Innstilling frå næringskomiteen om endringar i lov av 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 33 (1994-1995)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 7 (1994-95)
  • Dato: 23.02.1995
  • Utgiver: næringskomiteen

1. Samandrag

1.1. Generelt

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i dyrevernlova. Endringane gjeld først og fremst dyrevernnemndene og arbeidet deira. Ei mindre endring gjeld bruk av forsøksdyr.

1.2. Bruk av forsøksdyr

       Landbruksdepartementet meiner det er føremålstenleg å utarbeide nye føresegner om biologiske forsøk med dyr. Europarådskonvensjonen om vern av forsøksdyr, som Noreg har ratifisert, bør innarbeidast.

       Det er framlegg om at føresegner skal gjere det mogleg for Utvalg for forsøk med dyr (Forsøksdyrutvalget) å delegere retten til å gje løyve til å gjere biologiske forsøk på dyr til ein person som utvalet har godkjent som ansvarleg for forsøksdyrverksemda i ei bedrift eller ein institusjon. Bakgrunnen er at departementet ønskjer å gjere det mogleg å leggje ansvaret for dyreforsøk til den einskilde forskaren, og det er lite føremålstenleg at Forsøksdyrutvalget skal handsama søknader frå kvar einskild forskar og for kvart einskild forsøk.

1.3. Dyrevernnemndene

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om endringar når det gjeld organisering av dyrevernarbeidet, da erfaring syner at det ikkje er så god oppfølging av brot på dyrevernlova som ønskeleg. Den førebyggjande verksemda er heller ikkje tilfredsstillande.

       Departementet meiner at dyrevernlova og føresegner gjevne med heimel i lova gjev gode rammer for korleis dyreholdet skal gå føre seg, men lova gjev ikkje tilsynsapparatet gode nok verkemiddel til å oppfylle intensjonane i lova.

       I dag skal det i kvar kommune veljast ei dyrevernnemnd med tre eller fem medlemer. Oppgåva til nemnda er å hjelpa politiet med å sjå til at reglar i dyrevernlova og føresegner gjevne med heimel i lova, vert etterkome. Ved brot på lova skal nemnda gje råd om kva som må gjerast. Det er politiet som kan gjere vedtak om råda frå dyrevernnemnda ikkje vert følgt. Frå lova trådte i kraft, var distriktsveterinæren medlem av dyrevernnemnda. I 1987 vart dette endra til at distriktsveterinæren har møterett i nemnda. Bakgrunnen for endringa var prinsippet om at ingen skal vere med i ei kommunal nemnd ut frå stillinga vedkomande har.

       Dyrevernnemnda sine oppgåver er regeltolking og kontroll, og dette har i liten eller ingen grad element av lokal politisk styring. Etter departementet sitt syn høyrer oppgåvene derfor heller naturleg heime i den lokale statsforvaltinga. Kommunal- og arbeidsdepartementet har ved fleire høve peika på at dyrevernnemnda sine oppgåver er statlege, og at staten bør bera utgiftene.

       Landbruksdepartementet meiner følgjande er viktige føresetnader for å få betra lokal dyrevernforvalting:

- Dyrevernnemnda vert oppnemnt og finansiert av staten,
- Nemnda får vedtakskompetanse og høve til å ileggja tvangsbot,
- Distriktsveterinæren vert sekretær for nemnda, men ikkje medlem og utan stemmerett,
- Nemnda, politiet og distriktsveterinæren får heimel for å take dyr i midlertidig forvaring,
- Distriktsveterinæren får heimel for å setje i verk avliving av dyr for å spara det for meir liding,
- Kvart veterinærdistrikt vil som hovudregel utgjere det geografiske verkeområdet for nemnda,
- Tilsynsveterinæren får ansvar for dyrevernarbeidet på slakterier, også vedtakskompetanse,
- Landbruksdepartementet kan i føresegner gje vedtakskompetanse til distriktsveterinæren eller annan offentleg veterinær,
- Fylkesveterinæren vert klageinstans for vedtak som politiet, dyrevernnemnd, distriktsveterinær eller tilsynsveterinær gjer.

       Departementet ønskjer eit fleksibelt system for avgrensing av det geografiske verkeområdet til dyrevernnemnda. Fylkesmannen skal take avgjerd etter framlegg frå distriktsveterinæren. I storbyane er det fortsatt aktuelt å ha ei dyrevernnemnd for bykommunen aleine, medan det i andre område vil vere ønskeleg og naturleg å knyta det til eit veterinærdistrikt.

       Det er framlegg om at dyrevernnemnda får tre medlemer. Departementet meiner det vil vere mest effektivt og rimeleg økonomisk sett. I spesielle høve kan det vere fem medlemer. Kvar kommune skal gjere framlegg om medlemer i nemnda, og distriktsveterinæren uttale seg før fylkesmannen oppnemner medlemene for fire år om gongen. Oppnemningstida skal ikkje knytast til kommunevalsperioden som i dag.

       Departementet meiner det er lite effektivt at dyrevernnemnda bare kan gjere framlegg om vedtak i ei dyrevernsak, og at politiet, som kan gjere vedtak, først får saka om framlegget frå dyrevernnemnda ikkje har ført fram. Saksgangen er tidkrevjande, og politiet handsamer ofte saka som om den er meld til politiet, medan det rette ville vere å gjere eit forvaltingsvedtak. Departementet meiner derfor det er naudsynt å gje dyrevernnemnda vedtaksfullmakt. I ein del saker er det òg aktuelt å gje distriktsveterinæren eller annan offentleg veterinær fullmakt til å gjere vedtak.

       Dyrevernnemnda skal stå for gjennomføring av vedtaka sine, men nektar eigaren/innehavaren å følgje vedtaket, slik at det må gjennomførast med tvang, skal politiet syte for det.

       Etter gjeldande lov kan ein eigar verte frådømt retten til å ha dyr. Departementet meiner at tap av retten er så vidtrekkjande at avgjerd fortsatt må takast av rettsapparatet.

