Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om lov om Opplysningsvesenets fond.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 45 (1995-1996)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 68 (1994-95)
  • Dato: 14.03.1996
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

1. Samandrag

       Departementet gjer framlegg om ny lov om Opplysningsvesenets fond. Departementet tek sikte på at den nye lova skal føre vidare gjeldande rett og praksis, men samstundes gi naudsynt fleksibilitet og evne til omstilling i forvaltinga av pengekapital og eigedomsmasse. Departementet ser det og som viktig at fondslovgjevinga no blir tilpassa det nye styringssystemet i staten, med hovudvekt på mål- og resultatstyring. Lovframlegget fører ikkje til noka endring i formuesmassen til fondet. Dei prinsipp for eigedomsforvalting som Stortinget la til grunn i 1985, vert ført vidare. Framlegget til ny lov har fått god mottaking og har ikkje økonomiske konsekvensar for staten.

       Opplysningsvesenets fond vart skipa ved lov i 1821 som ei stiftelsesliknande innretning ut frå intensjonen i Grunnlova § 106 om at « det Geistligheden benificerede Gods » skulle haldast skilt frå staten sine andre eigedommar, og at avkastinga skulle gå til føremål som var til beste for dei geistlege, og til opplysningsverksemd. Fondet er ein av dei største grunneigarane i landet. Forvaltinga omfattar vedlikehald og drift av 450 prestebustader og meir enn 1.500 andre bygningar. 400 bygningar er freda. Vidare eig fondet m.a. 110 bortforpakta landbrukseigedommar som ein for tida vurderer å selje. Statskog SF står for tømmerdrifta i det ca 500.000 daa. produktive skogarealet som fondet eig. Finanskapitalen til fondet er på over 600 mill. kroner, lagt til tre fond med litt ulike føremål og forvalting - Kapitalfondet, Særfondet og Særfond II.

       Departementet har i framlegget til ny lov teke inn føremålet i Grunnlova § 106 slik det blir tolka i dag. Lova skal sikre at fondet kjem Den norske kyrkja til gode, og at verdiane blir tekne vare på og forvalta økonomisk forsvarleg. Proposisjonen inneheld etter dette ikkje noko ny drøfting for å avklare eigedomsretten til fondet. Den nye lova slår fast at fondet er eit eige rettssubjekt, og slik er part i avtalar og har sjølvstendig klagerett overfor offentlege styresmakter.

       Etter lovframlegget blir Opplysningsvesenets fond forvalta av Kongen, som m.a. fastset korleis fondet skal organiserast og tek avgjerder om rettslege disposisjonar av fondet sine eigedelar. Nytt her er at Kongen får fullmakt til å organisere forvaltinga. Departementet finn det lite tenleg med lovfesta ordningar for eigedomsforvalting lokalt slik det har vore til nå.

       Departementet meiner at fondsforvaltinga framleis må haldast samla og vere eit direkte ansvar for dei konstitusjonelle styresmaktene etter Grunnlova § 106.

       Departementet gjer framlegg om å slå saman underfonda og å oppheve formelle bindingar. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for å halde på gjeldande ordning med oppdeling av kapitalen. Ut frå forenklingsomsyn, men og på bakgrunn av den omstruktureringa av eigedomsmassen som går føre seg ved at landsbrukseigedommar og festetomter blir selde, ser ikkje departementet grunn til å lovfeste bindingar mellom ulike inntekter og føremål.

       Opphevinga av ei særskild legal binding inneber at refusjonen til statskassa av avkastinga av embetskapitalen fell bort. I samband med denne forenklinga meiner departementet det er naturleg at fondet held kontorlokale eller dekkjer utgiftene til kontorleige for bispedømeråda. Fondet eig allereie nokre av eigedommane der det er slike kontorlokale.

       Den nye lova vidarefører dei reglane ein har i dag om at eigedommane og kapitalen til fondet ikkje kan gjevast bort eller brukast opp, og at inntekter av sal skal leggjast til kapitalen. Departementet held vidare fast ved den noverande ordninga med at avkastinga skal gå til kyrkjelege føremål etter at fondet først har dekka kostnadene sine. Særlege heimelsforhold er teke inn i ein eigen paragraf i lova på grunn av gamle testament og skøyte med spesielle vilkår.

