Innstilling frå samferdselskomiteen om lov om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov av 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 57 (1993-1994)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 74 (1993-94)
  • Dato: 02.06.1994
  • Utgiver: samferdselskomiteen

1. Innleiing

       Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til lovregulering av overgangsreglar om at tilsette i Televerket som går over i selskap som vert utskild frå Televerket, mellombels skal behalde førerett til ny statsstilling og ventelønsrettar.

2. Bakgrunn for forslaget

       Ved Stortinget si handsaming av omorganiseringa av Televerket, jf. Innst.S.nr.25 (1991-1992), slutta Stortinget seg til at delar av Televerket si konkurranseverksemd vert skild ut i eigne selskap heileigd av Televerket.

       Den einskilde utskiljing av verksemd til aksjeselskap kan Televerket avgjere sjøl.

       Da tilsette ved slik overgang ikkje lenger vil vere omfatta av tenestemannslova, må ein ha lovheimel for å behalde rettar etter lova. Departementet rår til at rettane kan behaldast i tre år.

       Lova vert gjeve tilbakevirkande kraft for tilsette som vert overført frå Televerket til dei selskapa som er utskilde før lova tek til å gjelde, men likevel berre dei selskapa som var omfatta av St.meld. nr. 67 (1991-1992).

3. Administrative og økonomiske konsekvensar

       Det er ein føresetnad at eventuelle ventelønsutgifter skal berast av staten, og ikkje av det einskilde selskap.

       Dei administrative og økonomiske konsekvensar av lovforslaget vil avhenge av om og i kva omfang rettane vert utløyste. Det let seg følgjeleg ikkje talfeste. Ein vil kome tilbake til Stortinget med den budsjettmessige handtering og konsekvensar dersom og når dette blir aktuelt.

4. Komiteen si tilråding

       Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov av 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket.

§ 1. Virkeområde

       Lova gjeld tilsette i Televerket, som ved utskilling av delar av verksemda i Televerket til eigne selskap, vert tilsette i slikt selskap.

§ 2. Rettar

       Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal i tilfelle som nemnd i § 1 framleis gjelde for arbeidstakarar som vert sagt opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 a, b og c, og som var omfatta av desse føresegnene før utskillinga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer tre år etter overføringa.

       Føresegnene i førre ledd innskrenkar ikkje rettane til arbeidstakarane etter arbeidsmiljølova §§ 60 nr. 2 og 67.

§ 3. Sluttføresegner

       Denne lova tek til å gjelde straks.

       Lova gjeld, i tillegg til det som vert regulert i § 1, for tilsette som på det tidspunktet lova tek til å gjelde, allereie er overført frå Televerket til eit selskap utskild etter 1. januar 1992.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 2. juni 1994.

Inge Myrvoll,

Magnar Sætre, Solveig Torsvik,

fung. leiar.

ordførar. sekretær.