       Det er framlegg om at dyrevernnemnda kan fastsetje tvangsmulkt for å få gjennomført eit pålegg, og Kongen skal kunne gje føresegner om dette. Det er vidare framlegg om at dyrevernnemnd, distriktsveterinær eller politiet kan ta dyr i mellombels forvaring i inntil tre veker. Dyrevernnemnda må innan tre dagar stadfeste vedtak om mellombels forvaring som distriktsveterinæren eller politiet gjer.

       Når det gjeld distriktsveterinæren si rolle i dyrevernnemnda, har departementet ved sida av den valte modellen, også vurdert å la distriktsveterinæren vere både medlem og sekretær i nemnda. Konklusjonen var at ingen bør vere medlem i ei nemnd ut frå stillinga.

       Som sekretær i nemnda får distriktsveterinæren eit spesielt ansvar for arbeidet i nemnda. Departementet reknar med at det kan verte nødvendig å leige inn sekretærhjelp, slik at distriktsveterinæren si rolle vert av faglig og administrativ art. Det vert peika på at distriktsveterinæren sitt dyrevernarbeid må løysast innanfor den totale ressursramma for distriktsveterinæren si verksemd.

       Departementet har vurdert distriktsveterinæren si rolle som kombinert forvaltingsorgan og næringsutøvar. Det kan oppstå situasjonar der distriktsveterinæren er ugild. Da må distriktsveterinæren tre ut av handsaminga av saka og nemnda anten fatte vedtak utan at distriktsveterinæren er til stades, eller den overlet saka til overordna forvaltingsstyresmakt.

       Departementet har lenge ønskt å gje tilsynsveterinærane (kontrollveterinærane) på slakteria større ansvar når det gjeld dyrevernet på slakteria. Departementet finn at reglane om dyrevernmessige tilhøve på slakteria bør ha heimel i dyrevernlova og ikkje i kjøttkontrollova. Tilsynsveterinæren sitt tilsynsansvar vil også gjelde transport av dyra til slakteri. Om tilsynsveterinæren oppdagar tilhøve som har bakgrunn i tida eit dyr var hjå eigaren, skal vedkomande rapportere til lokal distriktsveterinær/dyrevernnemnd.

       Framlegget inneber at dyrevernnemnda, politiet og offentleg veterinær fortsatt har inspeksjonsrett på slakteri. Dyrevernnemnda får likevel ikkje vedtakskompetanse når det gjeld tilhøva på slakteri.

       Departementet meiner at tilsynet med transport av dyr er ei oppgåve for dyrevernnemndene. Sjølv om tilsynsveterinæren får tilsynsansvar for transport av slaktedyr, er det fortsatt dyrevernnemnda som har vedtakskompetansen, for å sleppa dobbeltkompetanse på dette området. Tilsynsveterinæren må derfor rapportere om brot på regelverket for transport til dyrevernnemnda.

       Etter departementet sitt overslag vil kostnadene med ordninga verte om lag 12 mill. kroner. Da er det rekna med 225 dyrevernnemnder i dei om lag 215 veterinærdistrikta. Vidare at distriktsveterinæren utfører 50 inspeksjonar/reiser på dyrevernsida kvart år, og at kvar av dei tre medlemene i nemnda er i møte eller deltek i inspeksjon ni gonger kvart år. Ekstra sekretærhjelp til dyrevernnemndene vil utgjere om lag 10 årsverk. Dersom talet på medlemer i nemnda vert auka til fem, vil utgiftene auke med 3 mill. kroner.

       Utgiftene til dyrevernnemndene vil verte dekte ved å trekkje 4,3 mill. kroner frå rammetilskotet til kommunane. Utgiftene til distriktsveterinæren sitt arbeid vil verte dekte dels frå konkurransestrategien for norsk mat, og dels ved omprioriteringar på Landbruksdepartementet sitt budsjett.

1.4. Dei einskilde paragrafane

§ 23. Dyrevernnemnder

       Distriktsveterinæren skal ha ansvaret for at dyrevernoppgåvene vert utført, men må ikkje gjere alt arbeidet sjølv. Det kan delast mellom medlemene i nemnda eller det kan leigast inn hjelp.

       Nemnda skal organisera seg sjølv. Om den ønskjer, kan medlemene byte funksjonar i perioden. Ingen kan verte oppnemnt om dei ikkje ønskjer det.

       Det er framlegg om endring når det gjeld årsrapport frå nemnda. Den skal etter omorganisering sendast inn innan utgangen av januar.

§ 24. Tilsyn, tiltak

       Nemnda får heimel for å gjennomføre pålegga sine om eigaren/innehavaren ikkje følgjer opp innan fristen som er sett. Men er det nødvendig å bruke tvang, må politiet koplast inn.

§ 24 a. Mellombels tiltak og avliving

       Dyr skal kunne takast i forvaring også om det ikkje er omsorgssvikt, t.d. om eigaren ikkje kan take seg av dei.

§ 24 b. Avliving iverksett av distriktsveterinæren

       Den retten distriktsveterinæren får til å avlive dyr for å hindra unødig liding, kan om naudsynt iverksetjast med hjelp frå politiet.

       Klage over distriktsveterinæren sitt vedtak om å avlive eit dyr skal vanlegvis ikkje ha oppsetjande verknad.

§ 24 c. Dyrevern på slakteri

       Sjølv om dyrevernnemnda ikkje får vedtakskompetanse på slakteri, skal den ha inspeksjonsrett. Om nemnda finn at tilsynsveterinæren forsømer ansvaret sitt, kan den klage til fylkesveterinæren.

       Tilsynsveterinæren kan sende bod på dyrevernnemnda og be om råd når det er ønskjeleg, t.d. før vedtak som har stor verknad for slakteriet.

§ 25. Vedtak og klage

       Fylkesveterinæren vert klageinstans for vedtak fatta av dyrevernnemnd, distriktsveterinær eller politi i dyrevernsaker. Når det gjeld politiet, vil einaste vedtak det gjer, vere vedtak om å take dyr i forvaring.

