9. Eigne aksjar

       Etter gjeldande rett er både teikning og andre former for erverv eller pantsetjing av eigne aksjar i utgangspunktet forbode. Dette har samanheng med at slike disposisjonar kan sjåast som ei innløysing av aksjar, og at kjøp og sal av eigne aksjar kan misbrukast til å påverke omsetnadsverdien. Det er likevel visse unnatak m.a. for aksjar ein får som gåve eller ved overtaking av ei anna verksemd. Aksjar som er erverva etter unntaksregelen må likevel slettast etter reglane om kapitalnedsetjing eller avhendast innan to år.

       Utvalet går inn for at forbodet i gjeldande lov mot at allmennaksjeselskap teiknar eigne aksjar vert vidareført. Derimot foreslår utvalet ei viss oppmjuking når det gjeld eit aksjeselskap sin rett til å erverve eigne aksjar. Dette vart òg foreslått i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) i tråd med reglane i EU. I framlegget vart det m.a. sett som vilkår for å kunne erverve eigne aksjar at ein ikkje måtte gå ut over ei grense på 10 % av aksjekapitalen og at vederlaget måtte liggje innanfor selskapet sin frie eigenkapital.

       Av høyringsinstansane er det berre Økokrim som går imot framlegget. Andre høyringsinstansar er positive og meiner framlegget fører dei norske reglane på line med internasjonal praksis. Enkelte har likevel merknader til ulike sider ved framlegget. Det vert m.a. etterlyst meir detaljerte reglar med omsyn til korleis erverv/sal skal skje.

       Departementet går inn for at reglane om eigne aksjar vert endra i tråd med utvalet sitt framlegg, jf. lovforslaga kap. 9. Departementet meiner det fører for langt å krevje at selskapet ved erverv av eigne aksjar må gje alle aksjeeigarar same tilbod slik Den norske Advokatforening har foreslått. Det same gjeld framlegget frå Oslo Børs om at aksjeeigarane skal ha ein tilsvarande prioritet ved sal av eigne aksjar som den dei har ved nyteikning. Departementet meiner generalforsamlinga i si fullmakt til styret må ta stilling til på kva måtar styret skal kunne erverve aksjar i selskapet og korleis eit evt. sal skal skje.

Merknader frå komiteen

       Komiteen stør framlegga.