2. Merknader frå komiteen

a. Generelt om lovframlegget

       Komiteen, medlemene Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt frå Arbeidarpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad frå Senterpartiet, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg frå Høgre, Reidar Johansen frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Gunnar Lie frå Kristeleg Folkeparti og Øystein Hedstrøm frå Framstegspartiet, viser til at Regjeringa i proposisjonen gjer framlegg om ny lov om sikring mot og erstatning for naturskader. Dei foreslåtte endringane er i seg sjølve ikkje så store at dei gjev grunnlag for ei ny lov. Ein gjer samstundes framlegg om endringar i systematikk og språk. Samla vurdert gjer dette det naudsynt med ei ny lov. Komiteen viser til proposisjonen korleis lova skal verke.

       Arbeidet i departementet med endringane i lova blei utsett etter orkanen på Nord-Vestlandet og i Trøndelag i januar 1992. Ein ønskte å vurdere erfaringane frå katastrofen før endeleg lovframlegg blei fremma. I samband med handsaminga av orkanskadane på Nord-Vestlandet og i Trøndelag vinteren 1992 ba kommunalkomiteen i Innst.S.nr.183 (1991-1992) Regjeringa om ei nærare vurdering av den praktiseringa av velferdsvederlagsordningane Naturskadefondet stod for. Ein ba særskilt om ei vurdering om ein frå fondet si side hadde praktisert ordningane fleksibelt nok.

       Komiteen har merka seg at Regjeringa i proposisjonen meiner at lovverket fungerer etter intensjonane og at det ikkje er avdekt tilhøve som gjer det naudsynt med konkrete lovendringar.

       Komiteen har merka seg at Regjeringa har gjort framlegg til endringar i lov av 16. juni 1989 nr. 70 om naturskadeforsikring om kva for tilhøve det skal leggjast vekt på ved vurdering av om avkorting skal skje, slik at avkorting ikkje skjer vilkårleg. Komiteen er samd i dette.

       Komiteen viser til B.innst.S.nr.8 (1993-1994) der komiteen streka under det behovet som vil vere til stades for raske oppgjer frå fondet for å hindre unødige utgifter og påkjenningar for dei som vert ramma av naturskade. Det same blei gjort av ein samla landbrukskomité i B.innst.S.nr.9 (1990-1991). Ei naturleg oppfølging av desse merknadene vil etter komiteen si meining vere å betale ut rentegodtgjersle dersom utbetaling av ulike grunnar skulle bli forseinka. Dei som blir ramma av hendingar som kjem inn under naturskadeloven må ikkje kome opp i ein situasjon der dei tapar ytterlegare fordi fondet ikkje er i stand til å betale ut raskt nok.

       Komiteen har merka seg at Regjeringa gjer framlegg om at Miljøverndepartementet får ansvaret for kartlegging av område som er utsette for skredfare osv. Fleirtalet er samd i dei vurderingane og konklusjonane Regjeringa gjer.

       Fleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, viser til eksisterande forsikringstilbod for f.eks. oppdrettsanlegg og skog, og ser det som positivt at slike forsikringsordningar vidareutviklast.

       Medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti er samd i at det vert arbeidd vidare med spørsmålet om grensedraging mellom naturskadelova og forsikringsordningane. Dette må likevel ikkje gjeve som resultat at fordelinga mellom eigenansvar og staten si erstatningsplikt vert endra.

       Flertallet, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, viser til proposisjonen der det blir varslet at Regjeringen vil arbeide videre med spørsmålet om grensedraging mellom naturskadeloven og forsikringsordningene. Flertallet forutsetter at departementet vil komme til Stortinget med en melding om eventuelle endringer i bestemmelsene. Flertallet vil peke på at grensene mellom forsikring og naturskadeerstatning må settes slik at kostnadene ikke virker hindrende for tegning av forsikring.

       Flertallet vil peke på at overføring av ansvaret for sikringsarbeid til kommunene er en naturlig oppfølging av plan- og bygningsloven. Flertallet er enig i dette. Det er først og fremst kommunene som har interesse av kartlegging av fareområder. Flertallet vil understreke betydningen av at delegering av ansvar må følges opp med en tilfredsstillende koordinering av ressursanvendelse og det totale ansvaret for kartlegging og tilskudd til sikringstiltak. Det er i denne sammenheng viktig at sentrale erfarings- og kompetansemiljøer ikke svekkes.

