9. Oppretting av lovtekst

Samandrag

Oppretting av skattelova § 15

       Skattelova § 15 fikk ved lovendring 29. november 1996 eit nytt tredje ledd som regulerte skatteplikta mellom fastlandet og Svalbard frå 1998. Ved lov av 13. desember 1996 blei denne lovendringa oppheva utan at det var tilsikta, ved eit nytt tredje ledd i § 15 i samband med dei nye reglane frå 1998 om skatt på honorar til utanlandske artistar. Departementet gjer framlegg om at dette blir retta opp ved at det blir innført eit nytt fjerde ledd i skattelova § 15 som regulerer skatteplikta mellom fastlandet og Svalbard på same måte som ved lovendringa av 29. november 1996.

       Departementet syner til vedlagde framlegg om endring i skattelova § 15. Ein gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1998.

Oppretting i skattelova § 22

       Ved lov av 28. juni 1996 nr. 51 blei skattelova § 22 andre, tredje, fjerde, sjette og sjuande ledd oppheva i samband med dei nye kreditreglane for utanlandsk skatt. Samstundes blei dagjeldande femte ledd nytt andre ledd. I samband med nye reglar om skatt til Svalbard blei skattelova § 22 endra på nytt ved lov av 29. november 1996 nr. 70. Ved denne lovendringa blei det ikkje tatt omsyn til den endringa som hadde skjedd ved lov av 28. juni 1996 nr. 51, og dette førte til at femte ledd blei oppheva i staden for andre ledd. Departementet ber om at denne feilen blir retta opp, og syner til framlegg om endring i skattelova § 22. Ein gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1998.

Endring i lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard

       Etter lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard § 5-1 første ledd skal skattebetalingslova bli nytta ved betaling og innkrevjing av skatt fastsett ved likning. Etter § 5-1 første ledd skal kap. II, §§ 3 og 39 til 45 i skattebetalingslova likevel ikkje nyttast. Ein har dermed gjort unntak også for skattebetalingslova § 40 a som seier at reglane i tvangsfullbyrdingslova om utleggsforretning gjeld ved skatteoppkrevjaren si tvangsfullbyrding etter kap. VI i skattebetalingslova. Dette var ikkje tilsikta. Departementet gjer framlegg om at § 5-1 første ledd blir endra slik at skattebetalingslova § 40 a skal gjelde også ved betaling og innkrevjing av skatt fastsett ved likning på Svalbard.

       Departementet syner til vedlagde framlegg om endring i lov av 29. november 1996 nr. 68 § 5-1 første ledd. Etter framlegget skal endringa gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1998.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til oppretting av skatteloven § 15 og § 22.

       Komiteen viser til at finansministeren i brev av 22. mai 1997 til Stortingets finanskomité skriver:

       « Finansdepartementet fremmet 13. mai 1997 Ot.prp.nr.64 (1996-1997) Endringer i skattelovgjevinga. I proposisjonen avsnitt 9.3 side 47 legger departementet opp til at lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard § 5-1 første ledd endres med virkning fra og med inntektsåret 1998, slik at skattebetalingsloven § 40 a også skal gjelde ved betaling og innkreving av skatt fastsatt ved ligning på Svalbard. Hele den nye Svalbardskatteloven gjelder fra 1998.
       Ved en inkurie er imidlertid svalbardskatteloven § 5-1 ikke med verken i departementets tilråding til Kongen eller i Kongens stadfesting i proposisjonen. Selve forslaget til lovtekst er heller ikke tatt med i proposisjonens lovutkast til slutt. Det må derfor legges til grunn at det ikke foreligger noen kongelig proposisjon om svalbardskatteloven § 5-1 første ledd.
       Det kan da synes hensiktsmessig at komiteen vurderer å ta opp dette lovendringsspørsmålet av eget tiltak, foranlediget av departementets omtale i proposisjonen. Den lovtekniske utformingen kan i tilfelle være følgende:

Forslag til lov om endring i lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard

       « I lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard blir det gjort denne endringa:

I.
§ 5-1 første ledd skal lyde:
       Skattebetalingsloven får med unntak av kapittel II, § 3, § 39 til 40 og §§ 41 til 45 tilsvarende anvendelse for betaling og innkreving av skatt fastsatt etter § 3-1.

II.
       Endringa under I trer i kraft frå og med inntektsåret 1998. » »

       Komiteen fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

       « Vedtak til lov om endring i lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

       I lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard blir det gjort denne endringa:

I

§ 5-1 første ledd skal lyde:

       Skattebetalingsloven får med unntak av kapittel II, § 3, §§ 39 til 40 og §§ 41 til 45 tilsvarende anvendelse for betaling og innkreving av skatt fastsatt etter § 3-1.

II

       Endringa under I trer i kraft frå og med inntektsåret 1998. »