Vedlegg: Brev av 17. april 1998 fra Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til komiteen.

Ot.prp.nr.46 (1997-1998) om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova)

       Når det gjeld framtida for ordninga med lærarstyrte skolar i grunnskolen, finn eg grunn til å presisere:

       Den ordninga som i dag er etablert ved grunnskolelova § 17 nr. 4 der kommunen og skolen sjølv kan etablere ei ordning med lærarstyrt skole, blir foreslått oppheva i framlegget til ny opplæringslov. Dei skolane som i dag har etablert ei slik ordning i medhald av denne regelen vil, utan søknad, kunne halde fram med dette i inntil 5 år etter at den nye lova blir sett i verk.

       Dersom desse skolane eller andre skolar ønskjer å føre vidare ordninga med lærarstyrt skole utover denne perioden, vil dette kunne gjerast etter søknad frå kommunen. Eg viser her til at departementet i lovutkastet § 9-1 tredje leddet er gitt heimel til å gjere unntak frå rektorkravet. Denne regelen kan mellom anna brukast til å gi løyve til å etablere lærarstyrte skolar, noko som også er presisert i merknaden til § 9-1.

       Lovframlegget er altså ikkje slik å forstå at det ikkje vil vere høve til å halde fram med lærarstyrte skolar utover overgangsperioden. Dei kommunane og skolane som ønskjer å føre vidare eller etablere ei slik ordning, vil kunne få samtykke til dette etter søknad.