       Flertallet er også enig i at de statlige tilskuddene videreføres, og at de blir målrettet mot kommuner med spesielt vanskelig økonomi og stort sikringsbehov. Spørsmålet om fond eller årlige bevilgninger er underordnet, idet flertallet forutsetter at departementet kommer tilbake med forslag om tilleggsbevilgninger dersom omdisponeringen innenfor gitte budsjettrammer ikke gir tilstrekkelig dekning om det skulle oppstå ekstraordinære situasjoner.

       Flertallet har merket seg at fastsetting av egenandel og minstegrense for erstatning blir flyttet fra lov til forskrift. Flertallet mener at dette gir større fleksibilitet og øker mulighetene for å koordinere justeringer mellom naturskadeerstatninger og forsikringsordningene.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti har merka seg at Regjeringa gjer framlegg om å overføre ansvaret for sikringsarbeidet blir overført til kommunane. Dei statlege tilskotta til sikringsarbeidet skal bli meir målretta mot kommunar som har særskilt behov for slike tilskott. Desse medlemene ser det ikkje som tenleg at slik overføring av ansvar blir overført til kommunane. Det er etter desse medlemene si oppfatning viktig at erfaring og kompetanse er samla på ein stad og at ansvaret for dette arbeidet også blir lagt på same plass.

       Desse medlemene har merka seg at Regjeringa gjer framlegg om å ta vekk den dispensasjonsadgang ein i dag har til å gi erstatning i dei høve naturskader har ramma eigedom eigd heilt eller delvis av det offentlege. Regjeringa ønskjer å nytte det systemet for inntektsoverføringar ein i dag har i høve til kommunar/fylkeskommunar. Desse medlemene finn ikkje ei slik ordning tilfredsstillande. Det er viktig at ein også i framtida må vere førebudd på ekstraordinære tiltak ut ifrå rådande klimatiske forhold.

       Desse medlemene har merka seg at Regjeringa gjer framlegg om å oppheve fondet. Desse medlemene har merka seg utsegna frå departementet om at fondet ikkje har praktisk verdi. Dei årlege løyvingane utgjer dei midla fondet disponerer. Desse medlemene er usamd i at det ikkje er noko skilje mellom eit fond og årlege løyvingar. Eit fond set ein i stand til å handsame dei einskilde sakene og betale ut evt. erstatning uavhengig av korleis budsjettstoda er. Desse medlemene vil be Regjeringa om å vurdere korleis ein igjen kan byggje opp eit fond.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merka seg at fastsetjing av eigendel og minstegrensa for erstatning for skogskade blir flytta frå lov til forskrift. Desse medlemene er ikkje samd i dette. Det bør etter desse medlemene si oppfatning vere Stortinget si oppgåve å fastsetje desse grensene. Desse medlemene meiner at det ut ifrå ei samla og heilskapleg vurdering vil vere rettast at Stortinget gjer dei naudsynte vurderingane og vedtaka på dette området.

b. Dei einskilde paragrafane

       Komiteen har ikkje merknader til dei paragrafane som ikkje er nemnde nedanfor.

§ 3

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, er samd i framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti har merka seg at det etter andre leden i denne paragrafen ikkje lenger skal vere mogleg å gi erstatning for skade på eigedom som tilhøyrer stat, kommune eller fylkeskommune. Desse medlemene meiner det er rett å halde på den dispensasjonsadgangen som ligg i gjeldande lov, og gjer framlegg om at andre leden blir erstatta med andre leden i § 4 i gjeldande lov. Desse medlemene gjer da slikt framlegg:

« § 3 andre leden skal lyde:

       Skade på eiendom som tilhører staten, erstattes ikke. Hvis ikke Kongen bestemmer noe annet, gjelder det samme eiendom som tilhører en kommune, et offentlig fond eller en stiftelse som er dannet ved overføring av midler fra stat eller kommune. Kongen kan videre treffe bestemmelse om at skade på eiendom som tilhører et selskap eller en sammenslutning, hvor stat eller kommune har fremtredende økonomisk interesse, ikke erstattes. »

