Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Akselsen, Olav (1 - 20 av 24)
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:416 (2006-2007)

    Innlevert: 10.01.2007

    Sendt: 11.01.2007

    Svart på: 17.01.2007 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

    Korleis kan me sikra at mindre helsedistrikt som Helse Fonna kan oppretthalda eit forsvarleg helsetilbod, og på denne måten oppretthalda tilliten frå innbyggjarane i regionen?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:240 (2006-2007)

    Innlevert: 24.11.2006

    Sendt: 24.11.2006

    Svart på: 30.11.2006 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

    Israel har fengsla 38 valde parlamentarikarar frå den lovgjevande palestinske forsamlinga (PLC), mellom anna parlamentspresident Aziz Dweik i tillegg til 5 ministrar. Dei fleste av dei fengsla parlamentarikarane tilhøyrer "Change and reform"-lista som har ei viss tilknyting til Hamas, men lista vart ikkje kritisert før valet av Israel. Kva er den norske haldninga til fengslingane, og korleis kjem dette til uttrykk overfor israelske styresmakter?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:61 (2006-2007)

    Innlevert: 16.10.2006

    Sendt: 18.10.2006

    Svart på: 25.10.2006 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

    Etter krigen mellom Israel og Hizbollah er det store problem med udetonert ammunisjon frå dei krigførande partane, og med blindgjengarar frå Israel sin utstrakte bruk av klasebomber. Det finst internasjonale lover for krigføring og for bruk av visse typar våpen. Korleis blir Israel og Hizbollah sin krigføring og bruk av klasebombebruk vurdert i høve til internasjonale konvensjonar og lovgjeving, opprydningsansvar og erstatningsansvar?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:103 (2005-2006)

    Innlevert: 07.11.2005

    Sendt: 08.11.2005

    Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren

    Svart på: 29.11.2005 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

    Det er påvist salmonella i kjøt som er som er importert til Noreg frå EU-landet Polen. Funnet av salmonella skjer til tross for at kjøtet det er snakk om er godkjent som salmonellafritt av EU. Dette viser at kontrollen i EU ikkje er god nok. Vil statsråden ta opp godkjenning av kjøt og kjøtprodukt med dei rette styresmaktene i EU for å hindra at dette skjer igjen?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:534 (2004-2005)

    Innlevert: 21.02.2005

    Sendt: 21.02.2005

    Svart på: 25.02.2005 av nærings- og handelsminister Børge Brende

    Når kan me venta å få framlagt ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med forslag til ny minerallov?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:519 (2004-2005)

    Innlevert: 18.02.2005

    Sendt: 18.02.2005

    Svart på: 25.02.2005 av nærings- og handelsminister Børge Brende

    Er det rett å krevje leige av dei musea som disponerar og tek vare på eigedomar som Næringsdepartementet eig?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:518 (2004-2005)

    Innlevert: 18.02.2005

    Sendt: 18.02.2005

    Svart på: 25.02.2005 av nærings- og handelsminister Børge Brende

    Når kan me venta å få framlagt ei eiga sak for Stortinget om betre forvalting av statleg eigarskap?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til moderniseringsministeren

    Dokument nr. 15:462 (2004-2005)

    Innlevert: 02.02.2005

    Sendt: 02.02.2005

    Svart på: 08.02.2005 av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer

    Det vert hevda at systemet med bonuspoeng kan påverka val av hotell for store grupper, og at dette er konkurransevridande. Eg vil be om statsråden si vurdering av om hotellkjedene sine bonuspoeng vil påverka konkurransen mellom ulike hotell, og om dagens praksis er i tråd med konkurransereglane og reglane for offentleg anbod. Er dagens praksis med bonuspoeng ved hotellovernattingar i tråd med ønska praksis?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:942 (2003-2004)

    Innlevert: 20.09.2004

    Sendt: 20.09.2004

    Svart på: 24.09.2004 av nærings- og handelsminister Børge Brende

    Stortinget vedtok i samband med statsbudsjettet for 2004 å vidareføre NOx-reduksjonsprogrammet, og det vart løyva 10 mill. kr til dette. Kva er erfaringa med programmet så langt, og kor mange har nytta seg av moglegheitene til å søke om midlar?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:632 (2003-2004)

    Innlevert: 27.04.2004

    Sendt: 28.04.2004

    Rette vedkommende: Kommunal- og regionalministeren

    Svart på: 05.05.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

    Kva har statsråden føreteke seg for å fylle opp punktet i budsjettavtalen med Arbeidarpartiet kor det heiter: "Regjeringa bes om å ta aktivt del i arbeidet for å legge et grunnlag for ny næringsdrift i Årdal og Høyanger i sambande med store nedleggelser av industriarbeidsplasser. Det må tas initiativ overfor nåværende virksomheter, fremtidige eier- og investormiljøer og gjennom målrettede offentlige virkemidler."?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:542 (2003-2004)