§ 26. Tvangsmulkt

       For at det ikkje skal løne seg å trenera tiltak, er det framlegg om å innføra tvangsmulkt.

§ 27. Dekking og fordeling av utgifter

       Medlemene av dyrevernnemnda vil som før få godtgjersle for arbeidet i nemnda og skyss- og kostpengar, men ikkje lenger vederlag for tapt arbeidsinntekt.


2. Merknader frå komiteen

2.1. Generelt

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til at det dei seinare åra stadig har vore reist krav om endringar i dyrevernlova, slik at dyr kan få betre rettsvern.

       Etter fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, sitt syn, er dei endringane det er gjort framlegg om, i tråd med målsettinga om betring av dyrevernet.

       Komiteen har merka seg at departementet har gjort ei grundig utgreiing før proposisjonen vart fremma. Komiteen ser positivt på det arbeidet som er gjort for å betre dyrevernarbeidet. Komiteen viser til den store interesse det er for dyrevernspørsmål, m.a. at forbrukarane i større grad enn før set krav om at husdyrproduksjonen skal gå føre seg på ein etisk forsvarleg måte. Interessa for dyrevern har vore aukande når det gjeld alle slags dyr, ikkje berre produksjonsdyr, men også t.d. forsøksdyr, sports- og kjæledyr og oppdrettsfisk.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ser positivt på hovedtrekkene i Regjeringens forslag til endringer i dyrevernloven. Disse medlemmene mener imidlertid at det på flere punkter ikke er samsvar mellom den uttrykte målsettingen om å styrke dyrevernet og de forslag til endringer som Regjeringen legger frem.

2.2. Bruk av forsøksdyr

       Komiteen har merka seg at endringa når det gjeld bruk av forsøksdyr, vil gje betre heimel for å følgje opp Europarådskonvensjonen om vern av forsøksdyr, som Noreg har slutta seg til.

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at endringa vil medføre at større ansvar for at dyreforsøk vert gjennomført i samsvar med gjeldande reglar, kan verte delegert til den einskilde forskaren. Fleirtalet ser det som positivt at Forsøksdyrutvalet kan få meir tid til å ta seg av prinsipielle spørsmål og gjennomføra varsla og uvarsla inspeksjonar i forsøksdyravdelingar. Fleirtalet sluttar seg til framlegget. Fleirtalet presiserer at forsøk med dyr, som i dag, skal gå føre seg innafor dei rammer som samfunnet set og i kontrollerte former.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det ikke er rimelig at mer av ansvaret for dyreforsøk delegeres til den enkelte forsker. Denne typen forskning bør foregå innenfor de rammer samfunnet setter, og i kontrollerte former. Dette medlem mener dette best ivaretas ved at Forsøksdyrutvalget fortsatt beholder myndigheten til å gi tillatelser til forsøk med dyr.

2.3. Dyrevernnemndene

       Komiteen meiner at det i alt dyrevernarbeid må leggjast stor vekt på førebyggjande arbeid. Det er nødvendig med både varsla og uvarsla inspeksjonar av alle typar dyrehald. Det vil etter komiteen sitt syn vere viktig også med tanke på å hindre dyretragedier av større omfang. Det er i den samanheng viktig at både fagkompetanse og lekmannsskjøn er med i vurderinga.

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, viser til at m.a. Kommunaldepartementet fleire gonger har peika på at dyrevernnemndene sine oppgåver er statlege, og at staten derfor bør ta over ansvaret for nemndene. Fleirtalet er samd i denne vurderinga, og sluttar seg til framlegget om endring.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet går inn for at dyrevernnemndene skal vera kommunale, og at medlemene i nemnda skal veljast av kommunestyret. Kommunane skal sjølve kunne avgjera om dei vil ha interkommunale nemnder innan eige veterinærdistrikt. Desse medlemene meiner at dyrevernsarbeidet skal vera ein del av den kommunale forvaltninga. Det er eit mål å opparbeide eit best mogleg tillitsforhold mellom dyrevernnemnda og den enkelte dyreeigar. Det er lettare å sikre ei slik arbeidsform dersom distrikta den enkelte dyrevernnemnd har ansvar for ikkje vert for store.

       Desse medlemene føreset at når det gjeld dei større byane, kan dei delast opp i mindre område, slik at den einskilde dyrevernnemnda får ansvar for eit område som ikkje er større enn at dei kan utføre oppgåvene sine på tilfredsstillande måte.

       Komiteen er samd med departementet i at det er nødvendig å få eit betre system for oppfølging av brot på dyrevernlova, og at det best kan skje ved at dyrevernnemnda får vedtakskompetanse. Komiteen meiner dette er nødvendig for å sikre raskare reaksjon når dyr står i fare for å lide unødig.

       Komiteen er klar over at når dyrevernnemnda får vedtakskompetanse, er det i enno større grad enn tidlegare nødvendig med opplæring av medlemene i nemnda. Komiteen reknar med at departementet legg ein plan for slik opplæring, og at den vil verte gjennomført før det blir omlegging av nemndsstrukturen.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til at det frå fleire hald er reist innvendingar mot at det som prinsipp vert ei nemnd i kvart veterinærdistrikt. Fleirtalet er likevel samd med departementet i at dette vil sikra ei god løysing. Men fleirtalet føreset at det når det gjeld dei større byane, vert mogleg å dele opp området, og at den einskilde dyrevernnemnda får ansvar for eit område som ikkje er større enn at den kan utføre oppgåvene sine på tilfredsstillande måte. Også i veterinærdistrikt med store avstandar kan det etter fleirtalet sitt syn vere best å dele dyrevernarbeidet på meir enn ei nemnd i kvart veterinærdistrikt.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener prinsippet om veterinærdistrikt som geografisk virkeområde for dyrevernnemndene kan virke uheldig. I områder med større byer, og i kommuner med lange avstander, må andre, og mindre, geografiske virkeområder gjelde. Dette medlem mener dette må gjøres helt klart i lovteksten.