§ 5

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, er samd i framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti meiner at reglane om erstatning for skade på skog på rot er svekka i framlegget frå departementet. Desse medlemene meiner at reglane i § 6 andre leden i gjeldande lov har virka på ein tilfredsstillande måte, og gjer framlegg om at desse reglane blir tekne inn i den nye lova, men med bruk av ordet « verditilvekst » i staden for « tilvekst ». Desse reglane må da erstatte andre leden, nest siste punktum i framlegget frå departementet. Desse medlemene gjer slikt framlegg til erstatning for § 5 andre leden i framlegget frå Regjeringa (endringane er i kursiv):

§ 5 andre, tredje og fjerde leden skal lyde:

       Er det tinglyst erklæring som nevnt i § 14, ytes det ikke erstatning for skade på byggverk oppført etter at tinglysing er skjedd, eller for løsøre som befinner seg i byggverket, når skaden er av slik art som erklæringen gjelder. Der det er tinglyst slik erklæring, kan det ikke ytes erstatning for skader inntrådt etter at det er gitt tilskudd til fraflytting basert på hele eiendommens verdi.

       Skade på skogsvirke på rot erstattes etter lovens regler bare for den del av den nyttbare kubikkmasse som går ut over 2 års verditilvekst for den samlede skogeiendom en skadelidt har innenfor den kommune der skade er inntruffet. Fondsstyret kan bestemme hvordan erstatningen skal anvendes.

       Kongen kan gi forskrift om at det ikke skal gis erstatning for visse arter av byggverk. »

§ 11

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, er samd i framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at det framleis må gå fram av lova kor stor eigendel dei skadelidande må bære. Likså meiner desse medlemene at det må gå fram av lova på kva måte erstatning skal bli ytt. Desse medlemene meiner derfor at andre leden nr. 1 og nr. 5 må erstattast med tilsvarande reglar i § 14 i gjeldande lov. Desse medlemene gjer slikt framlegg:

« § 11 andre leden nr. 1 skal lyde:

       Ved hver naturskadehendelse bærer skadelidte selv de første kr 4 000,-. Skade som utgjør mindre enn kr 500 etter at egenandelen er trukket fra, erstattes ikke.

§ 11 andre leden nr. 5 skal lyde:

       På det erstatningsgrunnlag som fremkommer etter reglene i nr. 1-4 og etter at mulige fradrag etter §§ 5 og 6 er gjort, fastsettes den samlede erstatning en skadelidt tilkommer til 80 % av de første kr 100.000

70 % av de neste kr 100.000

60 % av de neste kr 100.000

40 % av de neste kr 100.000

20 % av de neste kr 100.000

således at det høyeste erstatningsbeløp som kan fastsettes er kr 270 000. »

§ 14

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, er samd i framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti har merka seg at fondsstyret kan setje som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at fare for naturskade blir minska. Dersom det blir sett slike vilkår, kan skadelidande få eit tilskott til dekking av meirkostnader. Desse medlemene er svært skeptisk til at Kongen kan gje nærare føresegner om dette, og meiner at slike føresegner burde vore tekne inn i lova.

§ 16

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, er samd i framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti har merka seg at også gjeldande lov har reglar om at erstatninga kan bli redusert dersom det ikke blir løyvd tilstrekkelege midlar etter ei større naturkatastrofe. Desse medlemene har forståing for at det ved landsomfattande katastrofar som truar økonomien i landet, kan vere nødvendig å redusere erstatninga. Men desse medlemene vil åtvare mot å bruke reglane slik at erstatningane blir reduserte i staden for at det blir løyvt tilstrekkelege midlar etter katastrofar.

