1. Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om ny lov om sikring mot og erstatning for naturskader. Dei endringar det er gjort framlegg om i høve til gjeldande lov, er ikkje så store at det gir grunnlag for ny lov. Men lova er endra på så mange punkt at det ville bli uoversiktleg. Det er framlegg om endringar i systematikken i lova, enklare språk og endringar i terminologien.

a.  Gjeldande lov

       Lov av 9. juni 1961 nr. 24 om sikring mot og erstatning for naturskader (naturskadelova) har reglar om at naturskadefondet skal gi erstatning for naturskader som ikkje blir eller kunne vore dekt ved ei allmenn forsikringsordning (brannforsikring, kaskoforsikring). Fondsstyret kan gi velferdsvederlag for skader som det ikkje kan krevjast erstatning for. Erstatning blir gitt ut frå skadetakst.

       Fondsstyret sine avgjerder kan klagast inn for ankenemnda. Nemnda er òg klagenemnd etter § 2 første leden i naturskadeforsikringslova. Landbruksdepartementet har gitt klagerett og handsama klager på punkt i lova der det ikkje er fastsett klagerett til ankenemnda.

       Naturskadefondet har til oppgåve m.a. å fremje sikring mot naturskade og arbeide aktivt for å hindre naturskader. Fondet har ansvar for å kartleggje område som er utsette for skred. Det er arbeid i gang med å kartleggje fareområde for snø-, stein- og kvikkleireskred.

       Det er eigaren som har ansvar for at sikringstiltak blir gjennomførde. Fondsstyret kan gi tilskott til sikringstiltak.

       Det kan krevjast tinglyst fråsegn om fare for naturskade som vilkår for tilsegn om erstatning eller tilskott frå fondet.

b. Arbeidet med lovendring

       Naturskadelova blei endra på vesentlege punkt med verknad frå 1. januar 1980. Seinare har det vore ønske om å samle alt kartleggings- og sikringsarbeid under eitt departement. Det har òg vore peika på at styresmaktene må engasjere seg meir i arbeidet med informasjon og rettleiing om sikring mot skred.

       Ei arbeidsgruppe oppnemnd i 1990 har utforma utkast til proposisjon. Arbeidsgruppa skulle leggje til grunn at det fortsatt skal vere eit styre for fondet, at ansvaret for kartlegging av område som er utsette for naturskader, ligg i Miljøverndepartementet og hos kommunale og fylkeskommunale styresmakter, at sikringstiltak knytt til bygg og anlegg høyrer under Kommunal- og arbeidsdepartementet, kommunale og fylkeskommunale styresmakter og at sikringstiltak knytt til vassdrag høyrer under Olje- og energidepartementet (nå Nærings- og energidepartementet) og Norges vassdrags- og energiverk.

       Arbeidet i departementet med endringane i lova blei utsett etter orkanen på Nord-Vestlandet og i Trøndelag 1. januar 1992. Årsaka var ønske om å vurdere erfaringane frå katastrofen før endeleg lovframlegg blei fremma.

c. Orkanen på Nord-Vestlandet og i Trøndelag

       Etter orkanen 1. januar 1992 blei det til utgangen av 1992 registrert vel 28.500 skadesaker i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Meir enn halvparten var i Møre og Romsdal. Skadane på bustader utgjer halvparten av skadane. Skadesummen var på knapt 1,2 mrd. kroner. Oversikt frå forsikringsbransjen viser at det til utgangen av mars 1993 var handsama om lag 30.000 saker. I om lag 4.500 tilfelle er avkorting vurdert. Årsaka til avkorting er for det meste mangelfullt vedlikehald eller at konstruksjonen i seg sjølv ikkje har vore tilfredsstillande.

       Naturskadepoolen har registrert skader for 13,2 mill. kroner i andre fylke under same orkanen.

       Skadane på offentleg eigedom var på 283 mill. kroner. I fiskerisektoren var skadane som fell utanom forsikringsordningar og naturskadefondet sitt virkeområde om lag 75 mill. kroner. Vel 2 mill. m3 skog blei påført så store skader at den måtte avverkast. Skadeomfanget svarar til 120 kroner pr. m3. Det svarar til verdimink og meirkostnader ved å hogge og drive ut tømmeret. Saman med skadane på ungskogen var det totale skadeomfanget 265 mill. kroner (Landbruksdepartementet har gjort merksam på at det er trykkfeil på s. 11 nedst i andre spalte i proposisjonen. Talet skal vere 265 mill. kroner slik som i tab. 3.4.1.4.).

       Dei vanskelege marknadstilhøva har forsterka vanskane for dei som fekk skogen sin skadd. Det ser ut til at dei samla erstatningane frå naturskadefondet for skogskadar blir om lag 140 mill. kroner. Forsikringar dekkjer om lag 12 mill. kroner.

