ikkje finne stad under ei open høyring.

Opne høyringar skal kunngjerast seinast 24 timer før høyringa. I ekstraordinære tilfelle kan ei høyring kunngjerast med kortare varsel. I ei open høyring skal det vere plassar for tilhøyrarar. Talet på tilhøyrarar kan avgrensast av plassomsyn. Tilhøyrarar som forstyrrar høyringa, kan visast bort.

Komiteen kan vedta at det skal takast stenografisk referat frå ei kontrollhøyring, jf. reglementet for kontrollhøyringar. Avgjerd om stenografisk referat frå andre høyringar krev samtykke frå presidentskapet. Komiteen kan også vedta at høyringa skal takast opp på lydband. Komiteen kan vedta at det ikkje skal gjerast lyd- og biletopptak i ei høyring som elles er open.

Komiteen fastset sjølv den nærare prosedyren for dei munnlege høyringane, mellom anna fordeling av taletida, rekkjefølgje og talet på hovud- og oppfølgingsspørsmål.

Komiteen kan ved vanleg fleirtal avgjere at ei munnleg høyring kan gjennomførast heilt eller delvis ved fjernmøteteknologi. Føresegnene i paragrafen her gjeld så langt dei høver.

Kontrollhøyringar skal gå etter reglement for kontrollhøyringar, vedteke av Stortinget.

Invitasjon til skriftleg høyring skal kunngjerast med ein nærare fastsett frist. Mottekne skriftlege høyringsinnspel vil som hovudregel bli publiserte.

(Forarbeider: Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 27b Oppfølging av samiske interesser

Dersom komiteen vurderer tilråding til Stortinget om vedtak som vil kunne påverke samiske interesser direkte, og framlegget ikkje har vore gjenstand for konsultasjonar i samsvar med sameloven kapittel 4, kan komiteen:

  1. invitere Sametinget eller andre representantar for vedkomande samiske interesser til dialog, eller

  2. leggje fram innstilling om å be regjeringa gjennomføre nødvendige konsultasjonar og kome tilbake til Stortinget.

(Forarbeider: Innst. 473 S (2024–2025))

§ 28 Komitéreiser

Komiteen kan ta ut på reiser dersom han meiner det er nødvendig for arbeidet og presidentskapet har gjeve samtykke.

I staden for ei reise kan komiteen kan i særlege tilfelle gjennomføre møte med eksterne deltakarar ved bruk av fjernmøteteknologi. Slike møte skal i størst mogleg grad gjennomførast etter dei same prinsippa som blir praktiserte ved komitéreiser.

(Tidligere § 19 fjerde ledd (§ 17 før 1.10.2009). Forarbeider: Innst. S. nr. 133 (1965–66), Innst. 230 S (2011–2012), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 651 S (2020–2021))

§ 29 Protokollen og saksdokumenta til komiteane

Forhandlingane i komiteen skal førast inn i ein eigen protokoll. Komitéleiaren er ansvarleg for at det blir ført møteprotokoll, at saksdokument som er sende til komiteen, blir registrerte, og at viktige dokument og vedlegg blir arkiverte. Når kvart storting er ferdig med forhandlingane sine, skal protokollane som komiteane har ført, og dei dokumenta som høyrer til, leverast til Stortingets arkiv.

Presidentskapet kan etter søknad gje samtykke til at éin representant frå kvart parti som ikkje er representert i ein komité, får tilgang til alle dokumenta i den aktuelle komiteen. Reglane om konfidensialitet og behandlinga av dokumenta til komiteen gjeld i så fall tilsvarande for den representanten som får slik tilgang.

(Tidligere § 16 femte og sjette ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 426 S (2018–2019))

§ 30 Særleg om komitébehandling av representantframlegg

Med mindre det er klart at eit representantforslag ikkje vil bli godteke, skal statsråden få høve til å uttale seg om framlegget før komiteen legg fram realitetsinnstilling. Ein tredjedel av medlemene i komiteen kan elles krevje at det skal sendast ei oppmoding om at statsråden gjev fråsegn om eit representantframlegg. Saksordføraren eller leiaren skal stå som avsendaren av førespurnaden på vegner av komiteen. Svaret frå statsråden skal gjerast tilgjengeleg for medlemene i komiteen.

Dersom komiteen meiner at Stortinget av formelle grunnar ikkje bør ta framlegget til realitetsbehandling, legg han fram innstilling om at framlegget blir avvist. Dersom det er behov for meir utgreiing før det blir teke realitetsstandpunkt, kan komiteen leggje fram innstilling om at framlegget blir sendt regjeringa til utgreiing og fråsegn. I andre tilfelle legg komiteen fram innstilling om at representantframlegget heilt eller delvis blir vedteke ved at det blir teke opp at i tilrådinga, eller om at det ikkje blir vedteke. Dersom det ikkje er fleirtal for eit vedtak etter første til tredje punktum, skal komiteen leggje fram innstilling om at framlegget blir lagt ved protokollen.

(Tidligere § 29 annet ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 230 (2005–2006), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–13), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 31 Komitéinnstillingar til Stortinget

Komiteane skal leggje fram for Stortinget ei skriftleg innstilling i alle saker dei får til behandling. I særlege tilfelle kan innstillinga vere munnleg. I så fall må utkastet til vedtak som hovudregel vere delt rundt på førehand.

Alle innstillingar skal vere så korte som råd er, og i hovudsak innehalde merknadene frå komiteen. I innstillingane skal det ikkje prentast opp att dokument som ein like godt kan vise til. Dersom det likevel er sitert frå prenta dokument i innstillinga, skal det gå tydeleg fram. Presidenten skal sjå til at desse føresegnene blir følgde.

Komiteane skal syte for at dokument og vedlegg som dei har fått frå Stortinget, blir prenta i den grad dei meiner det er føremålstenleg.

Saker som høyrer saman, skal så langt råd er, takast opp i ei og same innstilling. Når særskilde grunnar tilseier det og presidentskapet gjev samtykke, kan ein komité først leggje fram innstilling om ein del av ei sak og seinare leggje fram innstilling om resten av saka.

Dei framlegga som er omhandla og utforma i innstillinga, jf. § 40 første ledd, skal setjast opp summarisk og i nummerorden i eit eige avsnitt der premissane for innstillinga er omtala. Av oversynet skal det gå fram kven som set fram framlegget.

Ei innstilling kan innehalde utkast til lovvedtak i tilråding eller framlegg når eit lovframlegg er grunnlaget for innstillinga. Det same gjeld der eit utkast til lovvedtak er motteke av Stortinget og referert og sendt til behandling i ein komité eller i presidentskapet, eller der presidentskapet legg fram innstilling i tråd med initiativretten i § 7 fjerde ledd.

Ei innstilling kan ikkje innehalde både utkast til lovvedtak og utkast til stortingsvedtak i tilråding eller framlegg, bortsett frå at ei innstilling kan innehalde både utkast til lovvedtak og utkast til stortingsvedtak om ei oppmoding til regjeringa. «Stortingsvedtak» er alle vedtak som ikkje er lovvedtak.

Det er ikkje tillate å offentleggjere ei innstilling før ho er endeleg framlagd. Ei framlagd innstilling skal leverast så snart som råd til stortingsadministrasjonen.

(Tidligere § 20 (i det vesentlige og § 16 fjerde ledd). Forarbeider: Innst. S. nr. 156 (1981–82), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 230 (2005–2006), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. S. 259 (2012–2013), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 32 Presidentskapets tilsyn med framleggingsfristane til komiteane

Presidentskapet fører tilsyn med at komiteane fastset fristar for når innstillingane skal leggjast fram, at fristane passar inn i det førebels langtidsprogrammet for møta i Stortinget, og at innstillingane blir lagde fram i samsvar med fristane.

Presidentskapet kan kalle inn komitéleiarane til møte om framleggingsfristane og om det arbeidet komiteane gjer med sakene. Etter at komitéleiaren har hatt høve til å uttale seg, kan presidentskapet fastsetje ein annan framleggingsfrist enn komiteen har gjort, eller fastsetje frist i ei sak der komiteen ikkje har gjort det.

Skulle ein komité ikkje ha lagt fram innstilling innan den fristen som er fastsett, kan presidentskapet overføre saka til ein annan komité eller føre saka opp på dagsordenen til behandling i Stortinget utan at det er lagt fram innstilling.

