Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen, Janne Sjelmo Nordås, Helge Thorheim og Kjersti Toppe om endring i § 33 (grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining)

Til Stortinget

Bakgrunn

Noregs grunnlov er den nest eldste i verda som har vore gjeldande utan avbrot. I novembergrunnlova av 1814 vart penge- og myntstellet grunnlovfest i paragraf 110. Denne paragrafen lydde: «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen, hvilke Indretninger ved Lov bestemmes.» Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell òg under personalunionen med Sverige. Paragrafen stod slik fram til 1911 då han vart endra for å grunnlovfesta Statens reservefond.

Stortinget vedtok 17. april 1875 Lov om Pengevæsenet der § 1 (Pengeenheten og dens gullinnhold) fyrste ledd fyrste punktum lydde: «Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld og Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre.» Noreg endra med dette eining frå spesidalar og skilling til kroner og øre. I dag er pengeeininga i Noreg lovfest i sentralbanklova, paragraf 4.

Noregs Bank vart skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni 1816. Stortinget vedtok i Noregs Bank sitt 200-årsjubileum atter å grunnlovfesta sentralbanken. Grunnlova § 33 slår no fast at «Noregs Bank er sentralbanken i landet.»

Forslagsstillarane viser til Grunnlova § 1 fyrste punktum: «Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike.» Det å ha ei eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein sjølvstendig nasjon. Forslagsstillarane meiner difor Grunnlova bør innehalda føresegner om at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Forslagsstillarane meiner at Noreg har hatt god nytte av å ha si eiga pengeeining og vil vera tent med å halde på si eiga pengeeining i framtida òg.

Det er nærliggjande å grunnlovfesta ei føresegn om at Noreg skal ha si eiga pengeeining, saman med grunnlovsføresegna om sentralbanken. Forslagsstillarane gjer difor framlegg om at grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining, blir teke inn i § 33 som nytt andre ledd. Forslagsstillarane framset òg eit alternativ med framlegg om plassering i ny § 120 a.

Forslagsstillarane ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige penge- og myntstell og tek til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å grunnlovfesta at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Sentralbanklova § 4 fortel kva denne pengeeininga er.

Som alternativ formulering til grunnlovfesting av at Kongeriket Noreg skal ha si eiga pengeeining, fremjar forslagsstillarane framlegg om å grunnlovfesta at den norske pengeeininga er ei krone og at ei krone er hundre øre.

Framlegg

På dette grunnlaget vert det fremja følgjande

framlegg:

Alternativ 1:

§ 33 nytt andre ledd skal lyda:

Alternativ 1a:

Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.

Alternativ 1b:

Den norske pengeeininga er ei krone. Ei krone er hundre øre.

Den norske pengeenhet er en krone. En krone er hundre øre.

Alternativ 2:

§ 120 a nytt andre ledd skal lyda:

Alternativ 2a:

Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.

Alternativ 2b:

Den norske pengeeininga er ei krone. Ei krone er hundre øre.

Den norske pengeenhet er en krone. En krone er hundre øre.

Vedlegg

Per Olaf Lundteigen

Janne Sjelmo Nordås

Helge Thorheim

Kjersti Toppe

Referert i Stortingets møte 30. september 2016.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.»

Olemic Thommessen

president

30. september 2016