       Naturskadefondet erstattar i hovudsak grunn/jord, skog, vegar, bryggjer og moloar. Det har vore frå vel 400 til knapt 3.000 skadesaker pr. år, og eit « normalt » løyvingsbehov på 45 mill. kroner. I 1992 blei det innmeldt om lag 7.600 saker, 6.600 av desse blei handsama, og det blei gitt tilsegner om erstatning for 204 mill. kroner. Skadesummen utanom skog er truleg om lag 100 mill. kroner. Samla sett ser det ut til at skadeomfanget av orkanen er godt over 2 mrd. kroner. Dei fysiske og psykiske påkjenningane på menneska som blei råka er ikkje rekna med.

       Takseringsarbeidet etter orkanen blei leidd av lensmennene. Naturskadefondet gav tilskott til administrasjonskostnader ved einskilde lensmannskontor.

       For raskt å få oversyn over samla skadeomfang ved omfattande naturskader, er det gjort vedtak om å utarbeide eit EDB-basert system for registrering av skadesaker som blir meld til fondet.

       Etter orkanen var sakshandsamingstida i fondet bare 4 månader, trass i ei femdobling av talet på saker i høve til eit « normalår ».

       Ved handsaminga av sakene la Regjeringa opp til at det skulle vere ei fleksibel praktisering av velferdsvederlagsordninga i naturskadefondet, slik at ikkje nokre skadelidne skulle hamne i ei gråsone mellom naturskadeforsikring og naturskadeerstatning og derfor ikkje få noka erstatning. Av 555 saker som det var tvil om, blei det gitt erstatning i 326 saker, og med ein erstatningssum på vel 4 mill. kroner.

       Ved forsikringsoppgjera etter orkanen er det klaga over at forsikringsselskapa har praktisert avkortingsreglane objektivt og ikkje teke omsyn til at dei skadelidne har dårleg økonomi eller manglar evne til å vurdere konstruksjonen av eit bustadhus. På bakgrunn av erfaringa frå orkanen er det i framlegget til lovtekst presisert nærare kva for tilhøve det skal leggjast vekt på ved vurdering av om avkorting skal skje.

       I 1992 blei det gitt tilleggsløyvingar over kapitla 1142, 1148 og 1150 med til saman 215 mill. kroner. Også i 1993 var det nødvendig med ekstraordinære stønadstiltak, spesielt på skogbrukssida.

       Orkanen viste at lovverket fungerer etter føremålet. Det var ikkje nødvendig med konkrete lovendringar utover dei som det er gjort framlegg om i proposisjonen. Fortsatt vil det vere slik at det er den einskilde borgaren som har ansvaret for å ha dekning gjennom forsikringsordningar der slike finst. Det gjeld først og fremst vanleg brannforsikring. Orkanen viste òg at beredskapsapparatet må vere betre førebudd på slike ulukker.

d. Om framlegget til ny lov

       Naturskadefondet blir leidd av eit styre med fem medlemer, oppnemnd av Landbruksdepartementet for fem år av gongen. Det noverande styret er oppnemnd for perioden 1991-95. Det er vidare ei ankenemnd på fem medlemer. Ankenemnda handsamar klager over fondsstyret sine vedtak og saker knytt til forsikringsselskapa sine vedtak om naturskadeerstatning.

       Sekretariatet for fondet er samordna med administrasjonen i Statens Landbruksbank.

       Etter lov av 16. juni 1989 om naturskadeforsikring skal forsikring av ting mot brannskade også omfatte naturskade dersom skade på tingen ikkje blir dekt av annan forsikring. Skadeforsikringsselskap som gjev erstatning for naturskade, skal vere medlem av ein felles skadepool, Norsk Naturskadepool. Denne skal utlikne naturskadeerstatningane mellom selskapa. Den har òg til oppgåve å vere kontaktledd mellom forsikringsbransjen og Naturskadefondet.

       Naturskadefondet treng sakkunnig ekspertise når det gjeld spørsmål om sikring mot naturskade og vurdering av skadeårsaker i erstatningssaker. Fondet har eit spesielt forskningsprega samarbeid med Norges Geotekniske Institutt (NGI) om prosjekt som gjeld naturskade og kartlegging av faresoner med potensiell skredfare. Naturskadefondet samarbeider òg med SINTEF-NTH, Norsk hydroteknisk laboratorium, Norges vassdrags- og energiverk (NVE), Norges geologiske undersøkelser (NGU), Statens kartverk og landbruksetatane.

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om at Miljøverndepartementet får ansvaret for kartlegging av område som er utsette for skredfare og rettleiing og bruk av kartgrunnlaget. Departementet finn det vidare naturleg at fylkeskommunen støttar kommunane i arbeidet med kartlegging lokalt, og at fylkeskommunen, NGI, Statens kartverk, Statens bygningstekniske etat (BE) m.fl. støttar kommunane fagleg i slike saker.

