Innstilling fra samferdselskomiteen om endring i lov av 16. juni 1989 nr. 59 om lostjenesten m.v.

Dette dokument

1. Sammendrag

       I proposisjonen gjer Fiskeridepartementet framlegg om å endre lov av 16. juni 1989 nr. 59 om lostjenesten m.v. (loslova).

       Det vert gjort framlegg om å fastsetje ein heimel i loslova for Fiskeridepartementet til å gje føresegner om tilleggsgebyr. Tilleggsgebyret skal kunne ileggjast fartøy som dreg seg unna plikta til å betale gebyr etter loslova.

       Heimelen blir teken inn i loslova § 18 som nytt andre ledd.

       Lovframlegget vil såleis gje Fiskeridepartementet heimel til å bruke tilleggsgebyr som eit middel for å sikre at betaling av losgebyr skjer i samsvar med reglane og samtidig hindre at manglande betaling av gebyr blir velta over på andre.

       Som bakgrunn for lovframlegget kan det visast til spørsmål Riksrevisjonen (jf. Dok.nr.1 (1993-1994)) og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité (jf. Innst.S.nr.90 (1993-1994)) har teke opp omkring kontrollen med betaling av losgebyr.

       Etter at Riksrevisjonen og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomit tok opp denne saka, er det gjennomført endringar i reglane, meldingssystem, rutiner m.m.

       Ein tek sikte på å fastsetje eit system der storleiken på gebyret er avhengig av fleire faktorar. Det beløpet fartøyet skulle betalt dersom reglane om losgebyr blei følgt, vil vere grunnlaget for å berekne storleiken på tilleggsgebyret. I tillegg kjem eit standard påslag på ein bestemt prosent som skal gi gebyret eit preventivt innhald. Påslaget kan til dømes vere på 25 %. Formålet med lovheimelen og omsynet til ein sakleg og rimeleg regel vil vere viktige moment ein må ta omsyn til når ein skal fastsetje storleiken for påslaget.

       Tilleggsgebyr kan ein påleggje den som er pliktig til å betale losgebyr etter dei reglar som gjeld for å krevje inn losgebyr. Det vil seie føraren av skipet eller annan representant for fartøyet, jf. føresegn av 25. april 1995 nr. 388 « om innkreving m.v. av losgebyrer og alminnelig kystgebyr til Kystverket ».

       For å unngå at ytterlegare kostnader blir velta over på dei brukarane av lostenesta som følgjer reglane, gjer Fiskeridepartementet framlegg om at tilleggsgebyr som blir kravde inn skal vere inntekt for Kystverket. Inntekta frå tilleggsgebyret skal dekkje ekstrakostnader Kystverket har med å føre kontroll med trafikk som har plikt til å betale losgebyr. Tilleggsgebyr som Kystverket krev inn, skal ein postere som inntekt i lostenesta, jf. statsbudsjettet kap. 4066 post 01.

       Lovframlegget har vore ute til høyring, jf. pkt. 3 i proposisjonen.

2. Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.

3. Komiteens tilrådning

       Komiteen viser ellers til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov
om endring i lov av 16. juni 1989 nr. 59 om lostjenesten m.v.

I.

       I lov av 16. juni 1989 nr. 59 om lostjenesten m.v. gjøres følgende endring:

§ 18 nytt annet ledd skal lyde:

       Departementet kan gi forskrift om at fartøy som unnlater å betale gebyr etter loven her, skal ilegges tilleggsgebyr.

§ 18 annet ledd blir nytt tredje ledd.

§ 18 tredje ledd blir nytt fjerde ledd.

II.

       Loven trer i kraft straks.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 7. mars 1997.

Magnus Stangeland, Aud Blattmann, Solveig Torsvik,
leder. ordfører. sekretær.