5. Komiteens tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og til merknadene ovenfor og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov
om endringer i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

I.

       I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgende endringer:

§ 2. Skoleskipnad.

Nr. 1 og 2 skal lyde:

       1. Obligatorisk opplæring er 10-årig.

       Til ungdomssteget kan det leggjast eit 11. år med friviljug undervisning.

       2. Til vanleg bør det ikkje skipast skolar med meir enn 450 elevar. Ein skole med årgangstal mellom 20 og 60 elevar bør til vanleg ha alle 10 (11) årskulla. Dersom det elles ville bli urimeleg lang eller hard skyss, kan skolen ha ungdomssteg med mindre enn 20 elevar i årskullet.

§ 6. Undervisningstida.

Nr. 2 skal lyde:

       2. Minste veketimetal på alle steg i grunnskolen vert fastsette av departementet i samsvar med budsjettvedtak i Stortinget.

§ 13. Rett og plikt til opplæring.

Nr. 2 og 3 skal lyde:

       2. Barnet skal til vanleg starte opplæringa i det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen la eit barn starte eitt år seinare.

       3. Opplæringsplikta varer til eleven har gått tiande skoleåret. I særlege tilfelle kan ein elev bli utskriven tidlegare, men likevel ikkje før han har gått ni år på skolen.

       Born og ungdom kan likevel bli fritekne frå opplæringsplikt dersom dei ut frå ei sakkunnig vurdering har så alvorlege funksjonshemmingar at opplæringsplikta verkar urimeleg.

II.

       Denne lov trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

Oslo, i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen, den 4. mai 1994.

Jon Lilletun,

Marit Nybakk, Siri Frost Sterri,

leder.

ordfører. sekretær.