Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i sjølova og i visse andre lover.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 4 (1995-1996)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 62 (1994-95)
  • Dato: 19.10.1995
  • Utgiver: næringskomiteen

1. Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov av 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova) og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister. Lov av 5. juli 1946 nr. 2 om erverv og bortfrakting av skip m.v. er det framlegg om vert oppheva. Bakgrunnen for framlegget er liberaliseringa med omsyn til flaggpolitikken på 1980-talet.

       Oppheving av lov om erverv og bortfrakting av skip m.v. gjer at eigarar av NOR-skip ikkje lenger treng lisensiering ved kjøp og sal av skip. NIS-skip er heller ikkje i dag omfatta av reglane om lisensiering.

       Det er framlegg om endringar i dei paragrafane i sjølova som gjeld registrering av skip. Vidare er det framlegg om oppheving av regelen om at Utanriksdepartementet må gje løyve om eit skip ikkje skal reknast som norsk. Det blir såleis fri adgang til uteregistrering av norskeigde skip. Til no har alle søknader om løyve blitt innfridde, og departementet finn ikkje grunn til å oppretthalde regelen.

       Endringane i sjølova gjer det nødvendig å gjere endringar også i § 1 i lov om norsk internasjonalt skipsregister.

2. Merknader frå komiteen

       Komitéfleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg at proposisjonen fremmer endringar i lovverket som tidlegare varsla i St.meld. nr. 45 (1990-1991) Om skipsfarten og tryggleik til sjøs. Dagens lovverk forpliktar norskeigde skip å bli innført i eit norsk register, ei ordning utan praktisk verknad etter omlegginga av skipsfartspolitikken på 80-talet.

       Fleirtalet seier seg samd i endringa i lova ut i frå ynsket om eit lovverk for skipsfarten som er i tråd med den politikk Noreg fører.

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, viser til tidlegare innstillingar til Stortinget om norsk skipsfartspolitikk, m.a. Innst.S.nr.193 (1990-1991), jf. St.meld. nr. 45 (1990-1991). Denne medlemen viser til Sosialistisk Venstreparti si haldning til den liberalisering norsk skipsfart har gått gjennom dei siste to tiåra. Dei forslag som Regjeringa legg fram i Ot.prp. nr. 62 (1994-1995) er ei vidareføring av denne liberaliseringa.

       Denne medlemen vil vise til følgjande uttale i proposisjonen:

       « Den allmenne plikta til å føra eit norsk eigd skip inn i eit norsk register har ikkje lenger nokon praktisk verknad. Dette fordi ein gjev fritak frå plikta til alle som søkjer om dispensasjon, noko som er ei følgje av at ein ikkje lenger krev at særskilde vilkår må vere oppfylde for å gje dispensasjon. »

       Denne medlemen er av den oppfatning at dette dokumenterer at ulike regjeringar over tid har stått for ein praksis som har undergrave det gjeldande lov- og regelverk. No har det ikkje lenger « nokon praktisk verknad » og ein kan like godt fjerne dette lovverket. Denne medlemen viser i denne samanhengen til utsegnene frå Norsk Sjømannsforbund og LO og sluttar seg i hovudsak til desse. Denne medlemen vil gå mot Regjeringa sine framlegg til lovendringar og stemme mot forslaget.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i sjølova og i visse andre lover.

I.

I lov av 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten vert det gjort desse endringane:

§ 1 fyrste ledd skal lyde:

       Et skip skal anses som norsk når det ikke er innført i annet lands skipsregister og det eies av:

1) norsk statsborger;
2) partrederi eller annet norsk selskap hvor medlemmene hefter ubegrenset for selskapets forpliktelser, dersom norske statsborgere er medeiere for minst 6/10;
3) kommandittselskap, dersom norske statsborgere eier minst 6/10 av den ansvarlige kapital og minst 6/10 av kommandittkapitalen;
4) selskap med begrenset ansvar som ikke går inn under nr. 3, dersom selskapets hovedkontor og styrets sete er i Norge og styrets flertall, herunder styrelederen, består av norske statsborgere som er bosatt i Norge og har bodd her i de to siste år, og norske statsborgere eier aksjer eller andeler svarende til minst 6/10 av selskapets kapital og kan utøve stemmerett i selskapet med minst 6/10 av stemmene.

