Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Straks etter at Stortinget har konstituert seg, blir det valt ein valkomité på 37 medlemer. Så langt råd er, bør partigruppene vere representerte i valkomiteen etter høvetala. Ein bør også ta omsyn til ei fordeling valdistrikta imellom. Valkomiteen avgjer korleis dei faste komiteane i Stortinget skal vere samansette.
Valkomiteen legg fram innstilling om alle val som komiteen får i oppdrag av Stortinget å førebu. Innstillinga skal gjerast ferdig så snart råd er etter at komiteen har fått oppdraget.
Medlemene i valkomiteen fungerer i heile valperioden. Ved avgang skal etterfølgjaren erstattast ved nytt val så snart som råd er.
Stortinget vel også varamedlemer til valkomiteen, og då etter dei same prinsippa som er nemnde i første leddet. Desse varamedlemene blir innkalla kvar gong medlemer i komiteen har forfall.
Stortinget kan når som helst vedta å endre talet på faste komitear eller talet på medlemer av komiteane.
Dersom Stortinget ikkje avgjer noko anna, skal komiteane ha uendra samansetjing på alle storting i den same valperioden, dersom ikkje partigruppene gjer framlegg til endringar som gjeld representantar frå eiga gruppe, eller avgang blant medlemer gjer det nødvendig å gjere endringar.
Alle representantane så nær som stortingspresidenten blir fordelte på desse fagkomiteane:
Arbeids- og sosialkomiteen
Energi- og miljøkomiteen
Familie- og kulturkomiteen
Finanskomiteen
Helse- og omsorgskomiteen
Justiskomiteen
Kommunal- og forvaltningskomiteen
Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Næringskomiteen
Transport- og kommunikasjonskomiteen
Utdannings- og forskningskomiteen
Utanriks- og forsvarskomiteen
Straks etter at valkomiteen er skipa, nemner han opp medlemene til fagkomiteane i Stortinget, jf. § 10.
Alle partigruppene bør så langt råd er, vere representerte i komiteane etter høvetala.
Alle partigruppene skal ha medlem i finanskomiteen og har rett til å ha medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen. For dei partigruppene som ikkje er representerte i alle komiteane, kan valkomiteen etter oppmoding frå den partigruppa det gjeld, i særlege tilfelle gjere unntak frå plikta til å vere representert i finanskomiteen. For desse partigruppene kan valkomiteen også samtykkje til at anten medlemen i finanskomiteen eller medlemen i kontroll- og konstitusjonskomiteen også er medlem av ein annan fagkomité. Ingen kan vere medlem av meir enn to komitear.
Valkomiteen gjev Stortinget melding om oppnemningane.
Hovudregelen for saksfordelinga mellom fagkomiteane er:
Arbeids- og sosialkomiteen: Saker som gjeld arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, arbeidsretta ytingar, pensjonar, sosiale stønader og politikk som gjeld personar med funksjonsnedsetjing.
Energi- og miljøkomiteen: Saker som gjeld olje, energi, vassdrag og miljøvern.
Familie- og kulturkomiteen: Saker som gjeld familie, barn og ungdom, likestilling, forbrukarsaker, medrekna saker om gjeldsordning, kyrkje, trus- og livssynssamfunn, kultur og kulturminne.
Finanskomiteen: Saker som gjeld økonomisk politikk, formues- og gjeldsforvalting, finansadministrasjon, finansmarknad, rekneskap og revisjon, inntektene til folketrygda, skattar, avgifter, toll og løyvingar til Stortinget. Om behandling av statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet: Sjå § 43.
Helse- og omsorgskomiteen: Saker som gjeld helsetenester, pleie- og omsorgstenester, folkehelsearbeid, rusmiddelpolitikk og legemiddel.
Justiskomiteen: Saker som gjeld rettsvesenet, kriminalomsorg, politiet, andre justisføremål, sivil beredskap, rettferdsvederlag, allmenn lovgjeving om forvalting, straffelovgjeving, prosesslovgjeving og allmenn sivillovgjeving.
