6. Endringar i likningslova

6.1 Oppretting av likningslova § 4-2 nr. 1 bokstav a

Samandrag

       Selskapsskattelova § 3-5 vart oppheva ved lovendring av 30. juni 1995 nr. 46. Selskapsskattelova § 3-6 vart samstundes ny § 3-5. Likningslova § 4-2 nr. 1 bokstav a syner til selskapsskattelova § 3-6, og vart ved ein inkurie ikkje endra i samband med lovendringa 30. juni 1995. Departementet gjer såleis framlegg om lovendring slik at likningslova § 4-2 nr. 1 bokstav a no syner til selskapsskattelova § 3-5.

       Departementet syner til framlegg om endring av likningslova § 4-2 nr. 1 bokstav a. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av ligningsloven § 4-2 nr. 1 bokstav a.

6.2 Opplysningar på lønnsoppgåve etter likningslova § 6-2 nr. 3

Samandrag

       På bakgrunn av ordlyden i likningslova § 6-2 nr. 3 kan det synast uklart om arbeidsgivar etter denne føresegna pliktar å gi opplysningar (krysse av) på lønns- og trekkoppgåva når han finn at skattytaren har rett til sjømannsfrådrag. Denne opplysninga er av stor tyding for å få ei rett likning av skattytaren.

       Departementet vil difor endre ordlyden slik at det vert presisert i likningslova § 6-2 nr. 3 at lønnsoppgåva skal innehalde opplysningar om inntektsfrådrag som vert gitt ved likninga, så som sjømannsfrådrag m.v.

       Det er usikkert om likningslova § 6-2 nr. 3 gir klar heimel for å krevje innberetning av betalte losjiutgifter i alle tilfelle. Det kan oppstå tvil om ordlyden « fradrag som er gjort ved lønnsbetalingene » dekker dei tilfella der arbeidstakar betaler losjiutgiftene direkte til utleigaren eller betaler arbeidsgivar i staden for å bli trekt i lønn. Departementet finn det difor føremålstenleg å gi ein lovtekst der det klarare går fram at det ikkje berre er arbeidsgivarfrådrag, men også opplysningar vedrørande andre frådrag som vert gitt ved likninga, som kan krevjast innberetta. Vidare ønskjer ein å presisere at det føreligg innberetningsplikt uavhengig av om frådraget er knytta til trekk i lønn.

       Departementet syner til framlegg til endring av likningslova § 6-2 nr. 3. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring av ligningsloven § 6-2 nr. 3.

6.3 Likningsoppgåver for eigen pensjonsforsikring etter skattelova (EPES)

Samandrag

       Etter departementet sitt syn kan det oppstå tvil om det føreligg heimel for å krevje maskinell innberetning for EPES-premie m.v. jf. likningslova § 6-6 og § 6-16 bokstav c. Departementet gjer difor framlegg om å endre likningslova § 6-16 bokstav c slik at denne gir klar heimel for maskinell innberetning for EPES-premie m.v.

       Departementet syner til framlegg til endring av likningslova § 6-16 bokstav c. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i ligningsloven § 6-16 bokstav c.

6.4 Kontrolloppgåver i primærnæringane

Samandrag

       Skattedirektoratet har sett i gang eit arbeid for å samle inn årsoppgåver i maskinlesbar form frå landbrukssamvirket og andre som handlar med landbruksprodukt. Målet er at oppgåvene som viser omsetjing med produsentane, skal leverast ukrevd, dvs. at oppgåvene skal sendast utan særskilt oppmoding frå likningsstyresmaktene.

       Fordi oppgåvene skal gis ukrevd, må ein gi heimel for dette. Departementet gjer framlegg om å gi slik heimel ved eit nytt nr. 5 i likningslova § 6-3. Noverande nr. 5 og 6 blir nr. 6 og 7. Vidare gjer departementet framlegg om endring i likningslova § 6-16 bokstav c slik at denne gir heimel for å krevje oppgåvene innlevert på maskinlesbart medium.

       Departementet syner til framlegg til endringar av likningslova § 6-3 og § 6-16 bokstav c. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av ligningsloven § 6-3.

6.5 Innføring av organisasjonsnummer i staden for foretaksnummer i likningslova § 6-17

Samandrag

       Etter departementet sitt syn bør omgrepet foretaksnummer skiftast ut i lovgivinga generelt. På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om at likningslova § 6-17 nr. 1 og 2 vert endra, slik at omgrepet organisasjonsnummer vert innført i staden for foretaksnummer. Formålet med denne lovføresegna er å effektivisere skatteetaten sitt arbeid ved at innhenta opplysningar vert knytta til skattytar sitt fødselsnummer eller foretaksnummer (no organisasjonsnummer).

       Departementet syner til framlegg om endring av likningslova § 6-17 nr. 1 og 2. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring av ligningsloven § 6-17 nr. 1 og 2.