(Tidligere § 22 første, annet og fjerde ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 243 (1996–97) jf. Innst. S. nr. 174 (2000–2001), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

Kapittel 5 Innkalling til og avvikling av møta i Stortinget

§ 33 Innkalling til møte i Stortinget

Presidentskapet avgjer når Stortinget skal møte.

Etter vedtak i presidentskapet blir Stortinget kalla saman til møte ved at innkallinga er tilgjengeleg for representantane seinast 24 timar før møtet. Innkallinga skal innehalde dagsordenen. I ekstraordinære tilfelle kan det kallast saman til møte med kortare varsel. Det same gjeld dersom dagsordenen berre inneheld referatsaker.

(Tidligere § 24. Forarbeider: Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 651 S (2020–2021))

§ 34 Møte i Stortinget

Møte i Stortinget tek som regel til kl. 10.00 med unntak av fredagar då møta som regel tek til kl. 09.00. Presidentskapet kan vedta at møtet etter vanleg kunngjering skal avsluttast og setjast på nytt same dag.

Det kan ikkje setjast møte i Stortinget før presidenten har forvissa seg om at det er så mange representantar til stades som Grunnlova krev.

(Tidligere § 25 og § 27 annet ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 230 (2005–2006), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 199 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019))

§ 35 Program for møta i Stortinget

Seinast fredag innan kl. 15.00 bør program for arbeidet i Stortinget i veka etter gjerast tilgjengeleg for representantane. I programmet skal det stå kva dagar det skal haldast møte, når møta skal ta til, og fastsette tidspunkt for votering. Samstundes bør førebels sakliste for møta gjerast tilgjengeleg for representantane.

Regelen er at i stortingsmøta blir sakene tekne opp i den rekkjefølgja dei står på dagsordenen som presidenten har lagt fram.

Det kunngjorde vekeprogrammet som er nemnt i første ledd første og andre punktum, og den kunngjorde dagsordenen1 må ikkje fråvikast utan at det er nødvendig. Presidentskapet vedtek slikt fråvik. Ein kan vedta fråvik med to tredjedels fleirtal dersom framlegget er sett fram av ein representant. Elles kan presidenten under eit stortingsmøte vedta endringar i dagsordenen. Det bør opplysast om vedtekne fråvik så snart som mogleg.

Dersom eit møte ikkje blir ferdig med dagsordenen, skal dei sakene som står att, behandlast først i neste møte eller førast opp på ny dagsorden. Saker som er utsette til ei fastsett tid, bør likevel takast opp slik det er bestemt.

(Tidligere § 26 (med unntak av annet ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 392 S (2018–2019), Innst. 651 S (2020–2021))

§ 36 Møte for stengde dører

Dersom presidenten tek sikte på at eit møte skal haldast for stengde dører, skal møtet setjast og Stortinget ta stilling til dette for stengde dører (jf. § 84 i Grunnlova).

Til møte for stengde dører kan presidenten gje tilgjenge for funksjonærar ved stortingsadministrasjonen og for stortingsreferentane. Presidenten kan også tillate at somme av stortingsbetjentane kjem inn under forhandlingane for å levere nødvendige meldingar til presidenten eller ein representant. Vidare kan presidenten etter oppmoding frå ein statsråd be om samtykke frå Stortinget til at embets- og tenestemenn frå departementa får høve til å vere til stades under møtet.

Referat frå forhandlingane skal førast inn i ein eigen protokoll (jf. § 64), og både den og dei utkasta til referat som finst, skal leggjast forsegla i arkivet.

Forhandlingar som er førte for stengde dører, kan offentleggjerast dersom Stortinget gjer vedtak om det.

Presidentskapet kan gje løyve til å opne ei arkivert og forsegla sak frå eit møte for stengde dører.

(Tidligere § 61. Forarbeider: Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 37 Avbrot av stortingsforhandlingane i juni

Stortingsforhandlingane skal avsluttast seinast tredje fredagen i juni månad, med høve for presidentskapet til å utsetje tidspunktet i særskilde tilfelle. Presidentskapet kan vedta at forhandlingane i Stortinget skal takast opp att på eit seinare tidspunkt før neste storting kjem saman i samsvar med § 68 i Grunnlova.

(Tidligere § 33 annet ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 153 (1971–72), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 215 (1989–90), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

Kapittel 6 Arbeidsordninga i Stortinget

§ 38 Overleverte og framsette proposisjonar og forslag

Til vanleg bør ein overlevere kongelege proposisjonar og setje fram grunnlovsframlegg og representantframlegg ved byrjinga eller slutten av eit møte. Grunnlovsframlegg og representantframlegg skal leverast til stortingsadministrasjonen seinast kl. 08.30 den dagen framlegget skal setjast fram i møte.

Framlegg og søknader skal som regel setjast fram skriftleg, men kan ikkje setjast fram på vegner av fleire enn 10 representantar.

Grunnlovsframlegg og representantframlegg, saman med eventuell grunngjeving, skal snarast råd gjerast tilgjengelege for representantane.

Den som har sett fram eit representantframlegg, kan trekkje framlegget med ei skriftleg melding til stortingsadministrasjonen og i tillegg med ei munnleg melding til Stortinget. Eit framlegg om endring av Grunnlova kan ikkje trekkjast etter at Stortinget har vedteke at det skal prentast og kunngjerast.

Når eit framlegg er endeleg avgjort, må det ikkje takast fram att eller takast opp att på nytt i same stortingssesjon. Dersom det er heilt nødvendig, eller dersom regjeringa fremjar ein proposisjon eller ei melding innanfor det same saksområdet for Stortinget, kan Stortinget likevel gjere vedtak om at eit framlegg skal takast opp til ny behandling. Føresetnaden er då at framlegget blir komitébehandla på nytt.

(Tidligere § 28 første ledd, § 29 første ledd, § 31 første og tredje ledd og § 47. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 230 (2005–2006), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 199 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 162 S (2018–2019), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 39 Behandlinga av proposisjonar og forslag

Presidentskapet føreslår korleis kongelege proposisjonar og meldingar og representantframlegg og søknader skal behandlast, når dei er komne inn til Stortinget.

Når nye saker, m.a. framlegg, oppmodingar og søknader, er refererte, avgjer Stortinget om saka skal

  1. sendast til regjeringa utan realitetsvotering,

  2. sendast til ein komité,

  3. leggjast ut til gjennomsyn for representantane i minst éin dag og deretter førast opp på kartet til behandling,

  4. takast opp til avgjerd straks dersom ikkje presidenten eller ein femtedel av dei representantane som er til stades, set seg imot dette,

  5. avvisast eller ikkje takast opp til behandling.

Dersom presidenten meiner at bestemte saker som skal refererast, høver for avgjerd i same møtet, bør presidenten føre dei opp særskilt på dagsordenen og opplyse om at det kjem framlegg om at dei blir behandla straks.

Nye dokument i saker som alt er sende til ein komité, skal ikkje reknast som ei særskild sak, men skal sendast direkte til den komiteen som har saka. Det skal likevel ikkje gjerast dersom presidentskapet finn at saka bør refererast i Stortinget.

Ein representant kan be om fråsegn frå vedkomande departement om eit framlegg, ein søknad eller ei oppmoding som det er gjort vedtak om å sende over til regjeringa utan realitetsvotering.

(Tidligere § 28 annet til femte ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 230 (2005–2006), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 40 Framlegg som er sette fram under behandlinga av ei sak

Framlegg som er tekne opp og utforma i ei komitéinnstilling, skal avgjerast saman med innstillinga når den som har kome med framlegget, krev det. Det same gjeld andre framlegg til den same saka når dei er varsla på førehand ved at dei blir leverte til presidenten gjennom Stortingets administrasjon seinast kl. 08.30 den dagen det er debatt om saka i Stortinget. For slike framlegg gjeld elles dei same reglane som for framlegg som blir utforma i innstillinga, jf. § 31 sjette ledd. Framlegg om at konstitusjonelt ansvar skal gjerast gjeldande, eller framlegg om å setje i verk undersøkingar som nemnt i § 44 første ledd, skal likevel sendast kontroll- og konstitusjonskomiteen dersom tilhøvet ikkje alt har vore behandla av komiteen eller lagt fram for komiteen, jf. § 15 andre til fjerde ledd. I særskilde tilfelle kan Stortinget med to tredjedels fleirtal vedta at føresegnene i første og andre punktum skal setjast ut av kraft.