       Departementet gjer framlegg om at den nye lova, ei lovendring og oppheving av fem lover tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

2. Komiteen sine merknader

2.1 Eigedomsretten til fondet

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ottar Kaldhol, Marit Lefdal, Trond Mathisen, Tomas Norvoll, Marit Nybakk og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, Sigurd Manneråk og Rita H. Roaldsen, frå Høgre, Jan Tore Sanner og Siri Frost Sterri, frå Sosialistisk Venstreparti, Jon Bakken, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Jon Lilletun, og representanten Ellen Chr. Christiansen, er samd med departementet i at ny lov ikkje gjer det nødvendig med avklaring om den underliggjande eigedomsretten til fondet og syner til drøftinga av dette i proposisjonen. Komiteen har merka seg at høyringsinstansane er samde i dette.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen slutter seg seg til den ovennevnte konklusjon ut fra statskirkeordningen. Ved et evt. skille av kirke og stat, slik disse medlemmer primært ønsker, vil spørsmålet om hvem som skal gis eiendomsretten til fondet, være av sentral betydning og grundig måtte drøftes. Disse medlemmer vil imidlertid i behandlingen av denne proposisjonen ta utgangspunkt i dagens system, og ikke fremme prinsipielle endringsforslag som er knyttet til en endring av forholdet mellom stat og kirke, men viser i så måte til behandlingen av Dok.nr.8:72 (1994-1995).

2.2 Overordna forvalting av Opplysnings-vesenets fond

       Komiteen er samd med departementet i at fondforvaltinga må vere eit direkte ansvar for dei konstitusjonelle styresmaktene etter Grunnlova § 106.

       Komiteen har merka seg at det vil verte utarbeidd nye retningsliner for bruken av nettoavkastinga av fondet, og at det i dei årlege budsjettproposisjonane vert gjort framlegg om å løyve eit beløp til kyrkjelege føremål som kyrkjelege organ skal få reell innverknad på bruken av.

2.3 Forvalting av eigedomane

       Komiteen viser til det som er omtalt i proposisjonen når det gjeld forvalting av kontraktmassen til fondet, og er samd med departementet i at ved å oppheve legalbindinga av lokalforvaltinga kan ein velje den mest tenlege tenesteytinga lokalt, slik at ein oppnår målsettinga til fondet om å nytte ut ressursane best mogleg.

       Komiteen har vidare merka seg at departementet vurderer å desentralisere forvalting av kontraktsmassen til Statskog SF og vedlikehaldsansvaret for prestebustadene til bispedømeråda.

       Komiteen er samd i at ei aktiv forvalting best kan utførast av lokale organ og med ei overordna styring frå departementet.

       Komiteen har merka seg at denne modellen kan kosta noko meir enn forvaltingsmåten i dag, men vil kunne gi auka ressursutnytting og auka avkasting.

       Komiteen har vidare merka seg at nokre høyringsinstansar peikar på behovet for ei langsiktig og heilskapleg vurdering i samband med verdifastsetting og avhending av fondet sine landbrukseigedomar og prestegardar.

       Komiteen viser til Innst.S.nr.222 (1984-1985) og vil understreke at ved sal av prestegardseigedomar må ein ta rikeleg omsyn til areal for kyrkjelege føremål og kyrkjelege funksjonar.

       Komiteen har og merka seg at departementet understrekar at retningslinene for eigedomsforvaltinga som går fram av St.meld. nr. 64 (1984-1985), ikkje vert endra i samband med denne lovrevisjonen.

       Komiteen føreset at det ved sal av eigedomar vert lagt vekt på at forvaltinga av eigedomar skal drivast forretningsmessig, slik at dei gir så høg avkasting som råd og dermed sikrar realkapitalen, og at eigedomane òg kan tene som servicefunksjonar for kyrkjelege formål.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil og peike på den kulturhistoriske verdi mange prestegardar har både når det gjeld bygningane si utforming og jordareala si topografiske plassering.

       Fleirtalet vil understreke behovet for å forvalte desse verdiane slik at ein både tek vare på dei kulturhistoriske bygningane, og at prestegardsjord blir nytta til jordbruksproduksjon der eigar og brukar bør være same person, og er slik samd med det komiteen uttala i Innst.S.nr.222 (1984-1985) om at dei landbruksmessige grunnane for sal av ein del prestegardar er sterke.

2.4 Forvalting av finanskapitalen

       Komiteen er samd med departementet i at kapitalforvaltinga skal gå føre seg sentralt.

       Komiteen er kjend med at når fonda blir slegne saman, blir det behov for ein ny styringsmodell, og ser det som rimeleg at kyrkjelege organ får høve til å uttale seg både om styringsmodellen og om forvaltinga av finanskapitalen.

       Vidare går ein ut frå at kyrkjelege organ som t.d. Kyrkjerådet kvart år vert gjeve høve til å uttale seg om plasseringa av fondsmidlane før departementet tek endeleg avgjerd.

       Komiteen har merka seg at departementet tek sikte på å halde fram med utlån til kyrkjelege formål, at departementet vil vurdere ein desentralisert modell for låneverksemda, og at kyrkjelege organ kan prioritere formål for utlån og mellom lånesøknadene.