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, meiner ordninga med ei dyrevernnemnd i kvart distrikt vil løyse ein del av dei problema som kan oppstå, særleg i mindre kommunar, når det gjeld habiliteten til medlemene i nemnda. Informasjon til innbyggjarane om dyrevernnemnda og arbeidet til nemnda vil òg kunne verte enklare.

       Fleirtalet er samd med departementet i at det ved val av løysing må takast omsyn til utgiftene til arbeidet til dyrevernnemndene. Den valde ordninga vil etter fleirtalet sitt syn gje styrking av dyrevernarbeidet samtidig som utgiftene vert halde på eit akseptabelt nivå.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til at departementet har teke utgangspunkt i at det kan verte om lag 225 dyrevernnemnder, medan det er om lag 215 veterinærdistrikt.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, ut frå at fylkesmennene, som skal ta stilling til kor mange dyrevernnemnder det skal vere, kan vurdere dette ut frå kva som vil vere mest tenleg for dyrevernarbeidet, og ikkje er bundne av førehandsvurderingane.

       Komiteen er klar over at før nyordninga kan tre i kraft, ligg det ein del førearbeid som vil ta tid. Komiteen er merksam på at dei kommunale nemndene som nå er i funksjon, er valde ut året 1995. Komiteen reknar med at departementet finn ei smidig overgangsordning når det gjeld tidspunkt for når nyordninga skal ta til.

       Komiteen meiner det er viktig å halde på lekmannsskjønet i dyrevernarbeidet, og er samd med departementet i at nemnda skal ha medlemer som er valde på fritt grunnlag. Komiteen vil peike på at det er viktig at dei som vert oppnemnde til dyrevernnemnda, har praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell, slik det er krav om i § 23. Komiteen meiner vidare at det er viktig at det er breidde i lekmannsskjønet, spesielt i område der dyrehaldet spenner over alle kategoriar dyr frå kjæledyr via tradisjonelle produksjonsdyr til forsøksdyr og oppdrettsfisk.

       Etter det komiteen kan sjå, er arbeidet i dyrevernnemnda noko spesielt i høve til arbeidet i andre nemnder. Dyrevernarbeidet må kunne gjerast til ei kvar tid på døgnet. Komiteen ser det som viktig at dei som vert oppnemnde i dyrevernnemnda, har tilstrekkeleg handlefridom i høve til sitt daglege virke. Det er òg viktig at arbeidet i dyrevernnemnda vert likestilt med anna politisk verksemd.

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, er samd i at distriktsveterinæren vert knytt til nemnda som ansvarleg for sekretærfunksjonen, og vil slik sett få ein rådgjevarfunksjon i nemnda. Veterinæren skal medverke til at arbeidet med å styrkje dyrevernet har framgang.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet meiner at distriktsveterinæren skal tiltre dyrevernnemnda som fast fagleg rådgjevar. Desse medlemene meiner at kommunane skal stille sekretærhjelp til disposisjon. Distriktsveterinæren skal ha det faglege ansvaret for at sekretærarbeidet blir utført på ein tilfredstillande måte. Utgifter som kjem i samband med dyrevernnemnda sitt arbeid, blir dekt av kommunane. Det er ein føresetnad at desse utgiftene blir teke med som ein del av dei ordinære rammeoverføringane frå staten. I saker der politiet og rettsapparatet er kopla inn, dekkjer staten utgiftene som dette fører med seg.

       Komiteen vil peike på at dyrevernarbeid bør vere ei av dei viktigaste oppgåvene for distriktsveterinæren, m.a. bør distriktsveterinæren vere ansvarleg for å etablere ei god vaktordning for dyrevernnemnda.

       Komiteen er samd i tidlegare vedtak om at distriktsveterinæren ut frå stillinga si ikkje skal vere med i nemnda, men ha ei fagleg rådgjevande tilknyting til den.

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, viser til at det har kome innvendingar mot ordlyden i § 23 andre leden i framlegget. Sjølv om det klart går fram av premissane at distriktsveterinæren skal ha ansvaret for sekretærfunksjonen i dyrevernnemnda, men at det ikkje er krav om at han sjølv skal utføre arbeidet, finn fleirtalet det rett å gjere endringar i ordlyden på dette punktet. Fleirtalet gjer derfor framlegg om at:

« § 23 andre leden skal lyde:

       Kvar dyrevernnemnd skal ha 3 medlemer. I særlege tilfelle kan nemnda ha 5 medlemer. Distriktsveterinæren er ansvarleg for sekretariatsfunksjonen til nemnda. Distriktsveterinæren er ikkje medlem av nemnda, men har møteplikt utan stemmerett. »

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, er samd i at som regel skal dyrevernnemnda ha tre medlemer, men at det i område med stort folketal og/eller mange dyr, kan vere nødvendig å ha nemnder med fem medlemer. Fleirtalet er vidare samd i at det skal vere fylkesmannen som tek avgjerd om kor mange medlemer det skal vere i kvar nemnd, og at det vert gjort etter at distriktsveterinæren har fått gje uttale.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til at departementet reknar med at også varamedlemene skal kunne trekkjast med i arbeidet i nemnda. Fleirtalet meiner dette er viktig for at reduksjonen i talet på medlemer ikkje skal svekkje dyrevernarbeidet.

       Komiteens sine medlemer frå Senterpartiet meiner at dyrevernnemnda skal ha fem eller tre medlemer. Kommunane avgjer sjølve storleiken på nemnda.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener dyrevernnemndene bør kunne ha flere enn tre medlemmer. Spesielt i store byer, og andre områder med stort arbeidspress, bør det som hovedregel være fem medlemmer i dyrevernnemnda. En reduksjon i antall medlemmer vil helt klart svekke dyrevernarbeidet, og slik sett gå på tvers av intensjonene i Regjeringens forslag.