    Innlevert: 23.03.2004

    Sendt: 24.03.2004

    Svart på: 31.03.2004 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    Kva er erfaringane så langt med Stortinget sitt vedtak om å sikre eit visst antal lærlingplassar for norske sjøfolk på skip som er omfatta av nettolønnsordninga, samt å oppretta eit fond til kompetansehevings- og rekrutteringstiltak?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:541 (2003-2004)

    Innlevert: 23.03.2004

    Sendt: 24.03.2004

    Svart på: 31.03.2004 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    Kva har statsråden føreteke seg for å sikra vidareføring av NOx-reduksjonsprogrammet i samsvar med det Stortinget vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet for 2004?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:224 (2003-2004)

    Innlevert: 15.12.2003

    Sendt: 16.12.2003

    Rette vedkommende: Miljøvernministeren

    Svart på: 22.12.2003 av miljøvernminister Børge Brende

    Kva vil statsråden gjera for å sikre at dei avgrensingane som no er foreslått i det arealet tarehaustinga skjer er i tråd med vedteken politikk?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:141 (2003-2004)

    Innlevert: 18.11.2003

    Sendt: 18.11.2003

    Svart på: 24.11.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    I spørjetimen den 12. november kom det fram at det no er fritt fram for utanlandske skip med utanlandsk arbeidskraft på innanlands sjøtransport i Noreg. Samferdselsministeren stadfeste at Regjeringa vil leggje til rette for at utanlandske selskap fritt skal kunne konkurrere om ferjekonsesjonar på riksvegsamband, utan at ho sa at Regjeringa vil stille krav til løns- og arbeidsvilkåra for dei ansatte ombord, noko som innebere at norske reiarlag fort kan bli utkonkurrert. Har næringsministeren tiltak mot denne utviklinga?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:580 (2002-2003)

    Innlevert: 20.05.2003

    Sendt: 21.05.2003

    Svart på: 23.05.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    I Statkraft sin årsrapport for 2002 kjem det fram av styret sin årsberetning at styret i 2002 har søkt eigaren, altså staten, om at det vart tilført ny eigenkapital til selskapet. Kva gjer Regjeringa med styret sin søknad?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:541 (2002-2003)

    Innlevert: 08.05.2003

    Sendt: 09.05.2003

    Svart på: 15.05.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    I samband med saka om Raufoss m.m. (St.prp. nr. 39 (2002-2003)) fatta Stortinget i januar i år vedtak der me bad Regjeringa leggje fram ei sak for Stortinget om betre forvaltning av det statlege eigarskapet. Fleirtalet understreka at Stortinget skal ha saka i tide til å handsama ho våren 2004. Kva har statsråden gjort ovanfor Statseigarskapsutvalet for å følgje opp Stortinget sitt klare vedtak?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:503 (2001-2002)

    Innlevert: 21.06.2002

    Sendt: 24.06.2002

    Svart på: 02.07.2002 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    Norsk båtindustri er ei viktig næring. Bransjen sysselset over 10 000 personar og omset sine produkt innanlands og utanlands. For eksport, er bransjen avhengig av like vilkår som tilsvarande bransjar i andre land, og her er mellom anna eksportstøtte og EU sitt fritidsbåtdirektiv, sentralt. Kva gjer statsråden for å tilpassa direktivet i Noreg, og kan statsråden gje ei forklaring på dei store forskjellane mellom nivået på eksportstøtte til båtbransjen i Noreg og mellom anna Finland og Storbritannia?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:388 (2001-2002)

    Innlevert: 16.05.2002

    Sendt: 21.05.2002

    Svart på: 27.05.2002 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    Den siste tida er det hevda i media at SIVA sitt engasjement i Panevezys Næringspark i Litauen har ført til utflytting av norske verksemder. Kan statsråden stadfesta at dette er tilfelle, og vil statsråden i så fall sørgje for at SIVA sine aktivitetar internasjonalt ikkje medverker til utflytting av verksemder frå Noreg?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til justisministeren

    Dokument nr. 15:352 (2001-2002)

    Innlevert: 29.04.2002

    Sendt: 30.04.2002

    Svart på: 06.05.2002 av justisminister Odd Einar Dørum

    Vil statsråden påskynde gjennomføring av Næringslovsutvalet sitt framlegg om å samordna pålegg frå namsmakta til arbeidsgjevarar om tvangsinndriving av offentlege og private pengekrav gjennom lønstrekk hjå tilsette?
  • Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:324 (2001-2002)

    Innlevert: 22.04.2002

    Sendt: 22.04.2002

    Svart på: 29.04.2002 av miljøvernminister Børge Brende

    Vil statsråden medverke til at Fundia Armeringsstål AS i Mo i Rana får bistand til å møte dei utslippskrava for kvikksølv som verksemda er pålagd?