Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Løvik, Petter (61 - 80 av 87)
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:72 (2000-2001)

    Innlevert: 16.11.2000

    Sendt: 16.11.2000

    Svart på: 23.11.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

    Lånekassa sine reglar om aldersgrense tar ikkje omsyn til søkjarar som på grunn av eit års opphald i utlandet blir 19 år før dei får gjennomført siste skuleår i vidaregåande skule. Dette fører til at søkjaren får om lag 15 000 kr mindre enn ein søkjar under aldersgrensa. Meiner statsråden at denne ordninga er i samsvar med ønsket om at flest muleg elevar bør ha eit utanlandsopphald i løpet av vidaregåande opplæring, og vil statsråden gjere noko for å endre reglane?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:459 (1999-2000)

    Innlevert: 13.09.2000

    Sendt: 13.09.2000

    Svart på: 21.09.2000 av fiskeriminister Otto Gregussen

    Sandøy kommune i Møre og Romsdal har i fleire år vore i kontakt med Kystdirektoratet for å få kjøpe eit areal på Ona for overdraging til ei reiselivsbedrift. Alle faginstansar har vore positive, og 26. juli i år fekk kommunen faks frå Kystdirektoratet om at dei ville innstille på at kommunen sitt tilbod vart akseptert. Like etter fekk dei telefonisk beskjed frå anna hald i direktoratet om at dette likevel ikkje var korrekt. Vil statsråden ta initiativ til ei snarleg og positiv løysing av denne saka?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:456 (1999-2000)

    Innlevert: 12.09.2000

    Sendt: 12.09.2000

    Svart på: 19.09.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

    Fleire innspel og oppslag i media viser til at det heller ikkje i år vil foreligge læremiddel for blinde og svaksynte elevar ved skulestart. Kva er statsråden si vurdering av situasjonen, kva tid vil læremidla foreligge, og kva vil bli gjort for å hindre at dette vil gjenta seg seinare år?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:412 (1999-2000)

    Innlevert: 27.06.2000

    Sendt: 28.06.2000

    Svart på: 07.07.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

    Vil statsråden ta omsyn til at ein del fylke har mange utrygge og rasutsette vegar ved fordelinga av vegmidlar i åra framover?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:411 (1999-2000)

    Innlevert: 27.06.2000

    Sendt: 28.06.2000

    Svart på: 04.07.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

    Når vil Alta kristne grunnskole få svar på søknaden om godkjenning?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:389 (1999-2000)

    Innlevert: 16.06.2000

    Sendt: 16.06.2000

    Svart på: 23.06.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

    Lønnsoppgjeret for lærarar får også konsekvensar for mange privatskular. Når kan privatskulane rekne med å få kompensert auka utgifter til lærarløn gjennom auka tilskot frå Staten?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:338 (1999-2000)

    Innlevert: 26.05.2000

    Sendt: 26.05.2000

    Svart på: 02.06.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

    Granskingar blant lærarane og oppslag i media viser at svært mange lærarar blir utsette for vald og aggresjon frå elevar. Mykje tyder på at problemet er aukande. Mellom anna viser ei gransking som Møre og Romsdal Lærarlag har gjort, og som er referert i Sunnmørsposten i dag, at nær halvparten av lærarane i grunnskulen i fylket er utsette for truslar, vald og skade på eigedom. Vil statsråden ta noko initiativ slik at denne skremmande utviklinga kan stoppast?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:333 (1999-2000)

    Innlevert: 24.05.2000

    Sendt: 25.05.2000

    Svart på: 31.05.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

    Skular som får tilskot etter privatskulelova § 26, tilskotsreglane 1, 2 og 4, kan få tilskot til undervisningsutstyr. I fjor vart desse tilskota tildelte i april. Når vil Departementet fordele tilskot til undervisningsutstyr for inneværande år?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:246 (1999-2000)

    Innlevert: 22.03.2000

    Sendt: 22.03.2000

    Svart på: 27.03.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

    Kva er status for arbeidet med å skaffe fram læremiddel for blinde og svaksynte i skulen, og kva vil statsråden gjere for at slike læremiddel skal ligge føre ved skulestart?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:173 (1999-2000)

    Innlevert: 02.02.2000

    Sendt: 03.02.2000

    Svart på: 08.02.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Stortingsmeldinga om studier i utlandet (jfr Innst. S. nr. 173 (1996-97)) vart handsama av Stortinget i april 1997. Stortinget bad Regjeringa legge fram forslag om å opprette eit stimuleringsfond for utdanningsinstitusjonar til å utvikle utvekslingsavtalar med institusjonar utanfor Vest-Europa. Eit viktig formål var å legge til rette for studentutveksling. Når vil Regjeringa følgje opp Stortinget sitt vedtak?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:168 (1999-2000)