       Komiteen viser til at nokre dyrevernnemnder har kontakta komiteen og klaga over at framlegget til endringar i lova ikkje vart sendt til dyrevernnemndene til uttale. Komiteen viser til at både Kommunal- og arbeidsdepartementet og Kommunenes Sentralforbund har hatt utkastet til uttale. Komiteen meiner derfor at dei høyringsinstansane som sit med det overordna ansvaret for dei kommunale dyrevernnemndene har fått uttale seg.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er kritisk til de økonomiske beregningene som departementet baserer finansieringen av omleggingen på. Mange kommuner har ikke vært dyktige nok til å dokumentere og regnskapsføre utgiftene til dyrevern. Eksempelvis er det oppgitt at bykommunene i gjennomsnitt brukte 48.000 kroner til dyrevernarbeid i 1993, mens utgiftene for Oslo, ifølge Oslo kommunale dyrevernnemnd, faktisk beløp seg til 340.000 kroner. Etter dette medlems vurdering er dette ikke noe enestående eksempel. Dette medlem mener derfor det er behov for økte ressurser i forbindelse med omleggingen. Disse midlene bør imidlertid ikke hentes ut av kommunenes rammetilskudd, men bevilges som « friske » penger. Dette medlem vil gå imot at det trekkes inn penger fra kommunenes rammetilskudd i forbindelse med omorganiseringen.

       Dette medlem viser til at den norske dyrevernloven er utilstrekkelig på enkelte områder. Spesielt alvorlig er det at driftsformer som frarøver dyra mye av sin naturlige atferd er tillatt. En driftsform som burhønsdrift er et eksempel på dette, og etter dette medlems syn er denne driftsformen i strid med dyrevernlovens § 2. Dette medlem viser i denne forbindelse til Sosialistisk Venstrepartis merknader i Innst.S.nr.140 (1989-1990) .

       Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med forslag som forbyr burhønsdrift og påbyr løsdrift for svin. »

       Dette medlem mener transport av dyr over lange avstander, og over lang tid, også kan komme i strid med dyrevernlovens § 2. Gjeldende transportforskrifter har krav om at dyr som transporteres mer enn 18 timer, skal ha vann og fôr, og det må ikke gå mer enn 12 timer mellom hver gang det gis vann og fôr. Dette medlem viser til at landbruksministeren i svar på spørretimespørsmål fra representanten Inger Dag Steen 1. april 1992 lovte å endre transportforskriftene på dette punkt, og innskjerpe regelen, slik at bestemmelsene om fôr og vann blir mer i samsvar med det en antar er rimelig ut fra dyras behov. Dette medlem viser til at forskriftene ikke er endret på dette punkt. Dette medlem viser til at det i Sverige vurderes innført regler om at dyretransport ikke skal vare mer enn i 8 timer uten at dyret får vann, fôr, hvile og friere bevegelse.

       Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen innføre regler om at dyr ikke må transporteres mer enn 8 timer uten vann, fôr, hvile og friere bevegelse. »

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, vil understreke at ein i Noreg har praktisert transportforskriftene for dyr strengt, og Noreg har vore eit av føregangslanda på området. Fleirtalet legg vekt på at måten transporten går føre seg på kan vere like viktig å ha merksemda på, som den tid dyra er under transport. Fleirtalet legg til grunn at departementet fylgjer dette området nøye og eventuelt kjem med endringar av forskriftene dersom utviklinga tilseier det.

2.4. Dei einskilde paragrafane

§ 22. Løyve til forsøksverksemd o.a.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknad foran og foreslår at § 22 beholdes som i gjeldende lov.

§ 23. Dyrevernnemnder

       Komiteen gjer framlegg om å sløyfe § 23 sjette leden siste punktum, da den kan skape tvil om korleis nemnda kan gjere lovleg vedtak. I ei nemnd med tre eller fem medlemer der minst halvparten må vere til stades og minst halvparten må røyste for, dersom vedtaket skal vere lovleg, vil det ikkje kunne verte like røystetal ved eit lovleg vedtak (minst halvparten av tre medlemer er to).

       Komiteens sine medlemer frå Senterpartiet viser til det som er sagt foran og fremmar på den bakgrunn fylgjande forslag:

« § 23 fyrste, andre og tredje leden skal lyde:

       Til å føre tilsyn med dyrehaldet, skal det i kvar kommune vere ei kommunal dyrevernnemnd. Medlemene i nemnda skal veljast av kommunestyret. Kommunane avgjer sjølv om dei vil ha interkommunale nemnder innan eige veterinærdistrikt. I større kommunar kan kommunane sjølv avgjera om dei vil ha fleire dyrevernnemnder.

       Kvar dyrevernnemnd skal ha 5 eller 3 medlemer. Distriktsveterinæren skal tiltre dyrevernnemnda som fast fagleg rådgjevar, utan stemmerett. Kommunen skal stille sekretærhjelp til disposisjon. Distriktsveterinæren skal ha det faglege ansvaret for at sekretærarbeidet blir utført på ein tilfredsstillande måte.

       Medlemene og like mange varamedlemer skal nemnast opp av kommunestyret for 4 år om gongen. Distriktsveterinæren skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det det fyrst og fremst oppnemnast folk som har praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell, og med kunnskap om og interesse for dyrevern. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre slutter seg til proposisjonens forutsetning om at tilsynet med dyrehold som hovedregel skal utøves av en statlig dyrevernnemnd for hvert veterinærdistrikt, dersom ikke særskilte forhold tilsier noe annet.

       Disse medlemmene vil foreslå at medlemmer til de statlige dyrevernnemnder foreslås av kommunestyrene, innstilles av fylkesveterinær i samråd med distriktsveterinærene, og oppnevnes av fylkestinget eller den dette bemyndiger. Disse medlemmene mener at pga. Landbruksdepartementets budsjettansvar, må antall dyrevernnemnder i det enkelte veterinærdistrikt fastsettes av departementet etter innstilling fra fylkesveterinæren i det enkelte fylket.

       I samsvar med dette fremmer disse medlemmene følgende forslag:

« § 23 første ledd skal lyde:

       Til å føre tilsyn med dyrehaldet skal det i kvart veterinærdistrikt vere ei eller fleire statlege dyrevernnemnder. Talet på dyrevernnemnder i det einskilde veterinærdistrikt vert fastsett av Landbruksdepartementet etter tilråding frå fylkesveterinæren i det einskilde fylket.

