3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

§ 6 nytt første punktum skal lyde:

       For å utjamne forskjellar i lønsemd i melkeproduksjonen mellom ulike produsentar som følgje av ulik bruk av mjølka, ulik anleggsstorleik og geografisk betinga kostnader i meieriindustrien eller andre regionale forskjellar, kan departementet fastsetja ei utjamningsavgift på einskilde mjølkeprodukt.

Forslag 2

Ny § 10 skal lyde:

       Departementet kan gje Omsetningsrådet rett til å fastsetja at meieri, meierisamskipnader eller mjølkehandel skal vera pliktige til ogso å taka imot mjølk frå utanforståande produsentar sovel som for andre leverandørar.

Forslag 3

§ 11 nytt andre ledd skal lyde:

       Dei pengane som kjem inn etter § 6 kan berre nyttast til å utjamne prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølka, ulik anleggsstorleik og geografisk betinga kostnader i meieriindustrien eller andre regionale forskjellar.

Forslag 4

§ 17 nytt andre punktum skal lyde:

       Departementet skal dekke tilskotsordningane knytta til markedsordninga for mjølk over eige budsjett.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 5

§ 5 nytt andre ledd skal lyde:

       Medlemmer av et enkeltmeieri som er gjenstand for vedtak i distriktsmeieriet om nedlegging kan anke avgjørelsen inn for Kongen.

Forslag 6

Ny § 8 skal lyde:

       I område med meieriselskap som konkurrerer kan Omsetningsrådet etter nærare retningsliner pålegge meieriselskapa å samordne inntransport kor slik samordning gjer vesentlege reduksjonar i transporten.

Forslag frå Framstegspartiet:

Forslag 7

       Stortinget ber Regjeringen foreslå de nødvendige lovendringer slik at private meierier kan etableres uavhengig av den nye markedsordningen for melk. »