§ 1 fjerde ledd held opp å gjelde.

§ 4 fyrste ledd skal lyde:

       Skip utstyrt for å brukes stasjonært til boring etter eller utnytting av undersjøiske naturforekomster, anses som norsk når det ikke er innført i et annet lands skipsregister, og det eies av:

1) norsk statsborger;
2) partsrederi eller annet selskap hvor medlemmene hefter ubegrenset for selskapets forpliktelser, dersom norske statsborgere er medeiere for minst 6/10;
3) andre selskaper, dersom selskapet er registrert i Norge.

I de tilfeller som er nevnt i nr. 1 og 2, gjelder § 1 annet og tredje ledd og § 2 og § 3 tilsvarende.

§ 12 fyrste ledd annet punktum skal lyde:

       For registreringspliktige skip må melding være sendt innen 30 dager etter levering fra verkstedet når det gjelder et nybygd skip, og ellers innen 30 dager etter den dagen skipet ble å anse som norsk.

§ 13 tredje ledd nytt fjerde punktum skal lyde:

       Slik attest må også fremlegges for at et skip som ikke har vært å anse som norsk fordi det har vært innført i et utenlandsk register, jf. § 1 og § 4, skal kunne innføres i skipsregisteret.

§ 28 fyrste ledd nytt fjerde punktum skal lyde:

       Selv om et skip fremdeles er å anse som norsk, kan det slettes i skipsregisteret dersom skipets eier gir melding til registerføreren om at skipet vil bli registrert i et annet lands register når det er slettet i det norske register.

§ 34 held opp å gjelde.

§ 507 fyrste ledd skal lyde:

       Boreplattformer og liknende flyttbare innretninger som ikke er å anse som skip og som skal brukes til undersøkelse etter eller utnytting, lagring eller transport av undersjøiske naturforekomster eller til hjelp for slik virksomhet, anses for norsk når de eies av noen som nevnt i § 4 første ledd, og de ikke er innført i et annet lands register. Eieren skal melde skipet til innføring i skipsregisteret i samsvar med reglane i § 12, som gjelder så langt de passer. Også reglene i § 5, § 7, § 8 og § 9 gjelder tilsvarende så langt de passer for disse innretningene. Departementet kan i særlige tilfeller gjøre unntak fra registreringsplikten.

II.

I lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister vert det gjort desse endringane:

§ 1 fyrste ledd skal lyde:

       På begjæring kan maskindrevne passasjerskip, lasteskip og luftputefartøy samt boreplattformer og andre flyttbare innretninger, registreres i norsk internasjonalt skipsregister når de ikke er innført i et annet lands register, og:

1. eieren tilfredsstiller nasjonalitetsvilkårene i sjøfartsloven § 1; eller
2. eieren, dersom denne ikke tilfredsstiller nasjonalitetsvilkårene i sjøfartsloven § 1,
a) er aksjeselskap eller kommandittselskap med hovedkontor i Norge; eller
b) er partrederi med bestyrende reder som tilfredsstiller bestemmelsene om bestyrende reder i sjøfartsloven kapittel 3.
3. Eieren, dersom denne ikke tilfredsstiller vilkårene i pkt. 1 eller 2 har oppnevnt en representant som har fullmakt til å ta imot søksmål på vegne av eieren. Representanten må fylle de nasjonalitetskrav som stilles til bestyrende reder i sjøfartsloven § 41.

§ 8 tredje ledd held opp å gjelde.

III.

       Lov av 5. juli 1946 nr. 2 om erverv og bortfrakting av skip m.v. held opp å gjelde.

IV.

       Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 19. oktober 1995.

Svein Ludvigsen, Gunnar Halvorsen, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.