§ 23 tredje ledd skal lyde:

       Medlemene og like mange varamedlemer skal oppnemnast av fylkestinget eller den som fylkestinget gjev fullmakt, for 4 år om gongen etter framlegg frå dei einskilde kommunestyra. Distriktsveterinæren skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det fyrst og fremst oppnemnast folk med praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell og med kunnskap om og interesse for dyrevern. Ingen skal oppnemnast mot sin vilje.

§ 23 åttende ledd skal lyde:

       Innan utgangen av januar månad skal dyrevernnemnda senda melding om arbeidet som er gjort i førre året til fylkestinget og til fylkesveterinæren. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknad foran og fremmer følgende forslag:

« § 23 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

       I veterinærdistrikt med store byer, eller med store avstander, skal disse deles opp i mindre geografiske enheter som hver får sin dyrevernnemnd.

§ 23 annet ledd første punktum, blir første og annet punktum, skal lyde:

       Hver dyrevernnemnd skal ha minst 3 medlemmer. I områder som omfatter store byer, eller store avstander, skal dyrevernnemndene ha 5 medlemmer. »

§ 24. Tilsyn og tiltak

       Komiteen viser til at omtalen av fjerde leden i proposisjonen kan gjere det uklart om det er dyrevernnemnda eller politiet som skal setje i verk tiltak om pålegg frå nemnda ikkje vert følgd. Komiteen vil derfor understreke at det er dyrevernnemnda som set i verk tiltak, men om eigaren/innehavaren set seg imot det, skal politiet hjelpe til med å få gjennomført tiltaka. Det same gjeld dersom dyrevernnemnda ikkje får gjennomført ein inspeksjon som nemnda meiner er nødvendig.

§ 24 c. Dyrevern på slakteri

       Komiteen sluttar seg til endringane når det gjeld dyrevern på slakteria, og at tilsynsveterinæren får ansvaret og vedtakskompetanse. Dette vil gje klarare ansvarstilhøve. Etter komiteen sitt syn vil dyrevernnemnda likevel ha eit tilsynsansvar, og kan rapportere til fylkesveterinæren om tilhøve nemnda finn klanderverdige.

       Komiteen vil understreke at ansvaret for tilsyn med all transport av dyr, også til slakteri, framleis ligg hos dyrevernnemndene, distriktsveterinæren og politiet.

§ 25. Vedtak og klage

       Komiteen har merka seg at den einaste type vedtak politiet kan gjere i dyrevernsaker, er vedtak om å ta dyr i forvaring. Sjølv om slike vedtak skal stadfestast av dyrevernnemnda innan tre dagar, og elles fell bort, gjer departementet framlegg om at slike vedtak skal kunne påklagast til fylkesveterinæren. Komiteen har ikkje innvendingar mot dette.

§ 26. Tvangsmulkt

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, er samd i at med høve til å kunne ileggje tvangsmulkt, vil dyrevernnemnda få eit nytt sanksjonsmiddel i høve til brot på dyrevernlova. Fleirtalet vil peike på at i og med at storleiken på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt, så er det rimeleg at det er dyrevernnemnda som får høve til å ileggje mulkta.

       Komiteen vil understreke at det til ei kvar tid er høve til å fremje ei sak for domstolane for å få gjort om eit pålegg.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre har merket seg at dyrevernemnda i henhold til proposisjonens § 26 kan ilegge eier eller innehaver som ikke oppfyller gitte pålegg i henhold til denne lov, tvangsmulkt. Disse medlemmene mener prinsipielt at tvangsmulkt ikke bør ilegges av et offentlig oppnevnt utvalg, men fastsettes av en tjenestemann, og fremmer i tråd med dette forslag om en endring i § 26 som innebærer at tvangsmulkt skal fastsettes av distriktsveterinæren og at fylkesveterinæren er ankeinstans.

       Disse medlemmene fremmer i samsvar med det som er sagt ovenfor følgende forslag:

« § 26 skal lyde:

       Kongen kan i føresegn fastsetje at distriktsveterinæren kan ileggja eigar eller innehavar som ikkje oppfyller pålegg gjevne i medhald av denne lova innan den fristen som er sett, tvangsmulkt i form av einskild mulkt eller løpande dagmulkt. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt og kva kostnader dette kjem til å medføre. Pålegg om mulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. »

§ 27. Dekking og fordeling av utgifter

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til at medlemer av dyrevernnemnd ikkje lenger skal få vederlag for tapt arbeidsinntekt, men fast godtgjersle for arbeidet i nemnda i samsvar med reglar som gjeld for statlege nemnder.

       Komiteens sine medlemer frå Senterpartiet viser til det som er sagt foran og gjer slikt framlegg:

« § 27 andre og tredje leden skal lyde:

       Maktar ikkje eigaren eller innehavaren å bera utgiftene, eller er det ikkje råd å få greie på kven som eig eller har dyret i si varetekt, skal kommunen bera utgiftene. I saker der politiet og rettsapparatet er kopla inn, dekkjer staten utgiftene dette fører med seg.

       Kommunen dekkjer utgiftene med arbeidet til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpengar, og godtgjersle til medlemene, sekretæren og eventuell sakkunnig, i samsvar med gjeldande satsar i den einskilde kommunen. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti finner forslaget om å fjerne vederlaget for tapt arbeidsinntekt for nemndas medlemmer uheldig. Mange dyrevernnemnder har i dag et stort arbeidspress, og legger ned en betydelig frivillig innsats. Arbeidet medfører ofte fravær fra ordinær jobb. Dette medlem mener - i tillegg til at det etter alle rimelighetsbetraktninger bør gis vederlag for tapt arbeidsfortjeneste - at forslaget representerer en svekkelse av potensiell rekruttering og sammensetning av dyrevernnemnda.

       Dette medlem mener, i tråd med merknadene ovenfor, at det er uheldig å trekke inn 4,3 mill. kroner fra kommunenes rammetilskudd.

