Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endringar i lov av 21. mai 1971 nr. 47 om brannfarlige varer samt væsker og gasser under trykk, lov av 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer og lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr.

1. Innledning

       Til Odelstinget.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet legg i proposisjonen fram utkast til lovendringar som vil gje Statens Innkrevingssentral namsmyndigheit til å tvangsinndriva uteståande krav.

       Frå 1. januar 1994 er innkrevjinga av avgifter etter lov om brannfarlege varer samt væsker og gassar under trykk, lov om eksplosive varer og lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, overført frå Direktoratet for brann og eksplosjonsvern og Elektrisitetstilsynet til Statens Innkrevingssentral. Tvangsinndrivinga av krava har skjedd gjennom dei alminnelege namsmyndigheitene.

       Proposisjonen viser til at lovendringane vil gjere at ein får ei effektiv og rasjonell fullføring av uteståande krav vedrørande dei aktuelle avgiftene, som er svært like innkrevjingsmessig sett.

       Departementet gjer framlegg om at Statens Innkrevingssentral blir gjeven namsmyndigheit til å ta utlegg ved trekk i løn m.v. og til å ta utleggspant i enkelte tilfelle, på same måte som gjeld for innkrevjing av forsikringsgebyr og tvangsmulkt etter aksjeselskapslova og statistikklova.

       Kostnadene ved innkrevjing av avgiftene under Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern og Elektrisitetstilsynet er innarbeidd i det budsjettet som er vedteke for Statens Innkrevingssentral for 1994. I proposisjonen gjerast det kort greie for dei gevinstane som den foreslåtte overføringa vil føra med seg. Lovforslaga i proposisjonen er ei lovteknisk tilrettelegging som ei naturleg forlenging av overføringar som allerede er foretatt, og fører ikkje med seg at nye saksområde vert overført til Statens Innkrevingssentral.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at Odelstinget tidlegare har handsama spørsmålet om namsmyndigheit for Statens Innkrevingssentral (SI) til å drive inn uteståande krav. Komiteen viser m.a. til Innst.O.nr.128 (1992-1993).

       Komiteen vil peike på at framlegget ikkje fører med seg utvida oppgåver ved SI, men berre ein utvida myndigheit til å drive inn krava. Komiteen vil i den samanheng vise til ønskje frå ein samla justiskomité i Innst.O.nr.20 (1993-1994) om at ein prinsipiell gjennomgang av SI sitt ansvarsområde for nye oppgåver vert lagt til SI.

       Komiteen viser til at framlegget til endringar forutset å føre til meir effektiv innkreving av krav og meir likearta handsaming av inndriving av uteståande krav, og stør framlegget frå Regjeringa.

3. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 21. mai 1971 nr. 47 om brannfarlige varer samt væsker og gasser under trykk, lov av 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer og lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr.

I.

I lov av 21. mai 1971 nr. 47 om brannfarlige varer samt væsker og gasser under trykk blir det gjort følgjande endringar:

§ 43 tredje ledd noverande andre punktum blir nytt fjerde ledd.

§ 43 nytt femte ledd skal lyde:

       Når Statens Innkrevingssentral er pålagt å innkreve avgifter som nevnt i første og annet ledd, kan den inndrive avgiftene ved trekk i lønn og andre lignende ytelser etter reglene i dekningsloven § 2-7. Innkrevingssentralen kan også inndrive avgiftene ved å stifte utleggspant for kravet dersom panteretten kan gis rettsvern ved registrering i et register eller ved underretning til en tredjeperson, jf. panteloven kapittel 5, og utleggsforretning kan holdes på Innkrevingssentralens kontor etter tvangsfullbyrdelsesloven § 7-9 første ledd.

II.

I lov av 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer blir det gjort følgjande endringar:

§ 40 første ledd skal lyde:

       Lov av 21. mai 1971 nr. 47 om brannfarlige varer samt væsker og gasser under trykk § 43 første og tredje til femte ledd gjelder tilsvarende.

III.

       I lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr blir det gjort følgjande endringar:

§ 4 nr. 2 skal lyde:

       2. Om renteplikt ved for sen betaling av avgiften, gjelder reglene i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 tilsvarende.

       Avgiften er tvangsgrunnlag for utlegg.

       Når Statens Innkrevingssentral er pålagt å innkreve avgifter som nevnt i nr. 1, kan den inndrive avgiftene ved trekk i lønn eller andre lignende ytelser som nevnt i dekningsloven § 2-7. Innkrevingssentralen kan også inndrive avgiftene ved å stifte utleggspant for kravet dersom panteretten kan gis rettsvern ved registrering i et register eller ved underretning til en tredjeperson, jf. panteloven kapittel 5, og utleggsforretningen kan holdes på Innkrevingssentralens kontor etter tvangsfullbyrdelsesloven § 7-9 første ledd.

§ 7 nr. 3 nytt tredje punktum skal lyde:

       § 4 nr. 2 tredje ledd gjelder tilsvarende.

§ 13 nytt tredje punktum skal lyde:

       § 4 nr. 2 tredje ledd gjelder tilsvarende.

IV.

       Lova tek til å gjelde straks. Lova får også verknader for avgift og gebyr som er forfalt før lova tek til å gjelde.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 25. mai 1994.

Roger Gudmundseth,

Børre Rønningen, Ola T Lånke,

leiar.

ordførar. sekretær.