10. Minoritetsvern

10.1 Generelt om minoritetsvern

       Reglane om minoritetsvern i aksjelova kan grupperast på ulike måtar. Lova inneheld ein alminneleg misbruksregel som forbyr generalforsamlinga og leiinga i selskapet å treffe vedtak eller gjere disposisjonar som er eigna til å gje visse aksjeeigarar eller andre ein urimeleg fordel på andre aksjeeigarar eller selskapet sin kostnad. Ei anna gruppe minoritetsvernreglar er dei som stiller krav om kvalifisert fleirtal for å treffe vedtak. Ei tredje gruppe er reglane som gjev den einskilde aksjeeigaren rettar som han eller ho kan utøve uavhengig av om aksjane gjev røysterett, t.d. retten til å møte på generalforsamling. Vidare finst det ei rekkje reglar om rettar som eit mindretal av aksjeeigarane har, t.d. rett til å krevje utsett generalforsamling, rett til gransking, og rett til å reise erstatningssak mot leiinga. Føresetnaden for at desse rettane kan utøvast, er at vedkomande eig minst 1/10 av aksjekapitalen. Når det gjeld erstatningskrav, går det fram av § 17-5 at slike krav òg kan setjast fram av minst 10 % av aksjeeigarane dersom selskapet har 100 eller fleire aksjeeigarar. Til slutt har ein reaksjonsreglane. Sentralt her er retten til å reise søksmål om eit vedtak er gyldig, rett til å krevje innløysing eller oppløysing, og rett til å reise erstatningssak på vegne av selskapet.

       Etter utvalet sitt syn reiser gjeldande reglar først og fremst spørsmål om det er trong for å gje ein aksjeeigar ein større rett til å kome seg ut av selskapet. Dersom ein minoritet ikkje får gjennomslag for sitt syn på korleis selskapet skal drivast, vil neste utveg vere å søkje å kome seg ut av selskapet, men dette er ikkje lett utan tap. Finst det ikkje nokon annan utveg, må dette i tilfelle skje ved at selskapet innløyser minoritetsposten, eller at andre aksjeeigarar overtek den. I særlege tilfelle vil selskapet sin handlemåte vere slik at ein deltakar bør gjevast rett til å krevje at selskapet innløyser aksjane.

       Departementet viser til at reglane må ta utgangspunkt i ei veging mellom omsynet til den einskilde aksjeeigaren og omsynet til ei effektiv leiing av selskapet. Departementet har med visse modifikasjonar følgt opp utvalet sitt framlegg.

Merknader frå komiteen

       Minoritetsvern blir på den eine sida ei avveging mellom aksjeeigarane sine interesser i selskapet og på den andre sida omsynet til ei effektiv leiing og drift av selskapa. Komiteen stør at aksjelova må innehalde reglar som tek omsyn til desse interessene.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti mener det er av stor viktighet at minoritetseiere har et sterkt rettsvern. Dette kan bl.a. gjøres ved at styre og dominerende eiere gjøres ansvarlig for den informasjon som gis.

       Disse medlemmer vil peke på at det i en del situasjoner vil kunne være aktuelt at ansatte selv overtar drift ved en avvikling av et selskap. I USA har man nå fått en ordning med stor suksess, som gir de ansatte selv mulighet til å overta en virksomhet med en viss skattebegunstigelse hvis eier ønsker å selge. Det er ønskelig å få utredet nærmere mulighet for slik ordning også i norsk lovgivning.

       På den bakgrunn fremmes følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen om å utrede mulighet for ansattes overtagelse av selskap med en viss skattebegunstigelse, der eier ønsker å selge eller selskapet skal avvikles. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Fremskrittspartiet mener av praktiske hensyn og for å unngå unødvendige søksmål bør kravet til den som kan reise søksmål mot styret o.l. være at man representerer 10 % av aksjekapitalen i alle tilfelle. Disse medlemmer vil derfor stemme imot ordningen som foreslås i § 17-4 første ledd andre punktum i begge lovene om at også 10 % av det samlede antall aksjeeiere i selskaper med 100 eller flere aksjeeiere kan gjøre gjeldende krav på erstatning mot de som er omhandlet i lovens § 17-1.

10.2 Ein aksjeeigar sin rett til å krevje innløysing

       Gjeldande lov gjev ikkje aksjeeigarane nokon generell rett til å krevje sine aksjar innløyst av selskapet, men slike reglar kan fastsetjast i vedtektene. Det er uklårt i kva grad ein aksjeeigar har ein ulovfesta innløysingsrett andsynes selskapet dersom selskapet forsømer pliktene sine andsynes aksjeeigaren.

       Aksjelovutvalget meiner at det for aksjeselskapa er trong for å lovfeste ein unntaksregel som gjev ein aksjeeigar rett til å krevje innløysing i situasjonar der majoriteten misbruker si stilling, eller det har kome til ei alvorleg usemje mellom eigarane. I slike tilfelle kan det vere vanskeleg å finne kjøparar. Ein gjer ikkje framlegg om tilsvarande reglar for allmennaksjeselskap av di det her vil vere enklare å selje aksjane.