       Dette medlem fremmer følgende forslag:

« § 27 tredje ledd skal lyde:

       Staten dekker utgiftene med arbeidet til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpenger, tapt arbeidsfortjeneste, og godtgjørelse til medlemmene, sekretæren og eventuell sakkyndig, i samsvar med gjeldende satser.

§ 27 nytt fjerde ledd skal lyde:

       Utgiftene til dyrevernnemndene dekkes gjennom Konkurransestrategien for norsk mat, og gjennom omprioriteringer på Landbruksdepartementets budsjett. »

3. Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Senterpartiet og Høgre:

Framlegg 1

§ 26 skal lyde:

       Kongen kan i føresegn fastsetje at distriktsveterinæren kan ileggja eigar eller innehavar som ikkje oppfyller pålegg gjevne i medhald av denne lova innan den fristen som er sett, tvangsmulkt i form av einskild mulkt eller løpande dagmulkt. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt og kva kostnader dette kjem til å medføre. Pålegg om mulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.

Framlegg frå Senterpartiet:

Framlegg 2

§ 23 fyrste, andre og tredje leden skal lyde:

       Til å føre tilsyn med dyrehaldet, skal det i kvar kommune vere ei kommunal dyrevernnemnd. Medlemene i nemnda skal veljast av kommunestyret. Kommunane avgjer sjølv om dei vil ha interkommunale nemnder innan eige veterinærdistrikt. I større kommunar kan kommunane sjølv avgjera om dei vil ha fleire dyrevernnemnder.

       Kvar dyrevernnemnd skal ha 5 eller 3 medlemer. Distriktsveterinæren skal tiltre dyrevernnemnda som fast fagleg rådgjevar, utan stemmerett. Kommunen skal stille sekretærhjelp til disposisjon. Distriktsveterinæren skal ha det faglege ansvaret for at sekretærarbeidet blir utført på ein tilfredsstillande måte.

       Medlemene og like mange varamedlemer skal nemnast opp av kommunestyret for 4 år om gongen. Distriktsveterinæren skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det det fyrst og fremst oppnemnast folk som har praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell, og med kunnskap om og interesse for dyrevern.

Framlegg 3

§ 27 andre og tredje leden skal lyde:

       Maktar ikkje eigaren eller innehavaren å bera utgiftene, eller er det ikkje råd å få greie på kven som eig eller har dyret i si varetekt, skal kommunen bera utgiftene. I saker der politiet og rettsapparatet er kopla inn, dekkjer staten utgiftene dette fører med seg.

       Kommunen dekkjer utgiftene med arbeidet til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpengar, og godtgjersle til medlemene, sekretæren og eventuell sakkunnig, i samsvar med gjeldande satsar i den einskilde kommunen.

Framlegg frå Høgre:

Framlegg 4

§ 23 første ledd skal lyde:

       Til å føre tilsyn med dyrehaldet skal det i kvart veterinærdistrikt vere ei eller fleire statlege dyrevernnemnder. Talet på dyrevernnemnder i det einskilde veterinærdistrikt vert fastsett av Landbruksdepartementet etter tilråding frå fylkesveterinæren i det einskilde fylket.

Framlegg 5

§ 23 tredje ledd skal lyde:

       Medlemene og like mange varamedlemer skal oppnemnast av fylkestinget eller den som fylkestinget gjev fullmakt, for 4 år om gongen etter framlegg frå dei einskilde kommunestyra. Distriktsveterinæren skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det fyrst og fremst oppnemnast folk med praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell og med kunnskap om og interesse for dyrevern. Ingen skal oppnemnast mot sin vilje.

Framlegg 6

§ 23 åttende ledd skal lyde:

       Innan utgangen av januar månad skal dyrevernnemnda senda melding om arbeidet som er gjort i førre året til fylkestinget og til fylkesveterinæren.

Framlegg frå Sosialistisk Venstreparti:

Framlegg 7

§ 23 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

       I veterinærdistrikt med store byer, eller med store avstander, skal disse deles opp i mindre geografiske enheter som hver får sin dyrevernnemnd.

Framlegg 8

§ 23 annet ledd første punktum, blir første og annet punktum, skal lyde:

       Hver dyrevernnemnd skal ha minst 3 medlemmer. I områder som omfatter store byer, eller store avstander, skal dyrevernnemndene ha 5 medlemmer.

Framlegg 9

§ 27 tredje ledd skal lyde:

       Staten dekker utgiftene med arbeidet til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpenger, tapt arbeidsfortjeneste, og godtgjørelse til medlemmene, sekretæren og eventuell sakkyndig, i samsvar med gjeldende satser.

Framlegg 10

§ 27 nytt fjerde ledd skal lyde:

       Utgiftene til dyrevernnemndene dekkes gjennom Konkurransestrategien for norsk mat, og gjennom omprioriteringer på Landbruksdepartementets budsjett.

Framlegg 11

       Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med forslag som forbyr burhønsdrift og påbyr løsdrift for svin.

Framlegg 12

       Stortinget ber Regjeringen innføre regler om at dyr ikke må transporteres mer enn 8 timer uten vann, fôr, hvile og friere bevegelse.

4. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern.

I.

I lov av 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern blir det gjort følgjande endringar:

§ 22 skal lyde:

§ 22.  Løyve til forsøksverksemd o.a.

       Løyve etter § 21 vert gjeve av eit utval som departementet nemner opp for 4 år om gongen.

       Kongen kan gjeva føresegner om korleis utvalet skal vera skipa, om arbeidsoppgåver og arbeidsmåte, og om høve til inspeksjon.

       Kongen kan i føresegn fastsetja at utvalet på avgrensa område kan delegere retten til å gje løyve til biologiske forsøk på dyr til ein person som utvalet har godkjent som ansvarleg for forsøksdyrverksemda i ein bedrift eller institusjon.

       Departementet er klageinstans når det gjeld klage over utvalet sine vedtak.

