4. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og til det som står framanfor og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror og i lov av 25. juni 1936 nr. 4 om enkelte bestemmelser angående meieriselskaper.

I.

I lov av 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror gjøres følgende endringar:

§ 2 annet ledd skal lyde:

       Landbruksdepartementet oppnemner medlemer med personlege varamedlemer for kvar av desse:

Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Forbrukerrådet
Handelens og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Norges Kooperative Landsforening
Norske Melkeprodusenters Landsforbund
Norsk Kjøttsamvirke
Norske Eggsentraler
Norges Pelsdyralslag
Gartnerhallen A/ L
Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Barne- og familiedepartementet
Planleggings- og samordningsdepartementet
Norske Potetindustrier
Landbruksdepartementet

§ 5 tredje ledd skal lyde:

       Avgiftene skal produsentane svara når dei sel, leverer eller fær uppgjerd for vara.

Nåverande § 5 tredje ledd blir nytt fjerde ledd.

Ny § 5 a skal lyde:

       For å setja i verk produksjonsregulerande tiltak for mjølk som er fastsette i medhald av jordbruksavtalen eller Stortinget sitt vedtak, kan Kongen leggje ei avgift på omsetnaden av mjølk ut over tildelt part av den totale produksjonen (kvote).

§ 6 skal lyde:

       For å utjamna prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølk og geografisk lokalisering av produksjonen, kan departementet fastsetja ei utjamningsavgift på einskilde mjølkeprodukt. Herunder kan departementet gje nærmare føresegner om kva for mjølkeprodukt det skal svarast avgift for og kor store dei ulike avgiftene skal vera.

§ 7 første ledd oppheves. Någjeldende annet ledd blir nytt første ledd og skal lyde:

       Departementet gjev føresegner um utrekning, betaling og uppkrevjing av avgiftene og um rekneskapsførsla og tilsynet med at avgiftene kjem inn. I fyresegnene kan departementet fastsetja at avgiftene kan krevjast upp hjå handlarar, større forbrukarar og verksemder som kjøper avgiftspliktig vare, tek imot den til sal, lagring, kontroll, foredling eller annan handsaming eller som på vegne av produsenten tek imot uppgjerd for dei leverte varone.

§ 10 oppheves.

§ 11 skal lyde:

       Dei pengane som kjem inn etter § 5 og § 5 a går til eit serskild fond for kvar avgift og kan berre nyttast etter vedtak av Omsetningsrådet til å fremja umsetnaden av vedkomande varor. Pengane vert styrde av rådet.

       Dei pengane som kjem inn etter § 6 kan berre nyttast til å utjamna prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølk og geografisk lokalisering av produksjonen.

       Departementet kan fastsetja tilskotssatsar og gje nærmare reglar for bruk av avgiftspengane etter andre ledd, herunder reglar om opplysningsplikt og kontroll. Departementet kan også oppnemna eit rådgjevande utval som skal gje innstilling om praktiseringa av utjamningsordninga.

       Departementet kan gjera om Omsetningsrådet sine vedtak om bruk av avgiftspengar etter fyrste ledd dersom vedtaket er i strid med lov, føresegner, eller gjeldande jordbruksavtale. Kongen kan gjere om vedtak dersom vedtaket er i strid med samfunnsinteresser.

§ 12 siste ledd oppheves. Første ledd skal lyde:

       Vedkomande departement nemner upp eit utval på 4 medlemer som skal føre tilsyn med arbeidet og rekneskapene til rådet og dei institusjonane som får tilskot av avgiftene etter § 11 fyrste ledd. Utvalet vert uppnemnt for 4 år um gongen.

§ 17 skal lyde:

       Departementet kan fastsetja at tilskotsordningar og andre tiltak som er fastsette i jordbruksavtalen, skal administrerast av Omsetningsrådet etter dei reglar som framgår av avtalen.

II.

       I lov av 25. juni 1936 nr. 4 om enkelte bestemmelser angående meieriselskaper oppheves §§ 5 til og med 7.

III.

       Denne lov trer i kraft 1. januar 1997.

Oslo, i næringskomiteen, den 28. november 1996.

Svein Ludvigsen, Sigrun Eng, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.