Innhald

Vedlegg 3 - Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til transport- og kommunikasjonskomiteen, datert 9. november 2018

Vedlegg 3
Svar på spørsmål 4 og 8 til Prop. 1 S (2018-2019) Samferdselsdepartementet

Eg viser til komiteen sine spørsmål til Prop. 1 S (2018–2019) for Samferdselsdepartementet, og mine svar av 6. november på spørsmåla 1-3 og 5-7. Under følgjer svar på spørsmål 4. Vidare viser eg komiteen sitt spørsmål 8 av 7. november. Under følgjer svar på dette spørsmålet óg.

Spørsmål 4

Hvor mye tar staten inn i baneavgifter/kjørevegsavgifter på norsk jernbane i henholdsvis 2018 og 2019, og hvordan føres disse inntektene i statsbudsjettet?

Svar på spørsmål 4

På side 170 i Prop. 1 S (2018–2019) for Samferdselsdepartementet, i avsnittet Inntektsforutsetninger for budsjettforslaget til drift og vedlikehold, kjem det fram at Bane NOR sine inntekter frå bruk av jernbaneinfrastruktur går til foretaket direkte, og er trekt fra regjeringa sitt forslag til løyving på kap. 1352 Jernbanedirektoratet, post 71 Kjøp av infrastrukturtjenester – drift og vedlikehald. I jernbanereforma er det lagt opp til ei gradvis auke av kjørevegsavgifta og betaling fra togselskapa for tilleggstenester. For togtenester som staten ved Jernbanedirektoratet kjøper, blir togselskapa kompensert for ev. endringar i avgiftene gjennom løyvinga på kap. 1352, post 70 Kjøp at persontransport med tog.

Vidare kjem det i same avsnitt i Prop. 1 S (2018–2019) fram at Samferdselsdepartementet i 2019 legg til grunn eit vidareført inntektsnivå frå saldert budsjett 2018, på om lag 850 mill. kr. Med Bane NOR si auke i avgiftssatsane på infrastrukturavgifter (andre enn kjørevegsavgift), er inntekter frå infrastrukturavgiftene forventa å ligge om lag 450 mill. kr over dette nivået, både i 2018 og 2019. I tråd med føresetnaden om at Bane NOR sine auka inntekter vil redusere behovet for løyvingar frå staten, og at togselskapa skal bli kompensert for auka infrastrukturavgifter, er det naudsynt å justere løyvinga tilsvarande på kap. 1352, postane 70 og 71. Samferdselsdepartementet la i dag fram Prop. 1 S Tillegg 1 (2018–2019), som viser konsekvensene for løyvinga i statsbudsjettet 2019. Konsekvensene for løyvinga i statsbudsjettet 2018 vil departementet komme tilbake til i samband med nysalderinga av budsjettet.

Den nevnte auken i infrastrukturavgifter gjeld tilleggstenester (leige av spor for hensetting og opphald på stasjonar), og ikkje kjørevegsavgifta. I 2018 utgjer kjørevegsavgifter om lag 320 mill. kr av dei samla inntektene, mens dei i 2019 anslagsvis vil vere om lag 520 mill. kr. Eg gjer merksam på at påslaget i kjørevegsavgiften i 2019 er eit foreløpig overslag.

Spørsmål 8

Hvordan er fordelingen av tilskuddet til de ikke-statlige flyplassene Notodden, Stord og Ørland i 2018, og hvordan blir fordelingen for 2019 med det fremlagte budsjettforslaget (Kap. 1311, post 71)?

Svar på spørsmål 8

Tilskota i 2018 er utbetalt i samsvar med avtalar som dei tre flyplassane inngjekk med Samferdselsdepartementet i 2016 om kompensasjon for tenester av allmenn økonomisk betydning. I 2018 er tilskota på 20,8 mill. kr til Stord, 7,2 mill. kr til Notodden og 2,1 mill. kr til Ørland. Avtalane gjeld fram til 2020, og beløpa blir prisjusterte årleg. I 2019 blir tilskota på 21,4 mill. kr til Stord, 7,4 mill. kr til Notodden og 2,2 mill. kr til Ørland.

I tillegg løyvde Stortinget for 2018 eit ekstra tilskot til Notodden flyplass på 8,4 mill. kr.