Kapittel VII skal lyde:

Kapittel VII - Dyrevernnemnder, tilsyn og tiltak

§ 23.  Dyrevernnemnder.

       Til å føre tilsyn med dyrehaldet, skal det i kvart veterinærdistrikt vere ei eller fleire statlege dyrevernnemnder. Talet på dyrevernnemnder i det einskilde veterinærdistrikt vert fastsett av fylkesmannen etter tilråding frå distriktsveterinæren.

       Kvar dyrevernnemnd skal ha 3 medlemer. I særlege tilfelle kan nemnda ha 5 medlemer. Distriktsveterinæren er ansvarleg for sekretariatsfunksjonen til nemnda. Distriktsveterinæren er ikkje medlem av nemnda, men har møteplikt utan stemmerett.

       Medlemmene og like mange varamedlemer skal oppnemnast av fylkesmannen for 4 år om gongen etter framlegg frå dei einskilde kommunane. Distriktsveterinæren skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det fyrst og fremst oppnemnast folk med praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell og med kunnskap om og interesse for dyrevern. Ingen skal oppnemnast mot sin vilje.

       Nemnda vel leiar og nestleiar.

       Nemnda er vedtaksfør når minst halvparten av medlemene - mellom dei leiaren eller nestleiaren - er til stades.

       For å kunne gjera lovleg vedtak må minst halvparten av dei som er med i nemnda, røysta for det.

       Dyrevernnemnda skal føre bok over møta sine. I den skal førast inn alle vedtak med grunngjeving, og i tilfelle med utsegner frå sakkunnige.

       Innan utgangen av januar månad skal dyrevernnemnda senda melding om arbeidet som er gjort i førre året til fylkesmannen og til fylkesveterinæren.

§ 24.  Tilsyn og tiltak.

       Dyrevernnemnda har plikt til å halda seg orientert om dyrehaldet i distriktet og å gjere uanmelde inspeksjonar.

       Meiner dyrevernnemnda at det er grunn til å tru at husdyr, selskapsdyr eller dyr som vert haldne i fangenskap på annan måte, kjem i fåre for å lida i utrengsmål, skal nemnda straks sjå etter korleis stoda er.

       Dersom nemnda finn grunn til det, skal ho enten rettleia eigaren eller innehavaren om tiltak som kan retta på tilhøva, eller gje dei pålegg som er naudsynt for at denne lova eller føresegner gjevne i medhold av lova blir følgde. Pålegg som ein innehavar får, skal eigaren og få melding om.

       Vert eit pålegg ikkje etterkome, skal nemnda taka dei åtgjerder som trengst. Politiet skal når dyrevernnemnda ber om det, hjelpa til med iverksetting av vedtak og inspeksjonar.

       Tiltak som vert sett i verk etter dette kapittel, er ikkje til hinder for at det vert reist straffesak etter § 31.

§ 24 a.  Mellombels tiltak og avliving.

       Dersom det er naudsynt, kan dyrevernnemnda, politiet og distriktsveterinæren etter vedtak, mellombels ta med seg dyr eller på annan måte sjå til at dyret får høveleg tilsyn og stell. Har politiet eller distriktsveterinæren mellombels teke med seg dyr, fell vedtaket bort om det ikkje er stadfesta av dyrevernnemnda innan 3 dagar. Mellombels forvaring av dyr skal normalt vare høgst 3 veker. Dyrevernnemnda avgjer om dyret skal leverast attende til eigar, seljast, verta omplassert eller verta avliva.

§ 24 b.  Avliving iverksett av distriktsveterinæren.

       Dersom det vil føra til unødig liding for eit dyr å leva vidare, kan distriktsveterinæren straks iverksetja avliving av dyret. Dette gjeld og for dyr i mellombels forvaring etter § 24 a.

§ 24 c.  Dyrevern på slakteri.

       Tilsynsveterinæren skal føre tilsyn med dyr som kjem inn til slakteriet og om naudsynt gje melding til dyrevernnemnda. Tilsynsveterinæren skal føre tilsyn med handsaming av slaktedyr og kan gje dei pålegg som er naudsynte for at denne lova eller føresegner gjevne i medhald av lova blir følgde innanfor slakteriet sitt område.

       Dyrevernnemnda har inspeksjonsrett, men kan ikkje gje pålegg for tilhøve innanfor slakteriet sitt område.

       Departementet kan i føresegn fastsetja vilkår for etablering og drift av slakteri, herunder krav om godkjenning og vilkår for å trekkje godkjenninga attende.

§ 25.  Vedtak og klage.

       Departementet kan bestemme at distriktsveterinæren eller annan offentleg veterinær kan gjera vedtak etter føresegner gjevne med heimel i denne lova.

       Vedtak som dyrevernnemnda, distriktsveterinæren, tilsynsveterinæren eller politiet har gjort kan verta påklaga til fylkesveterinæren.

       Klage på vedtak etter § 24 b må settast fram straks.

§ 26.  Tvangsmulkt.

       Kongen kan i føresegn fastsetje at dyrevernnemnda kan ileggja eigar eller innehavar som ikkje oppfyller pålegg gjevne i medhald av denne lova innan den fristen som er sett, tvangsmulkt i form av einskild mulkt eller løpande dagmulkt. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt og kva kostnader dette kjem til å medføre. Pålegg om mulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 27.  Dekking og fordeling av utgifter.

       Utgifter med tiltak etter §§ 24, 24 a og 24 b skal eigaren eller innehavaren bera, og dei er tvangsgrunnlag for utlegg.

       Maktar ikkje eigaren eller innehavaren å bera utgiftene, eller er det ikkje råd å få greie på kven som eig eller har dyret i si varetekt, skal staten bera utgiftene.

       Staten dekkjer utgiftene med arbeidet til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpengar, og godtgjersle til medlemene, sekretæren og eventuell sakkunnig, i samsvar med gjeldande satsar.

II.

       Denne lova trer i kraft straks.

Oslo, i næringskomiteen, den 23. februar 1995.

Svein Ludvigsen, Lars Gunnar Lie, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.