    Innlevert: 31.01.2000

    Sendt: 01.02.2000

    Svart på: 08.02.2000 av samferdselsminister Dag Jostein Fjærvoll

    Ved behandlinga av budsjettet for år 2000 uttalte fleirtalet i Stortinget at rassikring knytt til Trollstigen skal finansierast utanfor vegrammene til Møre og Romsdal. Kva tid og på kva måte vil statsråden følgje opp dette?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:83 (1999-2000)

    Innlevert: 03.12.1999

    Sendt: 03.12.1999

    Svart på: 10.12.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Oppslag i media viser til at studentar med lang utdanning har gått glipp av bortimot 200 millionar kroner fordi Lånekassa ikkje opplyser godt nok om at ein del studielån kan nedskrivast etter endt utdanning. Korleis ser statsråden på dette, og kva tiltak vil han evt. sette i verk for å forbetre informasjonen frå Lånekassa?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:38 (1999-2000)

    Innlevert: 04.11.1999

    Sendt: 05.11.1999

    Svart på: 08.11.1999 av fiskeriminister Peter Angelsen

    Den teknologiske utviklinga når det gjeld fartøy og reidskap har i sterk grad oppheva skillet mellom fiskefartøy over og under 28 m i det som vert kalla den konvensjonelle flåten, og deler av begge desse gruppene fiskar i dag langt på veg med same reidskap. Stortinget har bedt om ei utgreiing med sikte på å få fram andre parameter enn fartøyet si lengde når det gjeld skillet mellom hav- og kystfiske. Når vil statsråden kome med konkrete forslag for å følgje opp Stortinget sitt ønskje?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:32 (1999-2000)

    Innlevert: 01.11.1999

    Sendt: 02.11.1999

    Svart på: 09.11.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Ein del vidaregåande skular vil ikkje skrive ut vitnemål på engelsk. Dette skaper problem for mange som vil studere i utlandet. Kva vil statsråden gjere for å sikre at dei som treng slike vitnemål kan få dette utan problem, og korleis ser statsråden på den noko varierande praksisen når det gjeld gebyr for å få vitnemål på engelsk?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:388 (1998-99)

    Innlevert: 01.09.1999

    Sendt: 03.09.1999

    Svart på: 09.09.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Vil statsråden ta snarlege initiativ for å motverke at ein stor del (10-20 pst) av elevane går ut av grunnskulen utan å kunne lese skikkeleg?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:280 (1998-99)

    Innlevert: 10.05.1999

    Sendt: 11.05.1999

    Svart på: 19.05.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Høgskulane i Møre og Romsdal la hausten 1998 fram for KUF-departementet eit forslag til organisering av den framtidige høgskuleutdanninga i Kristiansund. Dei har enno ikkje fått svar. Korleis ser statsråden på framtida for det desentraliserte høgskuletilbodet på Nordmøre, og kva initiativ vil han eventuelt ta for å kome vidare?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:265 (1998-99)

    Innlevert: 28.04.1999

    Sendt: 29.04.1999

    Svart på: 05.05.1999 av samferdselsminister Dag Jostein Fjærvoll

    Når vil søknaden om endeleg godkjenning av Eiksundsambandet i Møre og Romsdal med delvis finansiering med bompengar bli lagt fram for Stortinget?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:264 (1998-99)

    Innlevert: 28.04.1999

    Sendt: 29.04.1999

    Svart på: 04.05.1999 av samferdselsminister Dag Jostein Fjærvoll

    Når vil den nasjonale planen for rassikring bli lagt fram?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:153 (1998-99)

    Innlevert: 05.02.1999

    Sendt: 05.02.1999

    Svart på: 11.02.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Statens Lånekasse har varsla ny renteauke på studielån frå 1. april. Dette skjer i ein situasjon der utviklinga elles går i retning av lågare rentesatsar. Vil statsråden ta initiativ for å hindre den planlagde renteauken i april, og elles for å unngå renteauke på studielån til ordninga der låntakarane kan velje mellom fast og flytande rente er på plass?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til sosialministeren

    Dokument nr. 15:56 (1998-99)

    Innlevert: 13.11.1998

    Sendt: 13.11.1998

    Rette vedkommende: Helseministeren

    Svart på: 20.11.1998 av helseminister Dagfinn Høybråten

    Natur og ungdom avd. Volda har fått løyve til å selje vafler og kakao frå den faste «tombolaplassen» i Volda - Cubushjørnet. Løyvet er gitt «på vilkår av at tilbereding av vaffelrøre og koking av kakao blir utført på eit kjøken som er godkjent av næringsmiddeltilsynet. Meiner sosialministeren at dette er ei rett tolking av lova, og kva vil konsekvensane vere for frivillig lagsverksemd dersom denne tolkinga vert lagt til grunn?