For behandling av framlegg som blir sette fram i ein debatt, gjeld § 38 andre ledd tilsvarande. Det same gjeld framlegg som er sette fram i tilknyting til ein debatt om ei utgreiing etter § 43 når debatten blir halden i eit seinare møte.

Når presidenten kunngjer at debatten om ei sak er avslutta, må det ikkje setjast fram nye framlegg eller gjerast endringar i framlegga i saka.

(Tidligere § 30 første til tredje ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 156 (1981–82), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 107 (2006–2007), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 199 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019))

§ 41 Behandling av framlegg om å utsetje ei sak eller sende ho tilbake til komité

Før debatten om ei sak er slutt, kan det setjast fram framlegg om at saka skal sendast tilbake til komiteen, eller at den vidare behandlinga av saka i Stortinget blir utsett til eit seinare møte i den same stortingssesjonen. Framlegget om utsetjing av saka til eit seinare stortingsmøte må takast opp til behandling straks og avgjerast av presidenten.

(Forarbeider: Innst. 259 S (2012–2013), jf. Dokument 14 (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019))

§ 42 Særleg om behandling av lovframlegg

Dersom Stortinget vedtek endringsframlegg når det drøftar lovframlegg første gong, og endringsframlegget ikkje har vore førebudd av ein komité, skal komiteen som regel uttale seg om vedtaket før det blir behandla på nytt i Stortinget.

Når det ved behandlinga av eit lovframlegg blir sett fram eit framlegg som inneheld ei oppmoding til regjeringa, skal framlegget som hovudregel behandlast saman med lovframlegget når det blir behandla for første gong. Slike oppmodingsframlegg som føreset eit visst resultat av behandlinga av lovframlegget, skal likevel førast opp på dagsordenen som eiga sak som skal drøftast etter at Stortinget har avslutta behandlinga av lovframlegget. Det kan ikkje setjast fram andre framlegg under behandlinga av ei slik sak.

Dersom eit framlegg om lovbehandling som er sett fram ved andre gongs behandling av eit lovframlegg, ikkje er varsla på førehand ved innlevering til presidenten gjennom stortingsadministrasjonen seinast kl. 08.30 den dagen det er debatt om lovframlegget i Stortinget, kan presidenten eller ein femtedel av dei representantane som er til stades, motsetje seg ei avrøysting over framlegget.

(Tidligere § 31 annet ledd og § 30 fjerde og femte ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 266 S (1980–81), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 288 S (2008–2009), Innst. 199 S (2010–2011), Innst. 446 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019))

§ 43 Behandlinga av statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet

Kongeleg proposisjon om statsbudsjett for det neste budsjettåret skal leggjast fram for Stortinget innan seks dagar etter at Stortinget er opna, jf. § 8 i reglementet om løyvingar. Samtidig legg ein fram stortingsmelding om nasjonalbudsjettet.

Etter at den kongelege proposisjonen om statsbudsjettet er lagd fram for Stortinget, legg presidentskapet fram innstilling om fordelinga av budsjettkapitla på komiteane og om rammeområde. Vidare skal presidentskapet – etter at komitéleiarane har hatt høve til å uttale seg – fastsetje og kunngjere fristane for å leggje fram budsjettinnstillingane og datoane for stortingsbehandlinga av dei.

Seinast den 30. november skal finanskomiteen leggje fram innstilling om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet, med framlegg til rammevedtak for løyvingar i samsvar med inndelinga i rammeområde fastsett av Stortinget. Framlegg til løyvingsvedtak som står i innstillinga, eller som blir lagde fram ved behandlinga av innstillinga, skal innehalde beløp for alle rammer og kan ikkje gå under rammenivå. Framlegg til rammevedtak må grunngjevast i innstillinga og kan ikkje setjast fram ved behandlinga av innstillinga etter § 40, med mindre framlegget er meint å rette opp ein klar feil i den framlagde innstillinga. Ein representant som ikkje er medlem av ei partigruppe, kan i alle høve setje fram framlegg til rammevedtak ved behandlinga av innstillinga. I Stortinget kan det ikkje røystast særskilt over einskilde delar av eit slikt framlegg.

Stortinget skal behandle innstillinga som er nemnd i tredje ledd, innan ei veke etter at dei er lagde fram. Dei rammevedtaka Stortinget gjer, er bindande for den etterfølgjande budsjettbehandlinga det same året.

Deretter skal fagkomiteane leggje fram innstilling om løyvingar innan dei rammeområda dei er tildelte. Framlegg til løyvingsvedtak som blir utforma i ei slik innstilling eller sette fram ved behandlinga, skal omfatte alle kapittel og postar innanfor kvart rammeområde og kan ikkje gå utover dei rammene Stortinget har vedteke. I Stortinget kan det ikkje voterast særskilt over einskilde delar av eit slikt framlegg.

Budsjettinnstillingane frå fagkomiteane skal behandlast av Stortinget seinast den siste møtedagen i desember. Dersom fristen etter fjerde ledd blir utsett eller overseten, blir denne fristen utvida med det same antalet dagar, men ikkje lenger enn til den 31. desember. Dei budsjettvedtaka Stortinget gjer ved behandlinga av desse innstillingane, er endelege.

Ein eventuell kongeleg samleproposisjon om endringar i statsbudsjettet skal leggjast fram seinast den 15. mai i budsjettåret, saman med stortingsmelding om revidert nasjonalbudsjett. Finanskomiteen legg fram innstilling om desse seinast den andre fredagen i juni. Når ein behandlar endringar i statsbudsjettet i budsjettåret, kan det ikkje voterast særskilt over dei einskilde delane av eit framlegg dersom den som har sett fram framlegget, set seg imot det.

(Tidligere § 31 annet ledd og § 30 fjerde og femte ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 266 S (1980–81), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 285 (2000–01), Innst. S. nr. 288 S (2008–2009), Innst. 199 S (2010–2011), Innst. 446 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 44 Behandlinga av saker om konstitusjonelt ansvar

Når eit vedtak krev tilslutning frå ein tredjedel av representantane, kan Stortinget be Stortingets ansvarskommisjon om å setje i verk undersøkingar for å klarleggje om det er grunnlag for å ta ut tiltale for riksrett etter § 86 i Grunnlova, jf. lov 5. februar 1932 nr. 2 om rettargangsmåten i riksrettssaker kapittel 3. Dette gjeld likevel ikkje dersom Stortinget i den same saka gjer vedtak om at det skal eller ikkje skal takast ut tiltale mot den eller dei personane undersøkingane vil vere retta mot, for dei tilhøva som er omfatta av oppmodinga til ansvarskommisjonen.

Når det er gjort vedtak om tiltale for riksrett, handlar kontroll- og konstitusjonskomiteen på vegner av Stortinget i arbeidet med førebuing og gjennomføring av saka.

(Tidligere § 45 a og § 12 annet ledd nr. 9 fjerde ledd åttende punktum. Forarbeider: Innst. S. nr. 2 (1972–73), Innst. S. nr. 107 (2006–2007), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 45 Munnleg utgreiing for Stortinget frå ein regjeringsmedlem

Med samtykke frå Stortingets presidentskap kan ein medlem av regjeringa gje ei munnleg utgreiing i eit stortingsmøte. Dersom det er mogleg, skal utgreiinga førast opp på dagsordenen. Presidenten kan vedta at utgreiinga omgåande skal følgjast av ein debatt. Forsamlinga kan deretter avgjere om utgreiinga skal

  1. førast opp til behandling i eit seinare møte,

  2. sendast til ein komité eller

  3. leggjast ved protokollen.

I ein debatt som følgjer rett etter utgreiinga, kan ein representant frå kvar av partigruppene – og vedkomande regjeringsmedlem – få ordet éin gong i opptil fem minutt. Under ein slik debatt kan det ikkje setjast fram framlegg. Når debatten er avslutta, avgjer forsamlinga om utgreiinga skal leggjast ved protokollen eller behandlast vidare etter første leddet bokstav a eller b.

Dersom forsamlinga ikkje er einig om den vidare behandlingsmåten etter første eller andre ledd, blir den vidare behandlingsmåten avgjord ved avrøysting.

(Tidligere § 34 a. Forarbeider: Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 46 Tilgjengeleggjering av innstillingar frå komiteane

Når ein komité har lagt fram ei innstilling, skal ho snarast råd gjerast tilgjengeleg for representantane. Som hovudregel skal det gå minst ei veke frå ei innstilling blir lagd fram, til ho blir behandla i Stortinget. Først 48 timar etter at ei innstilling er gjord tilgjengeleg for representantane, kan ho takast opp til behandling. I særlege tilfelle kan Stortinget likevel vedta med vanleg fleirtal at saka skal takast opp før denne fristen.