       Kommunane har etter plan- og bygningslova eit særskild ansvar for sikringsarbeid. Departementet gjer framlegg om at også sikringsarbeid i samband med naturskader blir overført til kommunane. Departementet legg til grunn at det statlege tilskottet til sikringsarbeid skal vidareførast, men at midlane blir styrt meir målretta mot kommunar med særs vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov.

       Framlegget til ny lov vil ikkje føre til særlege administrative endringar. Det blir noko endra arbeidsdeling mellom departement, m.a. får Miljøverndepartementet det statlege ansvaret for det forebyggjande arbeidet. Når det gjeld erstatning blir praksis stort sett uendra. Lova blir oppdatert til etablert praksis.

       Departementet reknar med at det med klarare og meir ryddig lovtekst blir færre klagesaker. Endringar i klagereglane vil føre til avlasting for departementet, medan fleire klager blir handsama i ankenemnda.

       Etter framlegget til lov skal det vere høve til å klage på alle einskildvedtak gjort av fondsstyret eller ein instans som har fått delegert fullmakt, så sant ikkje noko anna går fram av lova. Avgjerd teke av klagenemnda når det gjeld klage på avgjerd etter § 2 første leden og § 3 andre leden i naturskadeforsikringslova, blir det ikkje høve til å klage over.

e. Dei einskilde paragrafane

       § 1 svarar til §§ 1 og 7 i gjeldande lov. Av den går fram kva oppgåvene for Statens naturskadefond er, og at det ikkje blir gitt erstatning dersom den skadelidne får dekt skaden frå eit forsikringsselskap. § 2 har reglar om fondsstyret og sekretariatet.

       § 3 har reglar om kva det blir gitt erstatning for og kven som kan få erstatning. Eigedom som høyrer til stat, kommune eller fylkeskommune blir ikkje erstatta. Av § 4 går det fram kva slags skade det blir gitt erstatning for og kva som ikkje blir erstatta. Etter § 5 blir det ikkje gitt erstatning for m.a. avling på rot, skip og småbåtar og ting i desse, fiskereiskap, fisk i steng og merder. Det er nå mogleg å forsikre utstyr i sjøen for produksjon av fisk, og slikt utstyr blir derfor ikkje erstatta. Når det gjeld skog, er det bare skog på rot som blir erstatta, ikkje hogd virke.

       § 6 svarar til § 8 i gjeldande lov.

       I §§ 7 - 10 er det reglar om skademelding og takst. Det skal sendast melding om skade innan fire veker. Det skal haldast takst så snart som mogleg. Lensmannen er takststyrar. Utanom lensmannsdistrikt oppnemner by- eller heradsretten takststyrar. Skadelidne kan krevje takst på eigen kostnad dersom fondsstyret vedtek at det ikkje skal haldast takst. Dersom det blir gitt erstatning, kan omkostningane krevjast dekt. Dersom det under taksten blir klart at det er fare for naturskade på tomt som eit skadd byggverk står på, eller det er grunn til å treffe tiltak for å sikre mot naturskader, skal dette gå fram av taksten.

       §§ 11 - 17 omhandlar erstatning. Det blir trekt eigendel fastsett av Kongen frå erstatningssummen. Etter gjeldande lov blir eigendelen fastsett i lova, men dette er upraktisk. Erstatninga kan avkortast eller bli nekta, t.d. for byggverk dersom ein måtte rekne med at det var særleg risiko for slik skade som oppstod eller om vedlikehald er forsømt. Det er eit vilkår for erstatning at den blir brukt til utbetring av skaden, om ikkje fondsstyret vedtek noko anna. Fondsstyret kan setje som vilkår at fare for naturskade blir minka. Styret kan òg setje som vilkår at erstatninga blir brukt til å kjøpa eigedom utanfor det truga området, liksom det kan krevjast tinglyst erklæring om at det kan oppstå naturskade på tomta. Erstatning blir ikkje utbetalt før skaden er utbetra.

       Som i § 19 i gjeldande lov er det i § 16 framlegg om at dersom det etter ei større naturkatastrofe ikkje er løyvt nok midlar til fondet, kan fondsstyret avgjere at erstatningane etter katastrofa må reduserast. Slike vedtak kan ikkje påklagast.

       §§ 18 og 19 har reglar om klage og om samansetning og oppnemning av ankenemnda.

       §§ 20 - 24 omhandlar kommunane sine plikter når det gjeld å sikre mot naturskader. Kommunen har plikt til å vurdere om det er nødvendig med sikringstiltak, og i tilfelle setje dei i verk.

       Av framlegget til ny naturskadelov følgjer at det må gjerast endringar i nokre paragrafar i lov av 16. juni 1989 om naturskadeforsikring.