Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Ved innleiinga av ein debatt kan presidenten vedta å avgrense den tida debatten skal vare, og fordele taletida mellom gruppene. Eit slikt vedtak gjer at kvar einskild talar kan gjevast kortare eller lengre taletid enn det som er fastsett i § 52.
Saksordføraren får som regel ordet først. Ved debatt i saker om representantframlegg kan ein av representantane som har kome med framlegget, få ordet etter saksordføraren. Deretter får talarane ordet i den rekkjefølgja dei ber presidenten om det, men likevel slik at ein kan ta omsyn til storleiken på partigruppene når ein fastset rekkjefølgja. Éin talar frå kvar partigruppe skal normalt stå først på talarlista. Dersom fleire representantar ber om ordet samstundes, avgjer presidenten kven av dei som skal tale først. Dersom gruppene gjennom stortingsadministrasjonen har levert inn til presidenten lister over representantar som ønskjer å delta i debatten, kan presidenten på dette grunnlaget setje opp ei liste som viser rekkjefølgja av talarane.
Ingen talarar må ha ordet meir enn to gonger i debatten om ei sak eller i kvar del av debatten dersom debatten er delt. Desse unntaka gjeld for dette:
Avgrensinga gjeld ikkje for saksordførarar og den statsråden saka høyrer inn under. I allmenne politiske debattar, medrekna finansdebatt og utgreiingar etter § 45 første ledd bokstav a, gjeld avgrensinga ikkje for statsministeren og leiarane i partigruppene.
Presidenten kan gje høve til ein kort merknad.
Presidenten kan tillate at éin talar frå kvar partigruppe får ordet meir enn to gonger.
I debattar etter § 22 a får éin representant frå kvart parti høve til eit uavgrensa tal innlegg.
Presidenten kan vedta å gjere unntak frå hovudregelen.
Presidenten kan vedta at debatten skal avsluttast før alle talarar som har teikna seg, har hatt ordet ["clôture"]. Eit slikt framlegg må vere sett fram av presidenten eller av ti representantar på tilsvarande måte som ved avgrensing av taletida. Presidenten avgjer framlegget etter at éin talar har hatt høve til å tale for og éin mot, éin gong kvar.
Taletida må ikkje vere lengre enn 15 minutt i første innlegg, ti minutt i andre innlegget og tre minutt i eventuelle følgjande innlegg. Ein kort merknad er likevel avgrensa til eitt minutt. Ei munnleg utgreiing av ein medlem av regjeringa, jf. § 45, må ikkje vere lengre enn ein time. Presidenten kan vedta lengre taletid.
Presidenten kan sjølv, eller etter skriftleg framlegg frå minst ti representantar, vedta kortare taletid, som ikkje må setjast under tre minutt. Presidenten kan gjere unntak for saksordførarar, leiarar i partigruppene og medlemer av regjeringa.
Det skal gjevast høve til replikkordskifte, som presidenten styrer, dersom presidenten ikkje vedtek noko anna. Replikken skal ha tilknyting til vedkomande innlegg. Taletida er eitt minutt. Den som held innlegget som fører til replikkar, kan svare på kvart einskilt innlegg etter tur.
Dersom presidenten meiner det kan vere viktig for det vidare ordskiftet, kan han eller ho tillate innlegg på høgst eit minutt utanfor tur for å gje høve til å svare på direkte spørsmål eller rette opplagde mistydingar i samband med innlegget til den siste talaren. Ein talar kan ved eit slikt høve ikkje få ordet meir enn to gonger.
Ved slutten av kvart møte skal presidenten gje representantane høve til å peike på eventuelle feil ved saksbehandlinga.
Med samtykke frå presidenten kan det ved slutten av møtet også rettast spørsmål til presidentskapet eller medlemer av regjeringa om saker som det av særlege grunnar er ønskjeleg å ta opp straks, og som det ikkje er føremålstenleg å reise på annan måte. Representantar som ønskjer å gjere dette, skal melde frå til presidenten i god tid før møtet er slutt. Spørjaren og den som svarer, har ei taletid på inntil fem minutt. Etter svaret kan ein representant frå kvar av dei andre partigruppene få ordet éin gong i inntil tre minutt. Til slutt kan spørjaren og den som har svart, få ordet éin gong til i inntil tre minutt.
Det er ikkje høve til å kome med framlegg under slike forhandlingar som er nemnde i andre leddet.
Den som har ordet, rettar talen til presidenten. Talaren bør halde seg strengt til den saka som er under debatt.
Sitat bør berre brukast i avgrensa utstrekning. Det skal gå klart fram av innlegget når eit sitat tek til, og når det sluttar, og talaren må opplyse om kvar sitatet er teke frå.
Upassande eller krenkjande åtferd eller tale er ikkje tillate. Slik åtferd eller tale skal påtalast av presidenten.
Det er ikkje tillate å gje høglydt uttrykk for misnøye eller samtykke under forhandlingane.
Når regjeringsmedlemer deltek i forhandlingane, har dei – i samsvar med § 74 i Grunnlova – same rettar og plikter etter forretningsordenen som representantane har.
Dersom ein representant bryt reglane i forretningsordenen, kan presidenten gje vedkomande ei åtvaring, som blir teken opp att dersom det er nødvendig.
Dersom representanten likevel ikkje rettar seg etter forretningsordenen, avgjer presidenten om representanten ikkje skal få ordet eller i særlege tilfelle skal visast bort frå forhandlingane den dagen.