(Tidligere § 32. Forarbeider: Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 187 (2002–2003), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 47 Oversikt over melde saker og saker til behandling

I oktober og januar kvar stortingssesjon innhentar presidentskapet ei oversikt over dei proposisjonane og meldingane som regjeringa har tenkt å leggje fram.

Presidentskapet syter for at representantane heile tida har tilgang til ei oppdatert liste over alle saker som er tekne opp til behandling. I lista skal det opplysast når sakene vart sende til vedkomande komité, kven som er ordførar, og når komiteane vil leggje fram innstilling.

For at ein skal kunne rekne med at kongelege proposisjonar og meldingar skal kunne bli behandla før Stortinget avbryt forhandlingane sine i juni, må dei leggjast fram seinast 31. mars. Fristen gjeld ikkje for årlege og elles regelbundne proposisjonar og meldingar. For at ein skal kunne rekne med at representantframlegg og interpellasjonar skal kunne bli behandla før Stortinget avbryt forhandlingane sine i juni, må dei setjast fram innan den same fristen. Stortinget kan etter søknad gjere unntak frå fristen. Slik søknad må setjast fram for Stortingets presidentskap, som legg fram innstilling for Stortinget.

(Tidligere § 33 første ledd og § 34. Forarbeider: Innst. S. nr. 215 (1989–98), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 48 Saker som ikkje blir ferdig behandla i stortingssesjonen eller valperioden

Kongelege proposisjonar til Stortinget som Stortinget ikkje har ferdigbehandla i den valperioden då dei vart sette fram i stortingsmøte, kan presidentskapet føreslå blir tekne opp til behandling i den nye valperioden, etter at regjeringa har fått uttale seg om saka. Tilsvarande gjeld kongelege meldingar til Stortinget som Stortinget ikkje har ferdigbehandla i den valperioden då dei vart refererte i stortingsmøte.

Representantframlegg og søknader som er sette fram i den førre stortingssesjonen i den same valperioden, men ikkje er avgjorde der, står framleis for tur til å bli behandla, dersom den som sette fram framlegget, ikkje tok atterhald om det motsette. Representantframlegg som ikkje er ferdig behandla i den valperioden då dei vart sette fram, fell bort.

Presidentskapet kan føreslå at andre dokument med opphav i Stortinget eller organ som er tilknytte Stortinget, som ikkje har vorte ferdig behandla av Stortinget i den valperioden dei vart tekne til behandling, blir tekne opp til behandling i den nye valperioden.

Dersom ei komitéinnstilling ikkje blir avgjord i Stortinget før stortingssesjonen er slutt, skal ho takast opp til behandling i neste sesjon i den same valperioden, og då utan ny behandling i komité. Ei innstilling som ikkje er avgjord i Stortinget før valperioden er over, fell bort.

Spørsmål og interpellasjonar som det ikkje er gjeve svar på før valperioden er slutt, fell bort.

(Tidligere § 33 tredje til sjette ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 232 S (1988–89), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 230 (2005–2006), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 20 S (2013–2014), Innst. 651 S (2020–2021))

§ 49 Innkalling av personar til å møte for Stortinget

Når Stortinget meiner det er nødvendig å kalle inn nokon til møte etter § 75 h i Grunnlova, skal presidenten syte for at det blir sendt innkalling.

I innkallinga skal den saka eller dei sakene Stortinget ønskjer forklaringar om, nemnast uttrykkjeleg. Det skal òg gjerast greie for vedtaket om at den som er innkalla, skal stadfeste forklaringa si med høgtideleg lovnad. Den som er innkalla, skal vidare få ein gjenpart av dei reglane Stortinget har vedteke om framgangsmåten når nokon blir innkalla etter § 75 h i Grunnlova.

(Tidligere § 49. Forarbeider: Innst. S. nr. 192 (1996–97), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 50 Krav om utlevering av dokument

Når Stortinget meiner det er nødvendig å krevje utlevering av dokument etter § 75 f i Grunnlova, gjer ein vedtak om det. Kravet om utlevering kan gjelde kva dokument som helst som regjeringa eller den underliggjande forvaltinga sit med, og som er utarbeidd eller innhenta som ledd i offentleg verksemd. Presidenten syter for at kravet blir sendt over til regjeringa, som deretter legg fram dokumenta snarast råd.

(Tidligere § 49 a første ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 210 (2002–2003), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 50 a Behandling av meldingar frå regjeringa om forskrifter som avvik frå gjeldande lovgjeving

Ei melding frå regjeringa om forskrift fastsett av Kongen som utfyller, supplerer eller fråvik gjeldande lovgjeving, skal sendast Stortingets presidentskap, som syter for at meldinga så snart råd er, blir gjord tilgjengeleg for representantane på eigna måte. Meldinga skal bli referert i det første stortingsmøtet etter at ho er teken imot. Tilsvarande framgangsmøte skal ein følgje for melding frå regjeringa om å oppheve ei slik forskrift.

(Innst. 205 S (2019–2020), annet ledd opphevet ved stortingsvedtak 1. oktober 2020)

Kapittel 7 Debattane

§ 51 Talarlister og avgrensingar av debattida

Ved innleiinga av ein debatt kan presidenten vedta å avgrense den tida debatten skal vare, og fordele taletida mellom gruppene. Eit slikt vedtak gjer at kvar einskild talar kan gjevast kortare eller lengre taletid enn det som er fastsett i § 52.

Saksordføraren får som regel ordet først. Ved debatt i saker om representantframlegg kan ein av representantane som har kome med framlegget, få ordet etter saksordføraren. Deretter får talarane ordet i den rekkjefølgja dei ber presidenten om det, men likevel slik at ein kan ta omsyn til storleiken på partigruppene når ein fastset rekkjefølgja. Éin talar frå kvar partigruppe skal normalt stå først på talarlista. Dersom fleire representantar ber om ordet samstundes, avgjer presidenten kven av dei som skal tale først. Dersom gruppene gjennom stortingsadministrasjonen har levert inn til presidenten lister over representantar som ønskjer å delta i debatten, kan presidenten på dette grunnlaget setje opp ei liste som viser rekkjefølgja av talarane.

Ingen talarar må ha ordet meir enn to gonger i debatten om ei sak eller i kvar del av debatten dersom debatten er delt. Desse unntaka gjeld for dette:

  1. Avgrensinga gjeld ikkje for saksordførarar og den statsråden saka høyrer inn under. I allmenne politiske debattar, medrekna finansdebatt og utgreiingar etter § 45 første ledd bokstav a, gjeld avgrensinga ikkje for statsministeren og leiarane i partigruppene.

  2. Presidenten kan gje høve til ein kort merknad.

  3. Presidenten kan tillate at éin talar frå kvar partigruppe får ordet meir enn to gonger.

  4. I debattar etter § 22 a får éin representant frå kvart parti høve til eit uavgrensa tal innlegg.

  5. Presidenten kan vedta å gjere unntak frå hovudregelen.

Presidenten kan vedta at debatten skal avsluttast før alle talarar som har teikna seg, har hatt ordet ["clôture"]. Eit slikt framlegg må vere sett fram av presidenten eller av ti representantar på tilsvarande måte som ved avgrensing av taletida. Presidenten avgjer framlegget etter at éin talar har hatt høve til å tale for og éin mot, éin gong kvar.

(Tidligere § 35 og § 37 tredje ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 392 S (2018–2019), Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 52 Generelle avgrensingar av taletida

Taletida må ikkje vere lengre enn 15 minutt i første innlegg, ti minutt i andre innlegget og tre minutt i eventuelle følgjande innlegg. Ein kort merknad er likevel avgrensa til eitt minutt. Ei munnleg utgreiing av ein medlem av regjeringa, jf. § 45, må ikkje vere lengre enn ein time. Presidenten kan vedta lengre taletid.

Presidenten kan sjølv, eller etter skriftleg framlegg frå minst ti representantar, vedta kortare taletid, som ikkje må setjast under tre minutt. Presidenten kan gjere unntak for saksordførarar, leiarar i partigruppene og medlemer av regjeringa.