§§ 20-24

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, er samd i framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til dei generelle merknadene når det gjeld framlegget å overføre ansvaret for sikringsarbeid til kommunane. Desse medlemene gjer framlegg om at §§ 20, 21, 22, 23 og 24 i framlegget frå departementet blir erstatta med §§ 23, 23a, 24, 25, 26, 27 og 28 i gjeldande lov. Desse medlemene gjer etter dette slikt framlegg:

« § 20 skal lyde:

       Hvis det i en kommune fremkommer opplysninger om forhold som kan medføre fare for naturskade, skal kommunen sende melding om dette til fondsstyret, jf. bygningslovens § 25 nr. 5 og § 68. Er det øyeblikkelig fare for at naturskade kan inntreffe, skal politiet (på landet lensmannen) snarest varsles.

       Når fondsstyret ved melding som nevnt i første ledd eller på annen måte får kjennskap til at et område er utsatt for naturskade, skal det forholde seg som nevnt i § 24 eller forberede tiltak for å avverge naturskade etter å ha innhentet kommunens uttalelse om dette. »

« § 21 skal lyde:

       Når fondsstyret finner at det bør foretas nærmere undersøkelser før det kan planlegges og gjennomføres tiltak for å avverge naturskade, kan styret pålegge kommunen å yte hjelp til slike undersøkelser. Bestemmelse om at et sikringstiltak skal iversettes, fattes av kommunen såfremt ikke særlige hensyn tilsier at andre må bestemme det eller det gjelder tiltak som eierne selv tar hånd om. Hvis fondsstyret ikke bestemmer noe annet, påhviler det kommunen å forestå den tekniske gjennomføringen av tiltaket når denne har bestemt at tiltaket skal iverksettes.

       Når gjennomføring av et tiltak som fondet yter tilskott til, blir fremmet av eiere, plikter vedkommende kommune etter fondsstyrets bestemmelse å hjelpe til med å kontrollere at arbeidet blir riktig utført.

       Når det er nødvendig å gjennomføre tiltak til sikring mot naturskade - utenfor de tilfeller som er omhandlet i lov om vassdragene av 15. mars 1940 § 102 - kan Kongen kreve avstått til staten eller gi andre tillatelse til å kreve avstått fast eiendom eller rett over fast eiendom, derunder rett til å forby hogst eller annen særlig utnyttelse.

       Fondsstyret kan gi pålegg om vedlikeholdsarbeider ved et sikringsanlegg.

       Kongen kan utferdige nærmere forskrifter om planlegging og gjennomføring av sikringstiltak og om vedlikehold av sikringsanlegg samt om naturskadefondets samarbeid med andre offentlige myndigheter, organisasjoner m.v. »

« § 22 skal lyde:

       I den utstrekning fondsstyret ikke yter tilskott til dekning av utgiftene til gjennomføring og vedlikehold av et sikringstiltak, dekkes utgiftene av kommunen når det gjelder tiltak som denne har tatt bestemmelse om å iverksette, jf. § 23. Kommunen kan kreve utgiftene refundert fra eiere (festere) etter bestemmelsene i denne paragraf.

       Refusjonsplikten påhviler eier (fester) av eiendom eller del av eiendom som ligger innenfor grensene for område som anses truet av naturskade.

       Refusjonsbeløpet utregnes forholdsmessig etter verdien av den sikkerhet som byggverk på den enkelte refusjonspliktige eiendom oppnår ved sikringstiltak og etter den verdistigning som grunnen oppnår ved økte muligheter for anvendelse, f.eks. bebyggelse, anlegg av veger, jorddyrking og skogreising. Refusjonsbeløpet er begrenset til summen av verdien av den sikkerhet som byggverk oppnår og den verdistigning som grunnen oppnår ved sikringstiltak.

       Størrelsen av refusjonsbeløpet fastsettes av kommunen, når det er denne som iverksetter tiltaket og ellers av fondsstyret.

       Eier (fester) som er pålagt refusjon, kan kreve tvist om refusjonsplikten og/eller størrelsen av refusjonsbeløpet avgjort ved skjønn. Kravet om skjønn må være fremsatt innen 4 uker etter at melding om refusjonsbeløpet er mottatt fra kommunen.