       Berre få høyringsinstansar har uttalt seg om dette. Desse stør i hovudsak framlegget. Innløysingssummen må anten dekkjast av den frie eigenkapitalen, eller kapitalen må nedsetjast etter reglane i kap. 12. Krav om innløysing kan ikkje følgjast opp dersom dette vil medføre vesentleg skade for verksemda, eller elles verke urimeleg andsynes selskapet. Utvalet meiner styret skal ha rett til å vedta om eit krav om innløysing skal følgjast opp. Departementet meiner derimot at dersom ein eller fleire aksjeeigarar set seg imot innløysingskravet, bør den som krev aksjane innløyst gå til domstolane for å få kravet innfridd. Regelen er utforma som ein heimel for domstolane til i særlege tilfelle å gje aksjeeigaren rett til å få aksjane innløyst, jf. utkast til lov om aksjeselskap § 4-24.

Merknader frå komiteen

       Komiteen er samd i at hovudregelen bør vere at dei som ynskjer å gå ut av eit selskap må gjere dette ved å selje aksjane, men komiteen ser at for ein aksjonær i eit aksjeselskap vil sal av aksjar ikkje alltid vere eit reelt alternativ. Komiteen er derfor samd i forslaget om at det i lova for aksjeselskap er ein regel som opnar for innløysing på visse vilkår.

10.3 Tvungen utløysing av ein aksjeeigar

       Gjeldande lov gjev ikkje selskapet nokon generell rett til å utløyse ein aksjeeigar. Det kan likevel fastsetjast ein slik rett i vedtektene. Selskapet kan òg møte eit krav om oppløysing av selskapet med påstand om at saksøkjaren sine aksjar i staden skal innløysast. Utvalet gjer framlegg om at i særlege tilfelle, t.d. der aksjeeigaren sin handlemåte vesentleg kan skade selskapet si verksemd, bør selskapet kunna utløyse vedkomande. Vedtaket skal kunne treffast av generalforsamlinga og skal berre gjelde aksjeselskapa.

       Berre nokre få høyringsinstansar har uttalt seg om regelen. Økokrim gjev uttrykk for ein viss skepsis.

       Departementet er samd i at det kan vere trong for ein tryggingsventil som gjev selskapet rett til å utløyse aksjeeigaren når han ved forsøming vesentleg har krenkt selskapet sine interesser, eller der det har oppstått alvorlege motsetnadstilhøve mellom aksjeeigarane. Departementet meiner derimot at søksmålsbøra bør leggjast på selskapet, og ikkje på aksjeeigaren. Regelen er difor utforma som ein heimel for domstolane til å avseie dom om utløysing, og ikkje som ein regel der dette skal avgjerast av selskapet, jf. lov om aksjeselskap § 4-25.

Merknader frå komiteen

       Komiteen stør forslaget.

10.4 Innløysing av små aksjepostar i allmennaksjeselskap

       I allmennaksjeselskap som har mange aksjeeigarar med svært små aksjepostar kan det oppstå praktiske problem for selskapet. Gjeldande lov har ikkje nokon regel som gjev selskapet rett til å innløyse småaksjonærane. Utvalet gjer framlegg om at departementet på visse vilkår kan tillate ei tvungen overtaking av små aksjepostar. Regelen er avgrensa til aksjepostar til ein samla verdi på 500 kroner eller mindre. Aksjeeigarar som vert omfatta av eit tilbod frå selskapet om å overta heilt små aksjepostar, skal ha rett til å auke si aksjeeige utover minstebeløpet.

       Dei høyringsinstansane som har uttalt seg er samde i at selskapet får ein slik rett.

       Departementet viser til at framlegget reiser spørsmål i høve til ynskje om ein brei eigarstruktur i næringslivet og at lovgjevaren ikkje bør gje signal om at småspararane si deltaking ikkje er ynskt. Ein ser likevel behovet for ein heimel som foreslått, og departementet har følgt opp utvalet sitt framlegg. Løyve til innløysing er berre aktuelt der kostnadene til selskapa har eit visst omfang fordi aksjane er spreidde på mange og svært små einingar, jf. lov om allmennaksjeselskap § 4-24.

Merknader frå komiteen

       Komiteen ser klare minussider ved å opne for at eit allmennaksjeselskap som har mange aksjeeigarar med svært små aksjepostar får høve til tvungen innløysing av desse. Sjølv om denne regelen berre skal gjelde allmennaksjeselskap, kan ein slik regel oppfattast som signal om at ein ikkje er interessert i deltaking av småspararar og dermed heller ikkje ynskjer breiast mogeleg eigarstruktur i næringslivet. Komiteen vil likevel støtte forslaget m.a. for å hindre at mange småaksjonærar i eit allmennaksjeselskap kan føre til praktiske problem for selskapet. Komiteen føreset at departementet, som skal gje løyve til tvungen overtaking dersom selskapet ikkje har fått gjennomslag for ei frivillig ordning, handhevar denne ordninga innanfor snevre rammer. Komiteen vil òg streke under at dei aksjonærane som blir omfatta av denne regelen får høve til å kjøpe seg opp over grensa, i staden for å måtte akseptere at selskapet overtek aksjane.