Kommunal- og forvaltingskomiteen: Saker som gjeld kommunal forvalting, regional- og distriktspolitikk, rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar, innvandringspolitikk, bustadtilhøve, bygningssaker, regional planlegging, nasjonale minoritetar, samiske spørsmål med unntak av reglane om val til Sametinget. Generelle saker om elektronisk kommunikasjon, digitalisering og kunstig intelligens. Saker som gjeld organisering og verkeområde for statleg forvalting, statens fellesadministrasjon, statleg personalpolitikk, medrekna lønsvilkår, løyvingar til Det kongelege hus og partistøtte.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen: Grunnlovssaker og vallovgjeving, saker som gjeld Stortingets kontroll med forvaltinga, jf. § 15 første ledd, saker der Stortinget skal ta stilling til om konstitusjonelt ansvar3 skal gjerast gjeldande, medrekna om ein skal be Stortingets ansvarskommisjon4 om å gjere dei undersøkingane som trengst for å klarleggje grunnlaget for slikt ansvar, jf. § 15 andre og tredje ledd og § 44. Komiteen skal også gjennomgå og leggje fram innstilling til Stortinget om
statsrådsprotokollane m.m., jf. Grunnlova § 75 bokstav f,
den årlege meldinga frå regjeringa om oppfølginga av stortingsvedtak som inneheld ei oppmoding til regjeringa, og om behandlinga av representantframlegg som det er gjort vedtak om å sende over til regjeringa til utgreiing og fråsegn,
dokument og meldingar frå dei eksterne organa til Stortinget og andre saker som gjeld verksemda deira,
rapportar frå Stortingets ansvarskommisjon og stortingsoppnemnde granskingskommisjonar.
Næringskomiteen: Saker som gjeld nærings-, industri- og handelsverksemd, romverksemd, skipsfart, statleg eigarskapspolitikk, statsgaranti ved eksport mv., konkurranse- og prispolitikk, landbruk, jordbruksavtalen, matpolitikk, fiske, fangst, reindriftsavtalen, akvakultur og laksefiske.
Transport- og kommunikasjonskomiteen: Saker som gjeld innanlands transport, post, fritidsbåtar og oppgåver under Kystverket.
Utdannings- og forskingskomiteen: Saker som gjeld utdanning, barnehagar og forsking, medrekna koordinering av forskingspolitikken og forsking for landbruk, fiskeri og næringsliv.
Utanriks- og forsvarskomiteen: Saker som gjeld utanrikspolitiske tilhøve, militært forsvar, utviklingshjelp, saker som gjeld norske interesser på Svarbard eller i andre polarområde, årsrapportar frå Stortingets faste delegasjonar til interparlamentariske forsamlingar, og – til vanleg – saker som gjeld avtalar mellom den norske staten og andre statar eller internasjonale organisasjonar.
Ein tredjedel av medlemene i kontroll- og konstitusjonskomiteen kan vedta at komiteen skal be ein statsråd om å leggje fram opplysningar om tilhøve som blir omfatta av Stortingets kontroll med forvaltinga, som komiteen ønskjer. Ein tredjedel av medlemene i komiteen kan deretter vedta at komiteen skal ta ei sak om slik kontroll opp til behandling. Vidare kan ein tredjedel gjere dei undersøkingane i forvaltinga som ein meiner er nødvendige for dette.
Ein tredjedel av medlemene i kontroll- og konstitusjonskomiteen kan krevje at komiteen av eige tiltak skal ta ei sak om eventuelt konstitusjonelt ansvar opp til behandling, jf. lov 5. februar 1932 nr. 1 om ansvar for handlingar som blir påtalte ved Riksrett, og lov 5. februar 1932 nr. 2 om rettargangsmåten i riksrettssaker.
Dersom kontroll- og konstitusjonskomiteen kjem til at tilhøve i ein ekstern bodskap som gjeld brot på konstitusjonelle plikter, ikkje kan påtalast ved riksrett, skal bodskapen sendast over til rett påtalemakt. Komiteen kan dessutan gjere vedtak om at ein bodskap ikkje skal leggjast fram for Stortinget når dei tilhøva han gjeld, openbert ikkje kan føre til ansvar. Bodskapen skal leggjast fram for Stortinget ved innstilling dersom ein tredjedel av komitémedlemene krev det. Den som har kome med bodskapen, skal få melding om utfallet av behandlinga.
Før andre komitear legg fram innstilling der det blir gjort framlegg om at konstitusjonelt ansvar skal gjerast gjeldande, eller framlegg om at Stortingets ansvarskommisjon skal setje i verk undersøkingar, skal utkast til innstilling frå vedkomande komité leggjast fram for kontroll- og konstitusjonskomiteen til fråsegn.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen skal leggje fram innstilling til Stortinget om alle saker han tek opp til behandling. Ved behandlinga av saker etter § 14 nr. 8 bokstav b) kan komiteen velje å hente inn fråsegn frå vedkomande fagkomité som gjev grunnlag i arbeidet med innstillinga.