(Tidligere § 36. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 392 S (2018–2019))

§ 53 Replikkar og svar på direkte spørsmål

Det skal gjevast høve til replikkordskifte, som presidenten styrer, dersom presidenten ikkje vedtek noko anna. Replikken skal ha tilknyting til vedkomande innlegg. Taletida er eitt minutt. Den som held innlegget som fører til replikkar, kan svare på kvart einskilt innlegg etter tur.

Dersom presidenten meiner det kan vere viktig for det vidare ordskiftet, kan han eller ho tillate innlegg på høgst eit minutt utanfor tur for å gje høve til å svare på direkte spørsmål eller rette opplagde mistydingar i samband med innlegget til den siste talaren. Ein talar kan ved eit slikt høve ikkje få ordet meir enn to gonger.

(Tidligere § 37 første og annet ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 187 (2002–2003), Innst. S. nr. 235 (2008–2009), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019))

§ 54 Spørsmål som blir tekne opp på slutten av eit møte

Ved slutten av kvart møte skal presidenten gje representantane høve til å peike på eventuelle feil ved saksbehandlinga.

Med samtykke frå presidenten kan det ved slutten av møtet også rettast spørsmål til presidentskapet eller medlemer av regjeringa om saker som det av særlege grunnar er ønskjeleg å ta opp straks, og som det ikkje er føremålstenleg å reise på annan måte. Representantar som ønskjer å gjere dette, skal melde frå til presidenten i god tid før møtet er slutt. Spørjaren og den som svarer, har ei taletid på inntil fem minutt. Etter svaret kan ein representant frå kvar av dei andre partigruppene få ordet éin gong i inntil tre minutt. Til slutt kan spørjaren og den som har svart, få ordet éin gong til i inntil tre minutt.

Det er ikkje høve til å kome med framlegg under slike forhandlingar som er nemnde i andre leddet.

(Tidligere § 37 a. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 55 Talereglar

Den som har ordet, rettar talen til presidenten. Talaren bør halde seg strengt til den saka som er under debatt.

Sitat bør berre brukast i avgrensa utstrekning. Det skal gå klart fram av innlegget når eit sitat tek til, og når det sluttar, og talaren må opplyse om kvar sitatet er teke frå.

Upassande eller krenkjande åtferd eller tale er ikkje tillate. Slik åtferd eller tale skal påtalast av presidenten.

(Tidligere § 38 og § 40. Forarbeider: Innst. S. nr. 187 (1954), Innst. S. nr. 65 (1965–66), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 56 Framferd under forhandlingane

Det er ikkje tillate å gje høglydt uttrykk for misnøye eller samtykke under forhandlingane.

(Tidligere § 39. Forarbeider: Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 57 Deltaking i forhandlingane av regjeringsmedlemer

Når regjeringsmedlemer deltek i forhandlingane, har dei – i samsvar med § 74 i Grunnlova – same rettar og plikter etter forretningsordenen som representantane har.

(Tidligere § 41. Forarbeider: Innst. S. nr. 65 (1965–66), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 58 Brot på reglane i forretningsordenen

Dersom ein representant bryt reglane i forretningsordenen, kan presidenten gje vedkomande ei åtvaring, som blir teken opp att dersom det er nødvendig.

Dersom representanten likevel ikkje rettar seg etter forretningsordenen, avgjer presidenten om representanten ikkje skal få ordet eller i særlege tilfelle skal visast bort frå forhandlingane den dagen.

(Tidligere § 42. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019))

Kapittel 8 Avrøystingar

§ 59 Organisering av voteringane

Når dei talarane som har teikna seg, har hatt ordet, kunngjer presidenten at debatten er slutt. Sakene blir tekne opp til avrøysting på eit tidspunkt som presidentskapet har fastsett på førehand.

Dersom det er fleire framlegg i ei sak, skal presidenten ta kvart av dei opp til avrøysting i logisk rekkjefølgje. Voteringsordninga må vere oppgjeven og godteken på førehand.

Ein representant som ikkje er til stades i salen når presidenten kunngjer at voteringa har starta, er ikkje med i avrøystinga. Dei representantane som er til stades, må ikkje forlate salen før voteringa er ferdig.

(Tidligere § 43. Forarbeider: Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 276 (1996–97), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 392 S (2018–2019))

§ 60 Avrøystingsmåtar

Avrøystinga blir ordna på éin av desse måtane eller ved ein kombinasjon av dei:

  1. Ved at presidenten ber dei representantane som er for eller imot eit framlegg, om å reise seg. Presidenten kan også be om kontravotering.

  2. Ved bruk av elektronisk voteringsanlegg.

  3. Ved namneopprop. Dersom presidenten kjem til at namneopprop ikkje kan vere nødvendig, men ein representant set fram krav om opprop, avgjer Stortinget voteringsmåten utan debatt ved avrøysting etter bokstav a eller b. Oppropet tek til med det valdistriktet og den representanten som har fått nummeret sitt trekt ut ved loddtrekning på førehand. Oppropet held fram etter rekkjefølgja av representantane.

  4. Ved setlar utan underskrift. Denne avrøystingsmåten blir berre brukt ved val og berre når det er sett fram fleire framlegg til det same vervet, eller når ein frammøtt representant krev det, eller når forsamlinga gjer vedtak om det etter framlegg frå presidenten. Dei som røystar, skal på setelen skrive namna på dei personane dei røystar på, og sjølve leggje setelen i urna. Dersom nokon røystar på fleire enn det skal veljast, skal det namnet eller dei namna som står sist på røystesetelen, ikkje reknast med.

Dersom det er halde avrøysting som nemnd under bokstav a eller b, men presidenten eller ein femtedel av dei som røystar, hevdar at utfallet ikkje kan reknast som sikkert, skal det haldast ny avrøysting etter bokstav b eller c.

(Tidligere § 44. Forarbeider: Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 651 S (2020–2021))

§ 61 Krav til fleirtal ved avrøystingar

Ved avrøysting etter § 60 første ledd bokstav a, b eller c blir saka avgjord med vanleg røystefleirtal, dvs. over halvparten av røystene, dersom Stortinget ikkje har bestemt noko anna. Dersom avrøystinga viser like mange røyster for og imot, er røysta til møteleiaren avgjerande når stortingspresidenten er møteleiar. Er ein annan president møteleiar, er røysta til møteleiaren avgjerande dersom avrøystinga gjeld korleis saka skal behandlast i Stortinget. Gjeld avrøystinga innhaldet i saka, fører likt røystetal til at det ikkje er gjort gyldig vedtak, og behandlinga av saka held fram i eit seinare møte. Dersom det blir likt røystetal også ved den nye avrøystinga, er røysta til møteleiaren avgjerande.

Ved avrøysting etter § 60 første ledd bokstav d er eit relativt fleirtal, dvs. fleire røyster enn for noko anna framlegg, avgjerande for utfallet av valet, dersom det ikkje i lov eller reglement eller for det einskilde tilfellet er bestemt at det skal krevjast meir enn halvparten av røystene for at nokon skal reknast som vald. Dersom nokon har levert blanke røystesetlar, skal desse setlane takast med i oppteljinga når det gjeld å slå fast om Stortinget er vedtaksført, men dei skal ikkje reknast med i sjølve røysteoppgjeret. Den som då har fleirtal av dei effektive røystene, blir rekna som vald. Dersom høgste røystetal ved avrøystinga fell likt på fleire, kan kvar representant straks krevje ny avrøysting mellom dei kandidatane som har fått likt røystetal. Dersom ingen kjem med eit slikt krav, eller dersom røystetalet blir likt også ved ny avrøysting, skal valet avgjerast med loddtrekning.

(Tidligere § 45. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 62 (oppheva ved stortingsvedtak 20. juni 2019)

Kapittel 9 Stortingsprotokollane og ekspedisjon av sakene

§ 63 Stortingsprotokollane

Presidenten godkjenner Stortingets forhandlingsprotokoll i to eksemplar. Det eine eksemplaret er for saker som blir behandla for opne dører, og det andre eksemplaret gjeld saker som blir behandla for stengde dører. Sekretæren fører forhandlingsprotokollen, som presidenten og sekretæren skriv under.

(Tidligere § 55. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 64 Gjennomsyn og retting av protokollen

Etter kvart møte som har vore halde for opne dører, blir forhandlingsprotokollen lagd ut til gjennomsyn i stortingsadministrasjonen. Det same blir gjort etter møte for stengde dører dersom Stortinget har vedteke at forhandlingane kan offentleggjerast. Dersom nokon tek til motmæle mot protokolleringa, svarer presidenten på innvendingane, og deretter avgjer Stortinget ved avrøysting utan debatt om det skal gjerast rettingar i protokollen.