       Kommunen har panterett for refusjonsbeløpet i vedkommende eiendom. Heftelsen faller bort om ikke pålegget om tilskuddsplikt blir tinglyst på vedkommende eiendom senest 4 måneder etter at pålegget er gitt. Det samme gjelder hvis den nærmere bestemmelse om tilskuddspliktens omfang ikke blir tinglyst senest 4 måneder etter at den er blitt endelig.

       Kongen kan utferdige nærmere forskrifter om dekning av utgiftene ved sikringstiltak og om refusjon m.v. »

« § 23 skal lyde:

       Hvis en eller flere eiere (festere) har gjennomført et sikringstiltak som er godkjent av fondsstyret, kan refusjon av utgifter utover det tilskott fondsstyret har ytt kreves av andre eiere (festere) som har fått økonomisk fordel av tiltaket. Regnskap med nødvendige legitimasjoner skal sendes til kommunen, som fastsetter refusjonen og foretar fordelingen.

       For beregningen av refusjonsbeløpet, tvist om refusjonsplikten samt panterett for refusjonsbeløpet gjelder tilsvarende regler som fastsatt i § 20.

       Eieren (festeren) kan forlange at kommunen skal kreve inn refusjonsbeløpene. »

« § 24 skal lyde:

       Finner fondsstyret at det innen et område vil kunne oppstå fare for naturskade, skal det reise spørsmålet overfor kommunen om området bør avsettes som fareområde etter bygningslovens § 25 nr. 5 eller om det bør nedlegges forbud mot bebyggelse i medhold av samme lovs § 68 annet ledd.

       Fondsstyret kan bestemme at det for den eller de eiendommer som ligger innen et slikt område som omtalt i første ledd, skal tinglyses erklæring om at disse eiendommer er utsatt for naturskade, jf. § 5 annet ledd. Slik bestemmelse kan fondsstyret også treffe når det er gitt slikt samtykke som nevnt i § 14 annet ledd. Erklæringen skal nøye angi hvilke områder og hva slags skade den gjelder. Om nødvendig skal det legges ved kart over området. Før det blir truffet en slik bestemmelse som nevnt i første punktum skal eieren, vedkommende kommune og fylkesmannen få adgang til å uttale seg. »

« § 25 skal lyde:

       Fondsstyret kan bestemme at det skal avgjøres ved skjønn om vilkåra er til stede, før det tinglyses slik erklæring som nevnt i § 22. Er slik erklæring tinglyst uten forutgående skjønn, kan eieren kreve avgjort ved skjønn om betingelsene var til stede, såfremt han ikke har samtykket i tinglysingen.

       Omkostningene ved skjønn bæres av fondet. I tilfelle som nevnt i første ledds annet punktum kan dog skjønnet pålegge eieren å erstatte fondet omkostningene helt eller delvis, såfremt det finner at han åpenbart ikke hadde grunn til å begjære skjønn.

       Blir det ved endelig skjønn avgjort at betingelsene ikke var til stede, eller bare var til stede for en del av det område som erklæringen omfatter, skal denne for så vidt avlyses. Eieren kan ved samme eller særskilt skjønn kreve seg tilkjent erstatning for skade som måtte være oppstått ved at erklæringen er tinglyst.

       Hvis forholdene forandres slik at betingelsene for å tinglyse erklæring ikke lenger er til stede, kan eieren kreve at erklæringen avlyses. Hvis kravet ikke etterkommes innen en måned etter at det er fremsatt, får reglene i første ledds annet punktum og i annet og tredje ledd tilsvarende anvendelse. »

« § 26 skal lyde:

       Når departementet finner at en eier (fester) på grunn av faren for naturskade bør få flyttet et byggverk eller få et ødelagt byggverk oppført på et nytt sted, kan det gi tillatelse til ekspropriasjon av byggetomt til eie eller bruk, såfremt ikke brukbar tomt finnes på eiendommen og heller ikke fås ervervet eller leiet på rimelige vilkår. Slik tillatelse kan bare gis hvis den fordel eieren av byggverket oppnår, finnes å være vesentlig større enn den ulempe avståelsen vil medføre for eieren eller brukeren av tomten. »

       « §§ 25 og 26 i framlegget frå Regjeringa blir §§ 27 og 28. »