1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S Sørfonn, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen og frå Tverrpolitisk Folkevalde, Steinar Bastesen, viser til at Stortinget den 19. juni 1997, ved behandlinga av Innst.S.nr.243 (1997-1998), vedtok at løyvingsreglementet og forretningsordenen for Stortinget skulle endrast i samband med reform av behandlinga av stats- og nasjonalbudsjettet.

       I forretningsordenen for Stortinget § 19 står det etter dette når det gjeld oppgåvene til finanskomiteen m.a.:

       « Senest den 20. november skal finanskomiteen avgi innstilling (B.innst.S.nr.I) om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet, med forslag til rammevedtak for bevilgninger i samsvar med inndeling i rammeområder fastsatt av Stortinget i henhold til § 22 tredje ledd. »

       Komiteen viser når det gjeld inndelinga av statsbudsjettet i rammeområde til trykt vedlegg nr. 1 til denne innstillinga.

       Komiteen viser til at St.meld. nr. 1 (1997-1998) Nasjonalbudsjettet for 1998 og St.prp. nr. 1 (1997-1998) Statsbudsjettet medrekna folketrygda for 1998 vart lagde fram av regjeringa Jagland 13. oktober 1998. Komiteen viser vidare til at regjeringa Bondevik 7. november 1998 la fram eit tillegg til desse dokumenta, St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (1997-1998). Same dag vart det lagt fram ein tilleggsproposisjon (Tillegg nr. 1 ) som gjeld godtgjersle til Telenor for meirkostnadene med å utføre samfunnspålagte tenester og ein tilleggsproposisjon for å dekkja kostnadene ved fiskeriavtalen (Tillegg nr. 2 ).

       Regjeringa la 7. november 1997 og fram ei melding, Ot.meld. nr. 2 (1997-1998) Om tilbakebetaling av deler av Ot.prp.nr.1 (1997-1998) Skatteopplegget 1998 og ein odeltingsproposisjon Ot.prp.nr.23 (1997-1998) Endret skatteopplegg 1998 - Lovendringer. Komiteen viser til innstillinga til Ot.meld. nr. 2, Innst.O.nr.1 (1997-1998).

       Komiteen viser vidare til at komiteen har avgitt ei innstilling, Innst.O.nr.2 (1997-1998) om tilbaketrekking av Ot.prp.nr.3 (1997-1998) om lov om opphevelse av lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring, jf. Ot.meld. nr. 1 (1997-1998). Komiteen viser i denne forbindelse også til komiteens innstilling til Dok.nr.8:27 (1997-1998) vedrørende Statens varekrigsforsikring.

       Komiteen har 17. oktober 1997 motteke brev frå finansminister Jens Stoltenberg der det er vist til at omtalen av ommlegginga av rentesystemet i Husbanken i Gul bok avsnitt 5.1.2 er noko misvisande. Brevet følgjer som trykt vedlegg 5 til denne innstillinga.

       Komiteen har 12. november 1997 motteke brev frå finansminister Gudmund Restad om endringar som vil bli innarbeidd i den trykte versjonen av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (1997-1998). Brevet følger som trykt vedlegg IV til denne innstillinga.