2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Meløy, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg at lovendring er naudsynt for at Noreg skal fylgje opp OECD-avtalen om skipsverftsstøtte og WTO/GATT-avtalen om subsidier og utjamningsavgifter. Komiteen syner til dei respektive partia sine standpunkt i Innst.O.nr.16 (1992-1993), jf. Ot.prp. nr. 73 (1991-1992) og Innst.S.nr.22 (1995-1996), jf. St.prp. nr. 64 (1994-1995).

       Komiteen legg til grunn at OECD-avtalen vert ratifisert i løpet av kort tid slik at den vert gjeldande for dei største skipsbyggingslanda.

       Komiteen har merka seg at lovheimelen også vil omfatte løyve til å gjennomføre krav om attendebetaling av allereie utbetalt stønad. Komiteen vil be departementet ha ei særleg aktsemd på dette område, slik at verksemder/personar ikkje vert forskjellsbehandla. Komiteen syner til at OECD-avtalen tillet ordningar med CIRR-finansiering, og at dei fleste viktige skipsbyggingsnasjonar har innført denne ordninga. Komiteen vil kome attende til desse spørsmåla i samband med innstilling til St.meld. nr. 28 (1995-1996) « Hvor fartøy flyte kan ... »