Protokollar frå møte for stengde dører som det ikkje blir vedteke å offentleggjere (jf. § 36 tredje ledd), blir opplesne og vedtekne før møtet blir heva.

(Tidligere § 56. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 65 Ekspedisjon av avgjorde saker

Når ei sak er avgjord, førebur stortingsadministrasjonen nødvendige meldingar. Etter godkjenning frå presidenten blir meldinga ekspedert. Dersom det gjeld adresser frå Stortinget til Kongen eller framstillingar som ved særlege høve skal gje uttrykk for ønska og meiningane til Stortinget, skal utkast til slike meldingar lesast opp for Stortinget.

(Tidligere § 57. Forarbeider: Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 66 Underskrift av vedtak

Presidenten skriv under lovvedtak som blir sende Kongen til sanksjon. Vedtak om endringar i eller tillegg til Grunnlova skal skrivast under av stortingspresidenten og sekretæren.

(Tidligere § 58. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 67 Underskrift av forhandlingsprotokollen

Når Stortinget har avslutta forhandlingane sine, skriv representantane under forhandlingsprotokollen. Deretter blir protokollen med tilhøyrande dokument levert til Stortingets arkiv.

(Tidligere § 59. Forarbeider: Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

Kapittel 10 Interpellasjonar og spørsmål

§ 68 Interpellasjonar

Ein representant som ønskjer å rette ein interpellasjon til regjeringa eller ein regjeringsmedlem, skal levere interpellasjonen skriftleg til presidentskapet gjennom stortingsadministrasjonen. Interpellasjonen skal vere kort. Presidenten bør avvise interpellasjonen om

  1. noko som fell utanfor ansvarsområdet til regjeringa,

  2. saker som er til behandling i komiteane,

  3. saker som det er lagt fram innstilling om, men som enno ikkje er behandla av Stortinget,

  4. saker som det alt er innlevert interpellasjon eller spørsmål til spørjetimen om, og som det enno ikkje er gjeve svar på.

Det er ikkje grunn til å avvise ein interpellasjon etter bokstav b eller c at interpellasjonen gjeld noko som er teke opp i eit enkeltframlegg i ei meir omfattande sak.

Presidentene kan også gripe inn mot formuleringar som er nemnde i § 55 fjerde ledd. Dersom interpellasjonen blir godteken, gjev presidenten melding om han til vedkomande regjeringsmedlem.

Det skal svarast på interpellasjonen i Stortinget så snart som råd og seinast ein månad etter at interpellasjonen vart send til regjeringa, dersom ikkje presidentskapet samtykkjer i at det blir svart på eit seinare tidspunkt. Den tida Stortinget ikkje er samla om sommaren, skal ikkje reknast med i fristen.

Ved behandlinga i Stortinget får først interpellanten ordet i høgst fem minutt til å forklare innhaldet i interpellasjonen. Dersom ein regjeringsmedlem erklærer at det ikkje vil bli gjeve noko svar på interpellasjonen, er forhandlingane slutt med det.

Dersom det blir gjeve svar på interpellasjonen, har den regjeringsmedlemen som svarer, ei taletid på inntil fem minutt. Statsministeren og andre statsrådar som har sakleg tilknyting til interpellasjonen, kan også svare, med same taletid.

I den debatten som følgjer, har først interpellanten og så regjeringsmedlemen rett til eitt innlegg kvar, på inntil tre minutt. Deretter kan andre representantar få ordet éin gong kvar, med taletid på inntil fem minutt. Til slutt har interpellanten og regjeringsmedlemen rett til eitt innlegg på inntil tre minutt kvar.

Behandlinga av interpellasjonen må ikkje vare lenger enn éin time og 30 minutt. Den taletida som eventuelt er nytta av statsministeren og andre statsrådar enn den som interpellasjonen er retta til, tel ikkje med.

Det kan ikkje setjast fram framlegg i samband med behandlinga av ein interpellasjon.

(Tidligere § 50. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 98 (1984–85), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 211 (1995–96), Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 69 Spørsmål til presidentskapet

Spørsmål som gjeld arbeidet i Stortinget, eller vedtak som presidentskapet gjer, skal leverast skriftleg til stortingspresidenten. Spørsmålet skal vere kort. Svaret bør gjevast så snart som mogleg etter at spørsmålet er levert inn.

Når spørsmålet blir behandla, har spørjaren lov til å grunngje det nærare i inntil fem minutt. Den medlemen av presidentskapet som svarer på spørsmålet, har den same taletida, men med samtykke frå Stortinget kan presidenten gje vedkomande høve til å tale i inntil ti minutt. Dersom vedkomande medlem av presidentskapet kunngjer at det ikkje vil bli gjeve noko svar på spørsmålet, er saka dermed ferdig.

Dersom det blir gjeve svar på spørsmålet, har spørjaren og medlemen av presidentskapet rett til å få ordet endå ein gong til innlegg på inntil tre minutt. Spørjaren har då høve til å stille eit kort tilleggsspørsmål. Ein kan ikkje setje fram framlegg i samband med eit slikt spørsmål. Ingen andre må ha ordet.

Ved innleiinga av behandlinga av eit spørsmål etter første til tredje ledd kan forsamlinga vedta at også andre representantar enn den som har stilt spørsmålet, kan få ordet éin gong til i inntil tre minutt, etter det første innlegget av medlemen av presidentskapet. Til slutt kan spørjaren og den som har svart, få ordet éin gong til. Elles gjeld det som er fastsett i første til tredje ledd.

(Tidligere § 51. Forarbeider: Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 211 (1995–96), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 70 Spørsmål med skriftleg svar

Ein representant som ønskjer å få skriftleg svar på eit spørsmål til ein regjeringsmedlem, skal levere spørsmålet til stortingspresidenten gjennom stortingsadministrasjonen, med påskrift om at ein ber om skriftleg svar. Spørsmålet skal være kort, men kan i tillegg utdjupast med inntil 2500 teikn.

Presidenten bør avvise spørsmål om noko som fell utanfor ansvarsområdet til regjeringa, og kan gripe inn mot formuleringar som er nemnde i § 55 tredje ledd. Presidenten sender spørsmålet over til vedkomande regjeringsmedlem, som kan nekte å svare på spørsmålet.

I éi kalenderveke kan ein representant stille til saman inntil to spørsmål der det blir bede om skriftleg svar. Spørsmål der det blir bede om skriftleg svar, kan ikkje stillast i juli månad.

Innan seks kvardagar etter at spørsmålet vart sendt over frå Stortinget, skal ein regjeringsmedlem gje skriftleg svar på spørsmålet til stortingspresidenten gjennom stortingsadministrasjonen eller melde skriftleg kvifor det ikkje blir svart på spørsmålet innan fristen, og i tilfelle når det vil bli svart, eller at det ikkje vil bli svart på spørsmålet. Svaret bør til vanleg ikkje vere lengre enn 5000 teikn. Stortingsadministrasjonen sender svaret vidare til spørjaren og syter for at spørsmål og svar blir prenta i Stortingsforhandlinger.

(Tidligere § 52. Forarbeider: Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 211 (1995–96), Innst. S. nr. 78 (2007–2008), Innst. 445 S (2010–2011), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 162 S (2018–2019), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 71 Gjennomføring av spørjetime

Stortinget har til vanleg spørjetime kvar onsdag kl. 10.00, først munnleg spørjetime, deretter ordinær spørjetime. Presidentskapet kan avgjere at det ei veke ikkje skal haldast munnleg spørjetime eller ordinær spørjetime. I særskilde tilfelle kan presidentskapet avgjere at munnleg spørjetime eller ordinær spørjetime skal haldast på eit anna tidspunkt.

(Tidligere § 53 nr. 1. Forarbeider: Innst. S. nr. 439 (1976–77), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 78 (2007–2008), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 72 Munnleg spørjetime

I den munnlege spørjetimen svarer regjeringsmedlemer på spørsmål som representantane stiller munnleg. Seinast måndag kl. 11.00 melder statsministeren til stortingspresidenten kva for nokre regjeringsmedlemer som vil delta i den munnlege spørjetimen same veka, og presidenten gjer representantane kjende med dette.

Representantane kan stille korte spørsmål, avgrensa til to minutt, til ein av dei regjeringsmedlemene som er til stades.

