Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Høyring om Arktis i Europaparlamentet

Utanrikskomiteen i Europaparlamentet vil neste veke legge fram eit første utkast til ein rapport om Arktis. Dette er eit innspel til Europakommisjonens melding om Arktis-politikk som er venta i oktober. I ei høyring i komiteen 13. april tok paneldeltakarane til orde for at EU bør opptre samla i Arktis og vere ein pådrivar for fortsatt multilateralt samarbeid i regionen. 

Overskrifta for høyringa var «The Arctic: a new arena of geostrategic importance and great powers’ rivalry». Komiteen høyrde synspunkta til Elane Wilsone Rowe frå Norsk Utanrikspolitisk Institutt, i tillegg til Nils Wang (Naval Team, Denmark), Rebecca Pincus (US Naval War College og strategisk rådgjevar for den amerikanske forsvarsministeren), Julian Lindley-French (Institute for Statecraft, Storbritannia) og Michael Mann (EUs Arktis-ambassadør). Program, presentasjonar og opptak av høyringa er tilgjengeleg på komiteens heimeside.

Nestleiar i utanrikskomiteen Urmas Paet (den liberale gruppa, Estland) viste i sin introduksjon til at Arktis tradisjonelt har vore eit område med lite spenning, men at klimaendringar og nye økonomiske moglegheiter fører til endringar i regionen. Merksemda om valet på Grønland i april, illustrerer den auka interessa for regionen.

Wilson Rowe viste til at det er mange eksisterande internasjonale, regionale og bilaterale avtaler og samarbeidsstrukturar i Arktis. Desse har fungert godt også i møte med nye utfordringar. Globale klimaendringar skuldast ikkje aktivitet i Arktis, men er særleg merkbare der og endringane i Arktis har globale konsekvensar. Klimaendringar saman med spenninga mellom Nato og Russland og aukande engasjement også frå ikkje-Arktiske aktørar i regionen, skaper nye utfordringar. Dette gjeld ikkje minst engasjementet Kina har. I møtet med utfordringane er det viktig å vedlikehalde og utvikle eksisterande strukturar og å unngå at konfliktar og spenningar får hindre dette.

Wang viste til at havretten gjev klare reglar for avgrensinga av dei økonomiske sonene til kvart land. Han peikte på at mesteparten av ressursane i Arktis derfor høyrer under etablerte og generelt aksepterte eksklusive økonomiske soner. Samarbeidet i Arktisk Råd er vellykka og den store interessa frå mange land for å vere observatørar i Arktisk Råd, er ein god indikator for dette. Ein viktig grunn til suksessen er at sikkerheitspolitiske spørsmål har vore halde utanfor Arktisk Råd.

Pincus snakka om seglingsrutene i Arktis som kan opne seg som følgje av klimaendringane. Ho argumenterte for at det samla sett er overdrive kor viktige desse blir fordi vêr, redningskapasitet og infrastruktur gjer det vanskeleg å sikre trygg segling. Canada prioriterer ikkje utbygging av infrastruktur i Nordvestpassasjen mellom anna av omsyn til urfolk i området. Den sentrale ruta over Nordpolen vil ikkje vere seglbar i dette hundreåret pga. is. Russland har derimot store ambisjonar for auka trafikk i Den nordlege ruta og har også satsa på infrastruktur og har auka militær aktivitet. Likevel meinte Pincus at Suez-kanalen uansett fortsatt vil vere den viktigaste ruta mellom Asia og Europa. Ho var elles opptatt av at det er eit sårbart miljø i Arktis og at det er viktig å ta vare på dette. Jamvel om det er viktig med økonomisk aktivitet ikkje minst av omsyn til dei som bur i regionen, er det samstundes ein del skepsis til dette. Til dømes er det aktørar som har teke til orde for å avstå frå å bruke varer som er frakta gjennom Arktis eller verksemder som ikkje vil produsere varer med innsatsfaktorar derfrå.

Lindley-French har nettopp gjeve ut boka «Future War and the Defence of Europe». Han åtvara i høyringa mot å undervurdere Russland og Kina i Arktis. Det er ein reell fare for at Russland vil ta kontroll over Svalbard eller havområda rundt nordspissen av Noreg. Dei ulike utfordringane i Arktis heng saman og må taklast med ein samla strategi. EU bør fremje internasjonal rett i Arktis og sikre at regionen er ei global allmenning. Dette krev at EU opptrer samla.