Komiteen fastset nærare reglar for sekretariatet sitt, også for arbeidsoppgåvene til sekretariatet, og korleis komitémedlemene kan bruke sekretariatet.
I den utvida utanriks- og forsvarskomiteen sit dei ordinære medlemene i utanriks- og forsvarskomiteen, stortingspresidenten og leiarane i partigruppene (dersom dei ikkje alt er medlemer av komiteen). Den valde leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen, jf. § 20 første ledd, er leiaren i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen. Etter oppmoding frå ei gruppe kan valkomiteen1 nemne opp fleire medlemer dersom komiteen ser at omsynet til representasjon og fordelinga mellom gruppene tilseier det.
Oppgåva til den utvida utanriks- og forsvarskomiteen er å drøfte viktige spørsmål om utanrikspolitikk, handelspolitikk, tryggingspolitikk og beredskap, medrekna terrorberedskap, med regjeringa. Slike drøftingar bør haldast før det blir gjort viktige vedtak. I særlege tilfelle kan komiteen leggje fram innstilling for Stortinget.
Første visepresident i Stortinget er varamedlem for stortingspresidenten, og nestleiarane i partigruppene er varamedlemer for leiarane i partigruppene. Dersom leiaren for partigruppa alt er medlem av komiteen, kan partiet i tillegg til nestleiaren utpeike ytterlegare ein varamedlem. Etter oppmoding frå vedkomande gruppe kan presidentskapet avgjere at ein vararepresentant som møter i utanriks- og forsvarskomiteen, også skal møte i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen.
Leiaren kallar saman komiteen når vedkomande meiner det er nødvendig, eller når statsministeren, utanriksministeren eller ein tredjedel av komitémedlemene ber om det. Det gjeld også når forsvarsministeren ber om det i viktige spørsmål som gjeld beredskap, eller når justisministeren ber om drøfting av spørsmål som gjeld terrorberedskap.
Forhandlingane i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen er omfatta av teieplikt dersom det ikkje uttrykkjeleg er gjort vedtak om noko anna. Det same gjeld innkallinga til og dagsordenen for møtet.
Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen kan vedta å halde fellesmøte med andre komitear. Femte ledd gjeld også for slike fellesmøte. Tredje ledd andre punktum gjeld tilsvarande for varamedlemer i komitear som ein held fellesmøte med.
Ei sak skal leggjast fram for Stortinget når minst seks komitémedlemer krev det i eit møte i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen der saka står på dagsordenen. Komiteen prøver om vilkåra for stortingsbehandling etter første punktum er oppfylte, og legg i så fall saka fram for presidentskapet. Komiteen kan vedta å halde fram med å behandle saka i det same møtet eller i eit seinare møte også når det er sett fram krav i samsvar med første punktum. Stortinget avgjer i møte for stengde dører om behandlinga i Stortinget skal vere for opne eller stengde dører. Behandlinga i Stortinget byrjar med ei utgreiing av ein regjeringsmedlem. Stortinget vedtek om ordskiftet skal kome anten rett etter denne utgreiinga eller i eit seinare møte. Framlegg som er sette fram i samband med stortingsbehandling av ei slik sak, kan ikkje sendast til behandling i ein komité.
Dei konsultasjonane som regjeringa har med Stortinget om saker som gjeld avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtalen), medrekna framlegg om nye eller endra rettsakter på eit område som er omfatta av EØS-avtalen, og saker som gjeld tilgrensande avtalar med Den europeiske unionen (EU), skal haldast saman med Europautvalet. Europautvalet kan også nyttast til konsultasjon med Stortinget om andre handelspolitiske saker og forhandlingar. I slike tilfelle skal også næringskomiteen kallast inn.
Europautvalet består av utanriks- og forsvarskomiteen og medlemene av den norske delegasjonen til parlamentarikarkomiteen for EØS. Utanriks- og forsvarskomiteen og leiaren i komiteen kan dessutan avgjere at ein eller fleire komitear skal delta ved bestemte konsultasjonar. Varamedlemer i utanriks- og forsvarskomiteen møter også i Europautvalet. Det same gjeld varamedlemer i andre komitear som deltek i konsultasjonar etter andre punktum. Valkomiteen kan, etter oppmoding frå ei partigruppe, nemne opp leiaren av vedkomande gruppe som medlem av Europautvalet dersom ein meiner at omsynet til den høvesvise representasjonen til gruppene tilseier det.
Leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen kallar saman til konsultasjonar i Europautvalet når vedkomande meiner det er nødvendig, eller når ein medlem av regjeringa eller ein tredjedel av medlemene i utanriks- og forsvarskomiteen ber om det.
Dokument som Europautvalet får tilsendt frå regjeringa, skal også sendast til dei fagkomiteane det gjeld. Komiteane kan be regjeringa om å få sendt over andre dokument som gjeld EU- eller EØS-saker. Komiteane kan også stille skriftlege spørsmål til den aktuelle regjeringsmedlemen om slike saker, men kan ikkje halde høyring. Ein komité kan vedta å gje skriftleg fråsegn til Europautvalet om ei sak som utvalet skal behandle. Komiteen avgjer om det skal veljast saksordførar for ei slik sak. Ei skriftleg fråsegn frå ein komité til Europautvalet er offentleg når ho er gjeven, dersom ikkje komiteen fastset noko anna.
Møta i Europautvalet skal haldast for stengde dører. Det same gjeld for fellesmøte som utvalet har med andre komitear. Referat frå forhandlingane i utvalet er offentlege når dei ligg føre, dersom ikkje utvalet avgjer noko anna. Fråsegner som er gjevne i eit møte når referatet frå forhandlingane i saka ikkje er offentleg, er omfatta av teieplikt.
Saker som er tekne opp i Europautvalet, skal leggjast fram for Stortinget når utanriks- og forsvarskomiteen krev det i eit møte i Europautvalet der saka står på dagsordenen. Stortinget avgjer for stengde dører om møte i Stortinget for å behandle saka skal haldast for opne eller stengde dører. Føresegnene i § 16 sjuande ledd andre til og med siste punktum gjeld tilsvarande.
Dersom Stortinget meiner det er nødvendig, kan det i unntakstilfelle nemne opp særskilde komitear til å behandle ei einskild sak eller saker av eit bestemt slag. Stortingets presidentskap legg fram innstilling om å nemne opp ein særskild komité. Innstillinga skal også innehalde framlegg til vedtak om samansetjing av den særskilde komiteen, og så langt råd er, bør ein unngå at oppnemninga fører til vanskar for det ordinære komitéarbeidet.
Stortinget kan nemne opp ein granskingskommisjon for å klarleggje eller vurdere ein tidlegare faktisk hendingsgang. Mandatet bør berre opne for ei vurdering av ansvarstilhøve så langt som Stortinget har behov for hjelp til dette.
Framlegg om å nemne opp ein granskingskommisjon skal behandlast av kontroll- og konstitusjonskomiteen eller av ein særskild komité som Stortinget nemner opp etter § 18. Kontroll- og konstitusjonskomiteen kan leggje fram slikt forslag på eige initiativ.
Stortinget fastset mandatet til kommisjonen og dei nærare prosedyrane for arbeidet. Mandatet må sikre at ein tryggjer retten til kontradiksjon og etterprøving. Vidare må mandatet avklare om og i kor stor utstrekning føresegnene i forvaltingslova, offentleglova, sikkerheitslova og arkivlova skal gjelde. Det bør også vurderast om kommisjonen treng lovheimel for å sikre nødvendig tilgang til opplysningar og dokument og til å behandle personopplysningar.
Alle har rett til å få hjelp på alle trinn i arbeidet til granskingskommisjonen. Den som granskinga vedkjem, kan få dekt nødvendige kostnader når særlege grunnar taler for det.
Ein stortingsoppnemnd granskingskommisjon skal vere samansett av personar som har den nødvendige faglege kompetansen og integriteten. Kommisjonen utfører vervet sitt sjølvstendig og uavhengig av Stortinget.
Granskingskommisjonen rapporterer direkte til Stortinget. Rapporten skal vere offentleg dersom ikkje særskilde omsyn tilseier at det bør vere teieplikt for heile rapporten eller for delar av han. Før Stortinget gjer den endelege vurderinga av rapporten, bør han sendast over til regjeringa til skriftleg fråsegn.