Representantar som ønskjer å stille spørsmål, bør melde frå om det på førehand til presidenten gjennom stortingsadministrasjonen. Presidenten avgjer kva for nokre representantar som kan stille spørsmål, og i kva rekkjefølgje.

Regjeringsmedlemene kan nekte å svare på spørsmål. Taletida for det første svaret frå regjeringsmedlemen etter eit hovudspørsmål er to minutt, elles er taletida eitt minutt. Etter svaret har spørjaren rett til å få ordet på nytt. Presidenten kan gje andre representantar ordet om den saka som vart teken opp i spørsmålet. Ein regjeringsmedlem har rett til å få ordet etter kvart innlegg frå ein representant, elles kan presidenten også gje ordet til andre regjeringsmedlemmer.

Presidenten avgjer når ein munnleg spørjetime skal slutte.

(Tidligere § 53 nr. 2. Forarbeider: Innst. S. nr. 211 (1995–96), Innst. S. nr. 276 (1996–97) jf. S.tid. 1996–97 s. 4530–4531, Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 254 S (2017–2018))

§ 73 Ordinær spørjetime

I den ordinære spørjetimen svarer regjeringsmedlemer på spørsmål som representantane har levert inn skriftleg til stortingspresidenten gjennom stortingsadministrasjonen. Spørsmålet skal vere kort. Ein representant kan stille eitt spørsmål i ein ordinær spørjetime. Dersom eit spørsmål må utsetjast som følgje av at ein statsråd er bortreist, kan representanten stille to spørsmål i neste spørjetime. Spørsmål til ein spørjetime må innleverast seinast kl. 14.00 siste torsdag før spørjetimen. Dersom torsdagen er ein høgtidsdag, er innleveringsfristen kl. 14.00 den siste kvardagen før torsdagen.

Presidenten bør avvise spørsmål til spørjetimen om noko som fell utanfor ansvarsområdet til regjeringa, og om saker som det alt er levert inn interpellasjon eller spørsmål til spørjetimen om, og som det enno ikkje er svart på. Dessutan kan presidenten gripe inn mot slike formuleringar som er nemnde i § 55 tredje ledd. Presidenten sender spørsmåla over til vedkomande regjeringsmedlemer. Spørsmåla blir offentleggjorde gjennom stortingsadministrasjonen. Regjeringsmedlemen kan nekte å svare på eit spørsmål.

Dei spørsmåla som skal opp i spørjetimen, skal gjerast tilgjengelege for representantane før spørjetimen tek til. Spørjarane får ordet etter tur, og utan å grunngje spørsmålet ber dei statsråden om å svare på det. Dersom spørjaren ikkje er til stades, kan ein annan representant ta opp spørsmålet. Dersom det ikkje skjer, reknar ein spørsmålet som bortfalle.

Svaret frå statsråden i spørjetimen bør ikkje vare lenger enn tre minutt. Etter at statsråden har svart, kan spørjaren og statsråden få ordet endå to gonger kvar til korte merknader, avgrensa til eitt minutt, om den saka som er teken opp i spørsmålet. Spørjaren har i den samanhengen høve til å stille korte tilleggsspørsmål. I innleiinga av spørjetimen kan presidenten avgjere at spørjaren og statsråden kan få ordet berre éin gong kvar etter at statsråden har svart, dersom presidenten meiner at det er nødvendig for at sakene på dagsordenen kan bli behandla i løpet av møtet.

(Tidligere § 53 nr. 3. Forarbeider: Innst. S. nr. 273 (1973–74), Innst. S. nr. 266 (1980–81), Innst. S. nr. 232 (1988–89), Muntlig innst. S.tid. 1999–2000 s. 1472, Muntlig innst. S.tid. 2000–2001 s. 2531–32, Innst. S. nr. 285 (2000–2001), Innst. S. nr. 187 (2002–2003), Innst. S. nr. 188 (2004–2005), Innst. S. nr. 78 (2007–2008), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 487 S (2016–2017), Innst. 473 S (2024–2025))

§ 74 Krav om dokumentinnsyn

Ein representant som ønskjer å be om innsyn i dokumenta hjå regjeringa eller forvaltinga, kan levere oppmodinga skriftleg til stortingspresidenten gjennom stortingsadministrasjonen. Presidenten sender oppmodinga over til den ansvarlege regjeringsmedlemen, som snarast og seinast innan tre arbeidsdagar anten skal utlevere dokumentet eller melde skriftleg kvifor det ikkje er utlevert innan fristen, og i tilfelle når det blir utlevert, eller kvifor det ikkje vil bli utlevert.

I vurderinga si skal regjeringsmedlemen leggje vekt på den særstillinga representantane har, og det informasjonsbehovet dei har.

Regjeringsmedlemen kan avslå oppmodinga i den grad det etter offentleglova gjeld teierett for dokumentet.

(Tidligere § 49 a annet ledd. Forarbeider: Innst. S. nr. 49 (2002–03), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013), Innst. 651 S (2020–2021), Innst. 473 S (2024–2025))

Kapittel 11 Ymse føresegner

§ 75 Teieplikta til representantane

Representantane har teieplikt om alle saker som blir behandla for stengde dører i Stortinget. Teieplikta gjeld også for behandlinga av slike saker i komiteane.

Vidare har representantane teieplikt om det dei i vervet sitt som stortingsrepresentantar får kjennskap til av:

  1. informasjon som er gradert etter sikkerhetsloven eller beskyttelsesinstruksen,

  2. tilhøve som er nemnde i § 13 i forvaltningsloven (personlege tilhøve eller tekniske innretningar og framgangsmåtar og drifts- og forretningstilhøve som det er viktig å halde hemmelege av konkurransegrunnar og av omsyn til den som opplysningane gjeld). Reglane i forvaltningsloven §§ 13 a til 13 f gjeld tilsvarande så langt dei høver.

Første gong ein representant møter, skal vedkomande gje teielovnad etter eit formular som presidentskapet har fastsett.

(Tidligere § 60. Forarbeider: Innst. S. nr. 168 (1998–99), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 75 a Behandling av gradert informasjon

Føresegner med heimel i sikkerhetsloven kapittel 8, medrekna føresegner om sikkerheitsklarering og autorisasjon, gjeld ikkje for stortingsrepresentantane. Elles gjeld føresegnene i sikkerhetsloven og beskyttelsesinstruksen om behandling av gradert informasjon tilsvarande for representantane og komiteane. Stortingets presidentskap kan fastsetje utfyllande retningslinjer om praktiseringa av reglane. Dersom tungtvegande omsyn tilseier det, kan presidentskapet i konkrete tilfelle vedta at det kan gjerast unntak frå reglane i sikkerhetsloven og beskyttelsesinstruksen.

Graderingsnivåa i sikkerhetsloven og beskyttelsesinstruksen blir nytta ved klassifisering av informasjon som blir utarbeidd i Stortinget. Stortinget fastset reglement for avgradering av dokument som er utarbeidde i Stortinget.

(Forarbeider: Innst. 426 S (2018–2019), Innst. 454 S (2021–2022))

§ 75 b Teieplikt og tilgang til gradert informasjon for tilsette i gruppesekretariata

For tilsette i gruppesekretariata gjeld § 75 første og andre ledd om teieplikt tilsvarande som for representantane. Fast og mellombels tilsette i gruppesekretariata skal underteikne erklæring om teieplikt etter eit formular som presidentskapet har fastsett.

Tilsette i gruppesekretariata må ikkje få tilgang til gradert informasjon utan samtykke frå Stortingets presidentskap. I saker som er til behandling i ein komité, kan komiteen likevel vedta at rådgjevarar som er tilknytte ein medlem av komiteen, og som følgjer arbeidet i komiteen, kan få tilgang til informasjon gradert etter beskyttelsesinstruksen og informasjon gradert AVGRENSA etter sikkerheitslova. For tilgangen til gradert informasjon for slike tilsette og rådgjevarar gjeld føresegnene i sikkerheitslova om sikkerheitsklarering og autorisasjon og reglane i sikkerheitslova og beskyttelsesinstruksen om behandling av informasjon.

(Tidligere § 75 a tredje ledd. Forarbeider: Innst. 426 S (2018–2019), Innst. 454 S (2021–2022))

§ 76 Register over verv og økonomiske interesser til representantane

Representantane kan registrere dei verva og økonomiske interessene som går fram av Reglement om register for representantenes verv og økonomiske interesser, på den måten og under slike vilkår som det er fastsett i dette reglementet. Det same gjeld vararepresentantar som møter fast for ein vald representant.