EUs Arktis-ambassadør Michael Mann viste til at det er mange rapportar om militær oppbygging og ressurskamp i Arktis. Det er likevel viktig å understreke at Arktis ein levande region der EU er ein aktiv aktør med klare interesser. Ikkje minst er EUs grøne giv direkte og indirekte viktig for Arktis. EUs Arktis-strategi frå 2016 fokuserer på klima og miljø, bærekraft og internasjonalt samarbeid. Desse prioriteringane er stadig relevante, men det har også vore ei utvikling etter dette som den nye meldinga vil ta omsyn til. Det er viktig å finne ein balanse mellom vern og bruk i regionen. Dette er ikkje minst viktig av omsyn til dei som bur i regionen, og som ventar og har krav på økonomisk utvikling. For EU er sikkerheit i brei forstand viktig. Dette omfattar ikkje minst sikkerheit for menneska som bur eller ferdast i regionen. Leite- og redningskapasitet er derfor viktig.

Sju medlemmer av Europaparlamentet hadde ordet etterpå. Saksordføraren Anna Fotyga (Den konservative gruppa ECR, Polen) la vekt på at det er viktig å sikre at Arktis fortsatt er eit område med fredeleg samarbeid, men at det er viktig å ta omsyn til utfordringar og trugsmål i regionen. Også fleire andre understreka at Arktis må vidareførast som eit lågspenningsområde, men var urolege for russisk opprusting og Kinas engasjement. Fleire var opptatt av å ta vare på miljøet og understreka at EU bør stå samla. Dei bad om råd frå panlet om kvar EU bør auke innsatsen, korleis EU kan styrke koordineringa og spurte om det er grunn til å tru at Russland vil respektere internasjonal rett også framover.

I kommentarrunden var paneldeltakarane samstemde i at Russland er godt tent med respekt for internasjonal rett i området og derfor har ei sterk interesse av at den blir respektert av alle. Lindley-French meinte likevel at erfaringar frå andre område viser at Russland plutseleg også kan fråvike internasjonal rett og at det derfor er viktig både med gulrot og pisk overfor landet. Wang minna om at Russland alltid har hatt eit stor militær kapasitet i nord, mellom anna på grunn av tilgangen til isfrie havnar. Pincus meinte det er viktig å tenke konstruktivt på korleis spenningane i området kan reduserast og spurte om til dømes OSSE kan spele ei rolle i dette.

Mann viste til at sjølv om Russland blokkerer for å gje EU formell observatørstatus i Arktisk Råd, har EU ein de facto status som observatør og er aktivt involvert i arbeidsgrupper og anna arbeid. Russland har varsla fokus på bærekraft, klimaendringa og urfolk  under sitt leiarskap for Arktisk Råd frå mai i år. Landet erkjenner i aukande grad at klimaendringane medfører store kostnadar for landet, mellom anna som følgje av at infrastruktur blir øydelagt når permafrosten tiner.

Wilson-Rowe argumenterte for at EU kan bidra meir innovativt i marine spørsmål i Arktis, mellom anna med å bidra med utvikling av datateknologi for overvaking og styring. I tillegg er EUs leiarskap knytt til grøn omstilling viktig. Wang meinte at EU bør bidra med eit alternativ til kinesiske investeringar på Grønland og Island. Pincus støtta Wang i dette.

Wang sa at det er naivt å skilje mellom investeringar i sikkerheit, infrastruktur og ressursar – dette heng tett saman i Arktis. Han meinte vidare at EU kan auke sitt engasjement ved å utføre kystvaktoppgåver med fokus på sivil sikkerheit.

Rapporten frå Europaparlamentet får tittelen «The Arctic: opportunities, concerns and security challenges». Saksordføraren Anna Fotyga sa 13. april at ho ville leggje fram sitt utkast til rapport i veke 16. Deretter kan andre medlemmer av Europaparlamentet kome med sine endringsframlegg. Det er lagt opp til at komiteen skal votere over rapporten i juli og at den skal vedtakast i plenumsmøtet til Europaparlamentet i september.

Europakommisjonen hadde ei open høyringsrunde om den framtidige Arktis-politikken i fjor haust og la i januar fram ei oppsummering av dei 140 innspela som kom. Europaparlamentet vedtok i 2017 ein resolusjon om Arktis. Den fekk merksemd i Noreg mellom anna fordi det da kom framlegg om eit forbod mot olje- og gassverksemd i Arktis. Dette fekk ikkje fleirtal.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 15.04.2021 11:27
: