2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, lederen Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til framlegget om ei ny marknadsordning for mjølk.

       Komiteen vil peike på at forslaget vidarefører opplegget skissert i St.prp. nr. 72 (1995-1996) om at det bør bli tilnærma like konkurransevilkår i meierisektoren som i dei øvrige sektorar i jordbruket. Komiteen viser i den samanheng til St.prp. nr. 8 (1992-1993) « Landbruk i utvikling » der landbruket sitt behov for meir kostnadseffektive løysningar, færre reguleringar og sterkare bruk av marknadssignal vart tillagt meir vekt. Komiteen viser til dei respektive partia sine ulike merknader i Innst.S.nr.93 (1995-1996). Dette lovframlegget medfører at meierisektoren vil bli regulert av den generelle konkurranselovgjevinga. Framlegget inneber at det blir lagt til rette for både samvirkemeieri og frittståande meieri. Det nye utjamningssystemet legg til rette for meieridrift utanom NML-systemet på tilnærma likeverdige og samanliknbare vilkår.

       Komiteen sitt fleirtal, alle med unntak av Framstegspartiet, vil framheve at ei grunnleggjande forutsetning må vera at all meieridrift blir underlagt gjeldande kvotesystem i mjølkeproduksjonen.

       Fleirtalet vil framheve at målet med dagens ordning er å gi alle mjølkeprodusentar i landet gode inntektsmoglegheiter, mellom anna gjennom lik grunnpris ved å ha utjamning mellom ulike måtar å bruke mjølka på. Denne hovudmålsetjinga står fast.

       Fleirtalet har merka seg at dei foreslåtte endringar i hovudsak inneber ei vidareføring av sentrale element i den utjamning som i dag foregår i Riksoppgjeret. Lovframlegget legg opp til at alle meieriselskap skal handsamast likt i høve til prisutjamninga, som mottakar eller bidragsytar av avgift, og at dette skal foregå gjennom eit nøytralt organ. Meieriselskap - utan eigne leverandørar - skal kunne kjøpe mjølk som råvare av andre meieriselskap til ein administrativt fastsett gjennomsnittspris.

       Fleirtalet er vidare samd i forslaget til omlegging av systemet for utjamning av pris grunna geografisk betinga skilnader. Lovframlegget inneber at meieriselskap med tynt produksjons-/forbruksgrunnlag og store avstandar får moglegheiter for ein utbetalingspris til produsent på linje med meieriselskap i meir konsentrerte produksjons-/forbruksområder. Dette er eit effektivt verkemiddel for å lokalisere mjølkeproduksjonen til distrikta. Fleirtalet viser til at prinsippa om mottaks- og forsyningsplikt ikkje vil bli endra ved den føreslegne omlegging av marknadsreguleringa.

       Fleirtalet stør forslaget om å avvikle systemet med redusert pris på mjølk omsett ut over kvota, og erstatte dette med ei overprodukjsonsavgift. Dette vil, etter fleirtalet sitt syn, verke til å få betre samsvar mellom etterspørsel og produksjon. Dagens system med lågare pris verkar ikkje effektivt nok i å hindre store mjølkeprodusentar i å produsere utanfor kvote. Vidare vil framlegget sikre at mjølkeproduksjonen blant dei som har kvote, blir tilpassa det vedtekne produksjonsnivået på same måte som dagens toprissystem.

       Fleirtalet meiner at § 13 først og fremst skal brukast i høve til dei mindre meierisamverksemdene, som mottek mindre enn 500.000 liter mjølk.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at man gjennom lovforslaget skal søke å oppnå den samme utjevning av pris til produsent, foredling og forbruker som i dagens system. Men fordi en endrer to-prisordning på melk og åpner for en viss konkurranse i meierisektoren, må en legge nye føringer i lover og forskrifter. Disse medlemmer vil i denne sammenheng særskilt peke på § 5 a og § 6 i omsetningsloven og §§ 5-7 i meieriselskapsloven.

       Disse medlemmer vil understreke betydninga av at utjevninga av prisforskjeller på alle ledd blir reell. Dette kan sikres gjennom § 5 a og § 6. I lovformuleringa til § 6 er det bare forskjeller i pris som skyldes ulik anvendelse og lokalisering som kan utjevnes. Generelle distriktspolitiske mål, meieristørrelse eller muligheten til positiv stimulans gjennom prisforskjeller faller ikke inn under formuleringen i den foreslåtte lovteksten. Etter disse medlemmers oppfatning må lovforslaget legge til rette for å ha hjemmel for aktivt å kunne sikre arbeidsplasser og verdiskaping i distriktene.

       Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:

« § 6 nytt første punktum skal lyde:

       For å utjamne forskjellar i lønsemd i melkeproduksjonen mellom ulike produsentar som følgje av ulik bruk av mjølka, ulik anleggsstorleik og geografisk betinga kostnader i meieriindustrien eller andre regionale forskjellar, kan departementet fastsetja ei utjamningsavgift på einskilde mjølkeprodukt. »

       I lovforslaget er § 11 andre ledd en følge av § 6. Disse medlemmene vil derfor fremme følgende forslag til § 11 nytt andre ledd:

« § 11 nytt andre ledd skal lyde:

       Dei pengane som kjem inn etter § 6 kan berre nyttast til å utjamne prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølka, ulik anleggsstorleik og geografisk betinga kostnader i meieriindustrien eller andre regionale forskjellar. »

       Disse medlemmer viser til at det bare er i § 10 i omsetningsloven at mottaksplikten for melk blir omtalt. Disse medlemmer viser til øvrige merknader og forslag fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i denne innstillingen, og vil understreke betydninga av at meieri - frittstående eller samvirketiltak - har mottaksplikt for melk fra alle melkeprodusenter som driver slik produksjon i de respektive regioner. Disse medlemmer vil fremme forslag om ny § 10:

« Ny § 10 skal lyde:

       Departementet kan gje Omsetningsrådet rett til å fastsetja at meieri, meierisamskipnader eller mjølkehandel skal vera pliktige til ogso å taka imot mjølk frå utanforståande produsentar sovel som for andre leverandørar. »

       Disse medlemmer legger stor vekt på at en skal jevne ut kostnadsforskjeller mellom ulike områder. En større frihet i valg av omsetningskanal for melk forutsetter derfor både tilstrekkelige utjevningsordninger og at det settes krav om mottaksplikt og plikt til likebehandling av produsenter for å få utbetalt tilskuddsordninger. Det må etter disse medlemmers oppfatning settes et absolutt krav for utbetaling av stedfrakttilskudd i markedsordninga for melk at mottakeren er villig til å ta imot all melk innenfor et avgrenset område. Det må samtidig settes krav om at alle produsenter skal likebehandles med hensyn til pris uavhengig av transportavstand til meierianlegg. Det er etter disse medlemmers oppfatning hjemmel for et slikt krav i § 6 i omsetningsloven.

       Disse medlemmer støtter ny § 5 a men vil understreke at en økning i produksjonen og leveransene utenom de etablerte systemene vil føre til sterk økning av behovet for kontroll. Det vil være avgjørende for tilliten og legitimiteten til toprisordninga og kvotesystemet at ingen får mulighet til å unndra seg ansvaret for produksjonsreguleringa. Disse medlemmer vil be Regjeringa nøye vurdere hvilke og hvor sterke sanksjonsformer mot slik unndragelse ved utforminga av forskrifter til den endra loven.

       Med omorganiseringa av markedsordninga for melk vil Omsetningsrådet tillegges oppgaver knytta til forvaltning av offentlige tilskudd. Kostnader knytta til forvaltninga av offentlige tilskudd må etter disse medlemmers oppfatning dekkes over departementets ordinære budsjett og ikke gjennom avgift på produsent eller trekk i tilskuddsordninger.

       Disse medlemmer vil fremme følgende forslag:

« § 17 nytt andre punktum skal lyde:

       Departementet skal dekke tilskotsordningane knytta til markedsordninga for mjølk over eige budsjett. »

       Desse medlemene meiner at den nye marknadsordninga for mjølk skal ta i vare hovudprinsippet for utjamning som var hovudmålsetjingane som låg i Riksoppgjøret og toprisordninga for mjølk. Det nye systemet skal verta enklare, og det skal gjeva betre moglegheiter for innsyn og kontroll.

       Desse medlemene vil streke under at ein føresetnad for omlegginga er at meieridrifta skal skje på likeverdige, samanlignbare vilkår. All mjølkeproduksjon skal leggjast under gjeldande kvotesystem.

       Desse medlemene meiner det er viktig at den nye marknadsordninga legg tilrette for lokal foredling slik at verdiskapinga i størst mon skjer ute i distrikta. Geografisk betinga kostnader skal jamnast ut. Mottaksplikta må ikkje svekkjast, likså skal forsyningsplikta over heile landet haldast ved lag.

       For å styre den nye utjamningsordninga skal det setjast ned eit utval. Ifølgje St.prp. nr. 72 (1995-1996) skal dette erstatte samarbeidsorganet for Riksoppgjøret.

       Desse medlemene vil peike på at her er det viktig med meierifagleg kompetanse, og meiner derfor Norske Melkeprodusenters Landsforbund bør ha 2 representantar i utvalet. Ein slik samansetning vil vere meir i tråd med den samansetning samarbeidsrådet for Riksoppgjøret har i dag.

       Når det gjeld organiseringa av faglege fellestiltak som til dømes husdyrkontrollen, går desse medlemene ut i frå at departementet tek dette opp til drøfting med dei berørte partane.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti syner til at desse partia gjekk imot innføring av ordninga med omsetting av mjølkekvotar, jf. Innst.S.nr.287 (1995-1996). Stortinget vedtok at slik ordning skulle innførast og desse medlemene tek derfor ikkje opp att desse problemstillingene i denne innstillinga.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til sine merknader og forslag ved behandlinga av årets jordbruksoppgjør i Innst.S.nr.287 (1995-1996) hvor Sosialistisk Venstreparti stemte mot forslagene XII, XIII og XIV. Forslagene i Ot.prp.nr.5 (1996-1997) bygger i stor grad på nevnte romertallsforslag.

       De forslag til endringer i gjeldende lov i Ot.prp.nr.5 (1996-1997) er alle indirekte følger av et system som omfatter omsettbare melkekvoter.

       Dette medlem vil understreke at et system som åpner for omsetning av melkekvoter for å omfordele kvoter vil bety økte kostnader for landbruket sett under ett. Det vederlag kjøp av tilleggskvoter vil kreve vil medføre økte kostnader som vil svekke landbrukets økonomi. I siste omgang vil forbrukerne måtte betale denne kostnadsøkninga. Denne kostnaden vil komme i tillegg til de samfunnsmessige kostnader et mer intensivt jordbruk vil medføre i form av svakere vektlegging på et økologisk og etisk forsvarlig jordbruk. Dette medlem vil i tillegg vise til det forhold at fastsatt melkekvote har gått ned år for år. Denne tendensen ser ikke ut til å stoppe. I en slik situasjon vil kostnadene ved å kjøpe ut melkeprodusenter eventuelt måtte bli båret av de gjenværende melkeprodusenter

       Sjøl om omsetninga av melkekvoter skal skje innenfor 9 ulike regioner, så vil dette medlem understreke faren for sentralisering av produksjonen og at verdiskapinga flyttes fra distriktene til mer sentrale strøk innenfor disse regionene. Dette medlem er av den oppfatning at i et system der omsetning av melkekvoter er tillatt så burde det skje på lavest mulig nivå. Dette medlem vil derfor be om at Regjeringa legger til rette for at retten til omsetning av kvotene begrenses til innenfor den enkelte kommune.

       Dette medlem vil vise til Sosialistisk Venstreparti sine forslag om å endre meieriselskapsloven slik at det åpnes for at produsenter tilknytta et nedleggingstrua meieri å melde seg ut av et distriktsmeieriselskap for å fortsette driften på produksjonsanlegget. Regjeringas forslag om å fjerne §§ 5-7 kan synes som om Sosialistisk Venstreparti sine forslag er imøtekommet.

       Dette medlem vil imidlertid vise til merknader og forslag i Innst.S.nr.171 (1990-1991) og Innst.S.nr.69 (1993-1994) og debatt, hvor det gikk fram at Sosialistisk Venstreparti sine intensjoner bak forslagene ikke var de samme som Regjeringas intensjoner i denne saka. Sosialistisk Venstreparti ville beholde Riksoppgjøret i den form det har hatt og ennå har.

       Sosialistisk Venstreparti har ikke støtta de premissene Regjeringa har lagt til grunn for de forslagene og de lovendringer som fremkommer i Ot.prp.nr.5 (1996-1997). Sosialistisk Venstreparti har villet og vil beholde og legge til rette for et sterkt medlemsstyrt samvirke også i melkesektoren. Den sentraliserings- og nedleggingsbølge som har pågått over en årrekke i meierisamvirket har sterkt bidratt til å svekke samvirketanken.

       Sosialistisk Venstreparti sine forslag om endring i meieriselskapsloven hadde som siktemål å gi medlemmene i et nedleggingstrua meieri muligheten til å tre ut av det distriktsmeieri de tilhørte for å fortsette driften på anlegget. Dette skulle skje innenfor det samme lovverk, forskrifter og øvrige rammevilkår i jordbruket som eksisterer.

       I dag fremstår et vedtak om nedlegging/sammenslåing av meieri som et resultat av en rein bedriftsøkonomisk vurdering. De politiske premissene for meieristrukturen og økonomien i meieribruket blir sjelden dratt inn når den endelige avgjørelsen taes. Meierisamvirket og dermed eierne blir gjort ansvarlige for vedtaket. De som har utformet det politiske rammeverket kan unndra seg ansvaret for det konkrete nedleggingsvedtaket. Etter dette medlem sin oppfatning kunne dette ha bli endret ved at det blir lagt inn en ankemulighet i dagens lovverk. Ankeinstansen kunne etter dette medlem sin oppfatning ha vært lagt til Kongen i statsråd. Dette medlem vil derfor stemme mot forslaget om å oppheve §§ 5-7.

       Dette medlem fremmer følgende forslag:

« § 5 nytt andre ledd skal lyde:

       Medlemmer av et enkeltmeieri som er gjenstand for vedtak i distriktsmeieriet om nedlegging kan anke avgjørelsen inn for Kongen. »

       Dette medlem viser til sin merknad om absolutte krav for utbetaling av stedfrakttilskudd. Transport og transportkostnader har vært og vil være en betydelig faktor både hva angår miljø og kostnader i melkesektoren. Dette medlem vil understreke at det må legges til rette for at transportbruk og kostnader reduseres til et minimum. Dette medlem vil derfor fremme et forslag om en ny lovparagraf i meieriselskapsloven som pålegger meieriene samarbeid om inntransport for å unngå dobbeltransport.

       Dette medlem fremmer følgende forslag:

« Ny § 8 skal lyde:

       I område med meieriselskap som konkurrerer kan Omsetningsrådet etter nærare retningsliner pålegge meieriselskapa å samordne inntransport kor slik samordning gjer vesentlege reduksjonar i transporten. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til partiets målsetting om at primær melkeproduksjon og meierivirksomhet skal basere seg på sunne økonomiske prinsipper for å oppnå en mer rasjonell og effektiv melkesektor. Dermed kan struktur og effektivitet prøves på en helt annen og revolusjonerende måte enn innenfor den foreslåtte markedsordningen for melk, som legger til rette for samme konkurransevilkår som andre sektorer i jordbruket.

       Dette medlem hevder at det vil være en stor fordel hvis private meierier ikke tvinges til å delta i reguleringsordninger som proposisjonen legger opp til, ved at de gjøres til frivillige ordninger.

       De har dermed mulighet til å betale sine melkebønder etter inntjeningen på de produkter som meieriene selv produserer, samtidig som prisutjevningen på melk etter anvendelse unngås.

       Dette medlem mener et fungerende markedssystem i meierisektoren hvor aktører konkurrerer etter markedets lover vil være gunstig samfunnsøkonomisk. Kostnadene ved å produsere de ulike produktene vil i langt større grad reflekteres i prisene. Dette vil fremtvinge en fordeling av produksjonen som vil fremme en mer effektiv utnyttelse av samfunnets ressurser. I en situasjon hvor Norske Meierier konkurrerer på fritt grunnlag med private meierier, vil det utvikles konkurranse både om melkebønder og sluttbrukere. Denne konkurransen vil tvinge frem mindre prisdifferensiering etter produktets prisfølsomhet, slik at konsummelk blir billigere. Ved fri konkurranse innenlands antyder SNF et prisfall på 30 pst. og en økning i konsummelkforbruket på om lag 9 pst. (Ivar Gaasland, Markedspolitikken i jordbruket SNF - 1993).

       I en slik markedstilstand med konkurranse mellom meieriene vil eksport kun forekomme i den grad eksportprisen er høyere enn innenlandsprisen. Dermed vil den sterke tapsbringende eksporten sannsynligvis forsvinne.

       Dette medlem vil hevde at de private meieriene må få en akseptabel mulighet til å få tilgang på melkeleveranser gjennom å knytte melkebønder til seg direkte og inngå langsiktige avtaler. Reglene på dette området har virket konkurransebegrensende fordi mulighetene til å skifte meieri har vært små og dermed hindret etablering av private meierier.

       Dette medlem mener innføringen av et system med fri konkurranse på melkesektoren vil stimulere både til etableringen av mindre meierier i distriktene som leverer til lokale forretninger eller retter seg inn mot nisjeprodukter og meierier med større produksjonsvolumer med sannsynlig etablering i nærheten av byer og tettbygde strøk. Mulighetene for en mer forbrukerrettet produksjon styrkes.

       Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen foreslå de nødvendige lovendringer slik at private meierier kan etableres uavhengig av den nye markedsordningen for melk. »

       Dette medlem vil som en subsidiært holdning støtte Regjeringens forslag om en ny markedsordning for melk, fordi ordningen er et skritt i retning av mer konkurranse og færre reguleringer i meierisektoren.