(Tidligere § 60 a. Forarbeider: Innst. S. nr. 72 (2008–09), Innst. S. nr. 288 (2008–09), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 77 Partigrupper

Med uttrykket «partigruppe» er i denne forretningsordenen meint den representanten eller dei representantane som er valde frå eit registrert parti som stilte liste i minst ein tredjedel av fylka ved valet.

(Tidligere § 62. Forarbeider: Innst. S. nr. 145 (1991–92), Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 78 Orden i stortingsbygningen

Stortingspresidenten skal ved avtale med vedkomande styresmakt syte for at det blir halde god orden i stortingsbygningen. Innanfor dei ordensreglane som gjeld for bygningen, må tilgjenget til tilhøyrarplassane vere så fritt som mogleg.

(Tidligere § 63. Forarbeider: Innst. S. nr. 288 (2008–2009), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

§ 79 Fråvik frå forretningsordenen

I særskilde tilfelle kan Stortinget vedta å setje einskilde føresegner i Stortingets forretningsorden ut av kraft. Eit slikt vedtak krev to tredjedels fleirtal. Dersom eit slikt framlegg er sett fram av presidenten, krev eit vedtak om det likevel berre vanleg fleirtal.

(Tidligere § 64. Forarbeider: Innst. S. nr. 169 (2004–2005), Innst. 350 S (2011–2012), Innst. 259 S (2012–2013))

Litteraturliste

Andenæs/Fliflet

Johs. Andenæs og Arne Fliflet

Statsforfatningen i Norge, 11. utgave,Universitetsforlaget, 2017

Castberg I

Frede Castberg

Norges Statsforfatning I, 3. utgave, Universitetsforlaget, 1964

Castberg II

Frede Castberg

Norges Statsforfatning II, 3. utgave, Universitetsforlaget, 1964

Fliflet

Arne Fliflet

Stortingets innkallingsrett i historisk lys, Jussens venner, 1972

Hansen og Mo

Guttorm Hansen og Erik Mo

Om Stortingets arbeidsordning – Stortingets forretningsorden med kommentarer, Stortinget, 1993

Helset

Per Helset

Hemmelighold og demokrati i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk, Universitetsforlaget, 1984

Opsahl

Torkel Opsahl

Delegasjon av Stortingets myndighet, Johan Grundt Tanum, 1965

Sejersted

Fredrik Sejersted

Kontroll og konstitusjon, Cappelen, 2002

Stavang

Per Stavang

Den utvida utanriksnemnda. Samfunn, rett, rettferdighet: Festskrift til Torstein Eckhoffs 70-årsdag, TANO 1986

Stordrange

Bjørn Stordrange

Fra premisser til kompromisser. Om Stortingets lovbehandling, Universitetsforlaget, 1988

Vassbotten

O. Joh. Vassbotten

Stortingets forretningsorden: med bevilgningsreglementet mv: kommentarutgave, 1940

Forarbeider til forretningsordenen

Innst. S. nr. 65 (1965–66), S.tid. s. 1832–1883

Innst. S. nr. 133 (1965–66), S.tid. s. 2723–2749

Innst. S. nr. 156 (1966–67), S.tid. s. 3901

Innst. S. nr. 117 (1967–68), S.tid. s. 3343–3380

Innst. S. nr. 153 (1971–72), S.tid. s. 2513

Innst. S. nr. 2 (1972–73), S.tid. s. 28–48

Innst. S. nr. 273 (1973–74), S.tid. s. 3481–3487

Innst. S. nr. 312 (1973–74), S.tid. s. 3487–3490

Innst. S. nr. 439 (1976–77), S.tid. s. 4656–4666

Innst. S. nr. 110 (1978–79), S.tid. s. 1928–1931

Innst. S. nr. 266 (1980–81), S.tid. s. 4375–4388

Innst. S. nr. 156 (1981–82), S.tid. s. 2733–2739

Innst. S. nr. 98 (1984–85), S.tid. s. 2473–2498

Innst. S. nr. 238 (1984–85), S.tid. s. 4151–4152

Innst. S. nr. 232 (1988–89), S.tid. s. 4695–4736

Innst. S. nr. 215 (1989–90), S.tid. s. 4025

Innst. S. nr. 145 (1991–92), S.tid. s. 3405–3440

Innst. S. nr. 112 (1993–94), S.tid. s. 3321–3329

Innst. S. nr. 205 (1993–94), S.tid. s. 4569–4572

Innst. S. nr. 8 (1995–96), S.tid. s. 219–256

Innst. S. nr. 211 (1995–96), S.tid. s. 3803–3808

Innst. S. nr. 246 (1995–96), S.tid. s. 4416–4426

Innst. S. nr. 298 (1995–96), S.tid. s. 4766

Innst. S. nr. 192 (1996–97), S.tid. s. 3484–3519

Innst. S. nr. 243 (1996–97), S.tid. s. 4412–4416

Innst. S. nr. 276 (1996–97), S.tid. s. 4412–4416

Innst. S. nr. 168 (1998–99), S.tid. s. 3254–3256

Innst. S. nr. 247 (1998–99), S.tid. s. 4269

Innst. S. nr. 174 (2000–2001), S.tid. s. 2263–2265

Muntlig innst. (2000–2001), S.tid. s. 2531–2532

Innst. S. nr. 284 (2000–2001), S.tid. s. 3531–3537

Innst. S. nr. 285 (2000–2001), S.tid. s. 3530–3531

Innst. S. nr. 91 (2001–2002), S.tid. s. 1741–1744

Innst. S. nr. 187 (2002–2003), S.tid. s. 2735–2738

Innst. S. nr. 210 (2002–2003), S.tid. s. 2969–2986

Innst. S. nr. 255 (2002–2003), S.tid. s. 3266–3270

Innst. S. nr. 188 (2004–2005), S.tid. s. 2431–2436

Innst. S. nr. 230 (2005–2006), S.tid. s. 2882

Innst. S. nr. 107 (2006–2007), S.tid. s. 2000–2008, 2023

Innst. S. nr. 264 (2006–2007), S.tid. s. 3553, 3596

Innst. S. nr. 38 (2007–2008), S.tid. s. 819–820, 833–834

Innst. S. nr. 78 (2007–2008), S.tid. s. 1477, 1483

Innst. S. nr. 72 (2008–2009), S.tid. s. 1645

Innst. S. nr. 235 (2008–2009), S.tid. s. 3150–3153

Innst. S. nr. 256 (2008–2009), S.tid. s. 3308–3311

Innst. S. nr. 288 (2008–2009), S.tid. s. 3472–3473

Innst. 61 S (2009–2010), S.tid. s. 719, 754

Innst. 358 S (2009–2010), S.tid. s. 4217, 4218, 4270

Innst. 188 S (2010–2011), S.tid. s. 2388, 2389, 2453

Innst. 199 S (2010–2011), S.tid. s. 2388, 2389, 2453

Innst. 226 S (2010–2011), S.tid. s. 2744, 2745, 2810

Innst. 318 S (2010–2011), S.tid. s. 3953, 3967, 3968

Innst. 445 S (2010–2011), S.tid. s. 5009, 5011, 5064

Innst. 446 S (2010–2011), S.tid. s. 133, 145

Innst. 165 S (2011–2012), S.tid. s. 2220, 2258, 2259

Innst. 350 S (2011–2012), S.tid. s. 3875, 3935–3948

Innst. 259 S (2012–2013), S.tid. s. 3420–3423, 3444–3447

Innst. 20 S (2013–2014), S.tid. s. 235–237

Innst. 487 S (2016–2017), S.tid. s. 4803–4807

Innst. 28 S (2017–2018), S.tid. s. 318

Innst. 134 S (2017–2018), S.tid. s. 2519–2520

Innst. 254 S (2017–2018), S.tid. s. 3562

Innst. 406 S (2017–2018), S.tid. s. 5227–5228

Innst. 162 S (2018–2019), S.tid. s. 2780–2781

Innst. 392 S (2018–2019), S.tid. s. 5286–5296

Innst. 426 S (2018–2019), S.tid. s. 5296–5298

Innst. 205 S (2019–2020), S.tid. s. 2787–2788

Vedtak i stortingsmøte 1. oktober 2020, S.tid. s. 1

Innst. 651 S (2020–2021), S.tid. s. 7055–7100

Innst. 454 S (2021–2022), S.tid. s. 4829

Innst. 473 S (2024–2025), vedtatt i Stortinget 19. juni 2025