2.5 Fondssamanslåing og oppheving av bindingar

       Komiteen er samd i at dei noverande underfonda vert slegne saman til eitt fond og at det vert gitt permanente retningsliner for forvaltinga av nettoavkastninga til fondet.

       Komiteen har merka seg at det årlege beløpet som fram til no har vore utbetalt frå embetskapitalfondet til statskassa som refusjon av løna til prestar, vert føreslått erstatta med at bispedømeråda får dekt utgiftene til kontorlokale.

2.6 Bruken av avkastinga til fondet

       Komiteen er samd i ein meir fleksibel bruk av avkastinga til fondet og at hovudfordelinga av avkastinga av fondet bør fastsetjast i dei årlege budsjetthandsamingane, og vidare at det blir utarbeidd retningsliner for bruk av nettoavkastinga av fondet, og at den delen som blir løyvd til kyrkjelege føremål skal kyrkjelege organ få reell innverknad på bruken av.

       Komiteen meiner at den reelle innverknad best blir teken ivare ved at ein delegerer til Kyrkjemøtet å fastsetje nærare reglar for korleis dei tildelte midlane skal nyttast, og at ein kvart år løyver midlar til dette føremålet i budsjettet som blir stilte til disposisjon for Kyrkjerådet og Bispedømeråda.

       Komiteen føreset at den delen av avkastinga som har gått til kyrkjelege føremål og vore stilt til disposisjon for Kyrkjerådet og Bispedømeråd, ikkje blir redusert.

       Komiteen har merka seg at departementet sluttar seg til oppfatningane frå Riksantikvaren og Miljøverndepartementet om at brannsikring og restaurering av kyrkjebygg og kyrkjeinventar som fondet ikkje eig, også vil kunne omfattast av omgrepet « kyrkjelige føremål » i § 6. Komiteen meiner at i slike tilfelle kan det vurderast å nytte midlar frå fondet.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen syner til proposisjonen og til merknadene og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om Opplysningsvesenets fond.

§ 1. Opplysningsvesenets fond

       Opplysningsvesenets fond er skipa ved lov 20. august 1821 og består av den delen som er att av « det Geistligheden beneficerede Gods » og seinare tileigna eller tillagde eigedommar og kapital.

§ 2. Formålet med lova

       Lova skal sikre at fondet kjem Den norske kyrkja til gode og at verdiane blir bevarte og gir avkastning i samsvar med Grunnlova § 106.

§ 3. Partsstilling

       Fondet har sjølv rettar og plikter, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstol og andre styresmakter.

§ 4. Forvalting

       Fondet blir forvalta av Kongen, som mellom anna fastset korleis fondet skal organiserast og tek avgjerder om rettslege disposisjonar av fondets eigedelar.

§ 5. Fondets eigedelar

       Eigedommane og kapitalen til fondet kan ikkje gjevast bort eller brukast opp.

       Ved avhending av fondets eigedelar skal vederlaget leggjast til kapitalen.

§ 6. Bruk av avkastinga frå fondet

       Avkastinga frå fondet skal først dekkje fondet sine utgifter. Ut over dette kan avkastinga leggjast til kapitalen og gjevast til kyrkjelege formål etter nærare avgjerd av Kongen.

§ 7. Særlege heimelsforhold

       Ein prestegard eller ein prestebustad som hører til eller ligg til vedkommande presteembete etter særleg rettsgrunnlag eller heimelsbrev, skal forvaltast på same måten som eigedommane til fondet.

       Driftsinntekter og vederlag ved avhending av eigedom som nemnt i første ledd går inn i fondet, men kan berre disponerast til fordel for vedkommande embete.

       Reglane i første og andre ledd gjeld ikkje så framt anna følgjer av vedkommande eigedom sitt heimelsdokument.

§ 8. Avgrensing av verkeområdet for lova

       Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 9. Iverksetjing og oppheving av andre lover m.v.

       Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

       Frå den tid lova tek til å gjelde, blir følgjande lover oppheva:

1. Lov av 1. august 1821 angaaende de Nordlandske Kirkers Salg.
2. Lov av 20. august 1821 angaaende det beneficerede Gods.
3. Lov av 19. juni 1882 om Salg af det Overflødige af Embetsgaarde.
4. Lov av 23. februar 1923 om anvendelse av visse prestegårdsinntekter.
5. Lov av 9. desember 1955 nr. 11 om presteboliger og prestegårder.

       Frå same tid blir det gjort følgjande endring i lov av 23. juni 1888 nr. 3 om særlige bestemmelser angaaende Leilændingsgods tilhørende Stamhuse og visse Stiftelser m.v.:

§ 12 blir oppheva.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 14. mars 1996.

Jon Lilletun, Ottar Kaldhol, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.