6. Diverse

6.1 Skattytaren sin kopi av grunnlagsdata

       Kap. 6 likningslova har reglar om at einskilde tredjemenn skal gi opplysningar til likningsstyresmaktene. Ein del av opplysningane skal gis i maskinlesbar form, jf. likningslova § 6-16 c og § 6-13 nr. 3. Dette gjeld blant anna lønnsoppgåve, saldo- og renteoppgåve frå bankar m.v. Etter likningslova § 6-17 nr. 3 skal skattytaren ha kopi av dei likningsoppgåvene som er nemnd i likningslova § 6-16 c og 6-13 nr. 3, og som vert sendt likningsstyresmaktene.

       Skattytarar som oppfyller særskilde vilkår kan levere forenkla sjølvmelding. Skattytarane som leverer forenkla sjølvmelding må sjølv forvisse seg om, og innestå for, at dei har fått alle oppgåver over sine skatterettslege forhold og at oppgåvene er rette.

       Av denne grunn er det viktig at det går klart fram av den kopien av oppgåva skattytaren mottar, at den er av ein slik art som nemnd i likningslova § 6-17 nr. 3. Likningslova § 6-17 nr. 3 fastset at opplysningane skal gis som kopi av oppgåvene som gis likningstyresmaktene, og at det skal gjerast merksam på at opplysningane er overlevert likningsstyresmaktene. Dei same tallstørrelsane som opplysast til likningsstyresmaktene skal såleis og opplysast til skattytaren.

       For å hindre mistydingar kan det vere ein fordel om kopien av opplysningane vert gitt til skattytaren i ein standardisert form med ein fastsett forklarande tekst.

       Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om ein endring i likningslova § 6-17 nr. 3 der departementet vert gitt heimel til å fastsette at kopiane vert oversendt skattytar i ein bestemt form.

       Departementet gjer framlegg om at endringane vert gjennomførte med verknad frå og med inntektsåret 1995.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til proposisjonen.

6.2 Ymse opprettingar

       Noregs Postbank blei oppretta ved lov av 5. juni 1992 nr. 51 . I samband med vedtakinga vart det gjort endringar i ei rekkje lover. Mellom anna blei selskapsskattelova endra slik at også Noregs Postbank vart omfatta av særreglane om skattlegging av selskap. Selskapsskattelova § 1-1 nr. 1 lyder etter dette:

       « Reglene gjelder også for foretak etter lov av 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak, for Verdipapirsentralen i Norge, samt for Norges Postbank, så langt reglene passar. »

       Ved ein inkurie fall vedtaket om Noregs Postbank ut av lova da ho vart endra ved lov av 8. januar 1993 nr. 17. Lovendringa hadde som bakgrunn at Verdipapirsentralen vart omgjord til ein skattefri institusjon.

       Departementet foreslår no at lova blir endra, slik at Noregs Postbank kjem inn att i teksten.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til propsisjonen.